Hopp til innhold

Weinstein meiner han fortener honnør for å ha løfta fram kvinner

– Eg fortener honnør for å løfta fram kvinnelege regissørar og skodespelarar. I staden er eg gløymt, seier Harvey Weinstein i eit intervju.

Harvey Weinstein i retten 11. desember.

Harvey Weinstein på veg ut av eit rettsmøte på Manhattan i New York 11. desember.

Foto: Lucas Jackson / Reuters

Weinstein (67) var ein av dei store filmprodusentane i Hollywood. Han hadde hendene sine på det meste av det som skjedde i den amerikanske filmmetropolen, og naut stor respekt.

Så stod kvinne etter kvinne fram og skulda han for overgrep og alvorleg sexpress.

Over 80 kvinner i filmbransjen har skulda han for anten overgrep eller trakassering. Fallet hans har vore enormt. Frå å vere ein mann alle i bransjen ville halde seg inne med, er det i dag ingen i filmmiljøet som vil ha noko med han å gjere.

Rose McGowan

Rose McGowan slår knallhardt tilbake mot Harvey Weinstein sine fråsegner om at han fortener ros.

Foto: Richard Shotwell / AP

– Eg kjenner meg som ei gløymd mann, seier Weinstein i intervjuet med The New York Post . Avisa snakka med den falne filmogulen på eit sjukehus i New York, der han nettopp har gjennomført eit inngrep i ryggen.

– Eg har ikkje gløymt deg

Han fekk raskt svar. Skodespelaren Rose McGowan, som var ei av dei første som skulda Weinstein for overgrep, gjekk ut på Twitter og forsikra om at ho ikkje hadde gløymt Harvey Weinstein.

– Eg har ikkje gløymt deg, Harvey. Kroppen min har ikkje gløymt deg. Eg skulle ynskje kroppen min kunne gløyme deg, skreiv ho.

Rose McGowan har fortalt at ho vart trakassert av Weinstein på eit hotell i 1997. Seinare sende han ein heilt lag av «fiksarar» for å få henne til å teie still om det som hadde skjedd. Då ho likevel fortalde om det, så prøvde han å stanse karrieren hennar, har ho fortalt.

Harvey Weinstein

Harvey Weinstein brukte rullator då han deltok i eit rettsmøte i New York 11. desember. Kritikarar meiner han gjer seg dårlegare enn han er for å vinne sympati.

Foto: Mark Lennihan / AP

– Dette handlar om å stanse ein aktiv valdtektsmann. Deg!, skreiv ho på Twitter, mynta på Weinstein.

Og det er mange som har reagert på intervjuet. Mange meiner filmprodusenten prøver å skaffe seg sympati, men at han ikkje kjem til å få det.

Kvinner konfronterte Harvey Weinstein under arrangement i New York

Nye avsløringer om Harvey Weinstein

– Eg gjorde det først

Weinstein sjølv er bitter fordi han meiner det gode arbeidet han har gjort, no er gløymt. I intervjuet ville han ikkje snakke om skuldingane mot han. 6. januar neste år møter han i retten i New York med ein valdtektstiltale mot seg.

Gwyneth Paltrow.

Gwyneth Paltrow er ei av mange kvinner i filmbransjen som har skulda Harvey Weinstein for upassande framferd.

Foto: Leon Bennett / AFP

– Eg har laga fleire filmar regisserte av kvinner og om kvinner enn nokon annan filmskapar. Det gjorde eg for 30 år sidan. No har det blitt mote, men det var eg som gjorde det først. Eg er ein pioner, seier Weinstein i intervjuet.

Han har tidlegare nekta for å ha gjort noko gale, men har likevel inngått forlik med over 30 kvinner. Han skal ha betalt ut nærmare 25 millionar dollar til desse kvinnene, ifølgje New York Post. Filmselskapet hans, The Weinstein Company, er no konkurs.

Gwyneth Paltrow

Ei av kvinnene som har skulda Weinstein for seksuell trakassering er Gwyneth Paltrow. Ho har fortalt at han inviterte henne til ho trudde var eit forretningsmøte, men at han i staden prøvde seg på henne seksuelt. Då var ho 22 år og fersk i bransjen.

Sjølv skryt Weinstein i intervjuet at han gjorde Paltrow til den best betalte skodespelaren i ein film, langt meir enn det dei mannlege stjernene fekk. Han fortel også om alle filmane han står bak med ein sosial profil, og at han har gitt store pengesummar til humanitære føremål.

AKTUELT NÅ