Ei av overgrepssakene mot Kevin Spacey kan bli forkasta

Ein mann som har skulda Kevin Spacey for overgrep valde å avbryte forklaringa si i retten. No kan heile straffesaka bli forkasta.

Kevin Spacey smiler i retten

TREKTE SEG: Ei straffesak mot skodespelaren Kevin Spacey kan bli stoppa etter at fornærma i saka brått nekta å forklare seg.

Foto: Steven Senne / AP

Fleire menn har dei siste åra skulda Kevin Spacey for seksuell trakassering og overgrep. Saka han no står tiltalt for, skal ha skjedd i 2016 på den amerikanske ferieøya Nantucket i Massachusetts då den fornærma var 18 år.

Men no kan heile saka bli forkasta, skriv The New York Times. Grunnen er at mannen som har skulda Spacey for overgrep, valde å avbryte forklaringa si då han fekk spørsmål om ein forsvunnen mobil og sletta tekstmeldingar.

Mannen har tidlegare hevda at han har videoopptak av overgrepet, men no er telefonen med opptaket forsvunnen. Det same er fleire tekstmeldingar mannen skal ha sendt til vennar kvelden overgrepet skal ha skjedd.

Retten gjorde mannen merksam på at han kunne bli tiltalt dersom det skulle vise seg at han hadde manipulert informasjon. Mannen valde då å bruke den grunnlovfesta retten til å ikkje svare på spørsmål som kan føre til at ein sjølv blir straffa.

Avhengig av forklaringa

Dommaren Thomas S. Barret sa at dei var avhengige av forklaringa, og at saka like godt kunne forkastast dersom fornærma ikkje ville forklare seg.

– Heile saka kviler på eitt individ, og utan han vil det vere vanskeleg å kunne føre ei sak.

Forsvararane til Spacey bad om at saka skulle forkastast, medan aktor bad om litt meir tid til å områ seg etter at saka tok den uventa vendinga.

Dommaren valde å utsetje saka, og sa at det ville bli ei ny høyring 31. juli.

Spacey, som ikkje var til stades i salen måndag, har heile tida nekta for å ha gjort det han står tiltalt for. Den no 21 år gamle mannen valde i førre veke å droppe det sivile søksmålet mot Spacey. skriv Deadline.

Fleire saker

I 2017 fortalde skodespelaren Anthony Rapp at Kevin Spacey prøvde å presse han til sex då han var 14 år gamal. Etter det har det kome mange skuldingar mot Spacey om seksuell trakassering og overgrep.

Fleire av sakene skal også ha skjedd i Storbritannia. I mai skal Spacey ha møtt Scotland Yard for å forklare seg i etterforskinga av seks saker der han skal vere innblanda, melder Variety.

Skuldingane har gjort Oscar-vinnaren så å seie arbeidslaus. Han var midt i innspelinga av den siste sesongen av Netflix-serien «House of Cards» då Rapp stod fram med si historie. Det førte til at innspelinga stoppa og Spacey blei skriven ut av serien.

FILES-ENTERTAINMENT-US-ASSAULT-SPACEY-PLUMMER

ERSTATTA: Christopher Plummer (t.h) måtte ta over då Kevin Spacey blei skriven ut av storfilmen «All the Money in the World».

Foto: STEPHEN LOVEKIN / AFP

Spacey blei også fjerna frå den ferdig innspelte filmen «All the Money in the World». Scenene med Spacey blei klipte bort, og spelt inn på nytt med Christopher Plummer. Regissøren Ridley Scott sa det ikkje var mogleg å behalde Spacey i rolla.

Kulturstrøm

  • Regjeringen vil styrke kulturskolen

    Tre av ti barn i grunnskolen går på kulturskole. En ny rapport viser at potensialet er mye større. Nå har Kunnskapsdepartementet bestilt en rapport for å kartlegge utfordringer og muligheter.

  • Emmy-blemme

    En levende dirigent ble til en død dirigent under nattens TV-sendte Emmy-utdeling. I avdelingen «vi minnes folk som har gått bort» ble Oslo Filharmoniens tidligere dirigent, i år avdøde André Previn, hedret til et bilde av den høyst levende dirigenten Leonard Slatkin. Produksjonsselskapet Fox har så langt ikke kommentert pinligheten.

    Leonard Slatkin
    Foto: Screenshot Fox