Judi Dench kritiserer fjerning av Kevin Spacey

Judi Dench meiner det var feil å fjerne Kevin Spacey frå filmen «All the Money in the World» etter skuldingar om seksuell trakassering.

Dame Judi Dench i San Sebastian

Judi Dench er i San Sebastián for å promotere filmen «Red Joan». Men ho brukte også tid på pressekonferansen på å forsvare Kevin Spacey etter dei mange skuldingane om seksuell trakassering.

Foto: ANDER GILLENEA / AFP

Etter at fleire menn hausten 2017 skulda Kevin Spacey for seksuell trakassering, mista den prislønte skodespelaren fleire jobbar. Blant anna blei han klipt ut av den ferdig innspelte filmen «All the Money in the World».

Alle scenene han var med i, blei spelt inn på nytt med Christopher Plummer, som fekk Oscar-, Bafta- og Golden Globe-nominasjonar for rolla. Regissør Ridley Scott sa det var umogleg å behalde Spacey i rolla.

Men Judi Dench meiner det var ei feil vurdering, skriv BBC.

– Uansett kva han har gjort, meiner eg det er feil å kutte han ut av filmar.

Tysdag møtte ho pressa under filmfestivalen i San Sebastián. Ho er usikker på kva følgjer dette valet kan få for filmindustrien vidare.

– Er det slik at vi no skal gå tilbake og redigere ut alle som har oppført seg dårleg, gjort lovbrot eller fornærma nokon i fortida?

Kallar Spacey ein god venn

Judi Dench og Kevin Spacey på Bafta-utdeling i 2002

Judi Dench og Kevin Spacey spelte i filmen «The Shipping News» frå 2001. Her er dei på Bafta-utdelinga i 2002.

Foto: STEPHEN HIRD / REUTERS

Ho omtalar Kevin Spacey som ein nær ven, og sa han var til uvurderleg trøyst då dei spelte i filmen «The Shipping News» i 2001. Filmen blei spelt inn kort tid etter at ho blei enke.

Ho håper Spacey kan få nye roller i framtida.

– Han var, og er, ein fantastisk skodespelar. Eg veit ikkje kva han gjer no, sa ho ifølgje Page Six.

Seksuelle overgrep og trakassering i amerikansk filmbransje blei sett på dagsorden hausten 2017 etter avsløringane til The New York Times om at den mektige filmprodusenten Harvey Weinstein hadde inngått fleire forlik med kvinner som skulda han for overgrep.

I kjølvatnet av dette fortalde skodespelaren Anthony Rapp at Kevin Spacey prøvde å presse han til sex i 1986. Rapp var på det tidspunktet 14 år gammal.

Mista jobbar

Kort tid etter dei første skuldingane, fekk Spacey sparken frå Netflix-serien «House of Cards», der han hadde hovudrolla.

Men når den sjette og siste sesongen av serien har premiere i november, har Robin Wright overteke hovudrolla i serien. Men i eit intervju som blei gjort i samband med den nye sesongen, sa ho at ho trur Spacey kjem tilbake som skodespelar.

– Eg trur alle menneske har evna til å endre seg. Har evner til å endre seg gjennom nye sjansar, eller kva vi skal kalle det. Eg trur på det. Det blir kalla vekst.

Se den nye traileren for House of cards.

Se den nye traileren for House of Cards.

Kevin Spacey hadde også ei mindre rolle i filmen «Billionaire Boys Club», som hadde premiere i august. Premieren blei utsett på grunn av skuldingane mot Spacey. Filmen blei vist på nokre fåtal kinoar i USA, og selde berre 13 billettar på premieredagen.

Kulturstrøm

  • Rykter om 007 i Nordmarka

    Agent 007 kan være på vei til en hytte i Nordmarka utenfor Oslo. Ifølge avisene Varingen og VG. De mener å ha indikasjoner på at noe rundt innspillingen av «Bond 25» er på gang i Hakadal. Men alle som er involvert i de observerte aktivitetene er tause. James Bond er tross alt hemmelig agent. (NTB)

    Daniel Craig
    Foto: Michael Sohn / Ap
  • USA: Alvorlig tiltale mot R. Kelly

    Politiet i USA har i dag tiltalt artisten R. Kelly for ti tilfeller av grove seksuelle overgrep, melder Chicago Sun Times og flere andre medier. Den siste tida har flere kvinner stått fram med historier om overgrep, blant annet i dokumentaren «Surviving R. Kelly».

  • Mat er populært på Snap

    Matkanalen hadde dobbelt så mange seere (1,7 mill.) på sine Snap Shows som på lineær tv i januar, skriver Kampanje. Matkanalens sjef, Øivind Lindøe, tror suksessen skyldes rett-på-sak oppskriftsvideoer uten masse filming av hender som lager maten.

    Snapchat
    Foto: DADO RUVIC / Reuters