Hopp til innhold

Skuldingar om seksuell trakassering på danske «Hver gang vi møtes»

Programmet «Toppen af Poppen» blir skulda for å ha eit seksualisert miljø. Dansk TV 2 seier dei vil undersøke påstandane.

Deltakere i Toppen af Poppen i 2021-sesongen

GOD STEMNING: Det verka å vere god stemning under presselanseringa av programmet «Toppen af Poppen» i 2021. Men i kulissane var det bråk. Kantinka Bjerregaard og Mathilde Falch i fremre rekke.

Foto: Martin Sylvest / Ritzau Scanpix

Fleire danske musikarar deltek i den nye dokumentaren til Danmarks Radio om sexisme i mediebransjen.

Eitt av programma som får kritikk er «Toppen af poppen», der musikarar samlar seg rundt bordet på ein bondegard for å heidre kvarandre og snakke om ting dei har opplevd gjennom karrieren.

I dokumentaren fortel fleire av dei kvinnelege artistane om uønskte opplevingar under innspelinga av programmet. Spesielt frå ein av musikarane i bandet, skriv Ekstra Bladet.

Reagerte på kommentarar

Artisten Stine Bramsen deltok i 2015-sesongen av programmet. På ein av opptaksdagane hadde ho allereie skifta til kveldsantrekk fordi øvinga skulle skje seint på dagen.

Ho hadde på ein stram glitterkjole, som ho synest er veldig flott. Men så blei alt øydelagt av kommentaren til den ikkje namngjevne musikaren.

– Eg trur han seier noko slikt som: «Den der sat godt over rumpa di! Så får eg noko lekkert å sjå på medan vi øver», og det synest eg er nedverdigande og ubehageleg.

Mathilde Falch og Katinka Bjerregaard deltok i 2021-sesongen.

Mathilde Falch

Mathilde Falch under innspelinga i 2021

Foto: Per Arnesen / Dansk TV 2

Då Falch skulle framføre for første gong, kunne ho høyre ein i bandet snakke til henne på øyret.

– Han kom med utbrot, som: «Så lekker rumpe du har, og for nokre lekre lærbukser. Eg klarer ikkje å slutte å seie kor lekker eg synest du ser ut».

I ein pause passerte Bjerregaard musikaren på veg inn i lokalet der dei skal opptre.

– Då stikk han lakkskoen sin inn under kjolen min, og så ser han på meg og seier: «No kan eg sjå opp».

Katinka Bjerregaard

Katinka Bjerregaard i «Toppen af poppen» i 2021-sesongen.

Foto: Per Arnesen / Dansk TV 2

Klaga på hendingane

Fleire av artistane som er med i 2021-sesongen varsla produksjonen om hendingane undervegs i innspelinga.

Produksjonsselskapet sa dei ville ta tak i det etter innspelingsperioden var over, men artistane meiner klagane ikkje blei tekne på alvor, ifølgje dokumentaren.

Først i 2023 sette produksjonsselskapet Mastiff i gang ei undersøking av 2021.

– Undersøkinga viste at omgangstonen på produksjonen til tider var grenseoverskridande og ein del av ein lite tenleg kultur. Det har vi retta opp i, seier produksjonsselskapet til Danmarks Radio.

Les også Dansk TV-profil tok oppgjør med trakassering under prisutdeling

Også den mannlege artisten som kom med kommentarane beklagar overfor den danske kringkastaren, og seier han kan forstå at språkbruken hans kan verke støytande.

– Eg vil gjerne beklage utan atterhald til dei artistane som har opplevd at eg verbalt har skapt ei grenseoversprengande stemning. Så er det element i forteljingane eg ikkje kjenner meg igjen i.

TV 2 vil undersøke

Det er dansk TV 2 som sender «Toppen af poppen». Dei seier dei tek kritikken som kjem fram i dokumentaren på alvor, og vil undersøke saka, skriv avisa B.T.

– Vi kjem til å gå gjennom det som har kome fram, og gå gjennom heile forløpet slik at vi kan sikre oss at alt kjem fram, seier programdirektør Dorthe Thirstrup.

Les også Savile-skandalen har kostet BBC 50 millioner

Jimmy Savile

Kanalen meiner også at handteringa til produksjonsselskapet, slik ho kjem fram i dokumentaren, verkar å vere mangelfull.

– Det er gjort feil i handteringa frå produksjonsselskapet, og eg er oppriktig sint på måten klagane frå 2021 blei følgd opp, seier Thirstrup, som seier ho har hatt ein lang dialog med Mastiff om dette.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.