Hopp til innhold

– Kunne ikkje behalde Kevin Spacey

Regissør Ridley Scott var aldri i tvil om at han måtte bytte ut Kevin Spacey i filmen «All the Money in the World» etter overgrepsskuldingane.

SE VIDEO: Dette er Kevin Spacey-scenene som er klippet bort.

I slutten av oktober stod skodespelaren Anthony Rapp fram og skulda Kevin Spacey for å ha prøvd å presse han til sex då han var 14 år gamal.

Skuldingane førte blant anna til at Netflix braut alt samarbeid dei har hatt med Spacey, og regissør Ridley Scott bestemte seg for å klippe han bort frå den komande storfilmen «All the Money in the World».

I eit intervju med det amerikanske vekebladet Entertainment Weekly, snakkar Scott for første gong om Spacey. Han seier han aldri var i tvil om at han måtte klippe han ut frå filmen.

– Då eg høyrde det, tenkte eg at vi kan ikkje tolerere slik åtferd. Vi kan ikkje la handlingane til ein person gå ut over alt det gode arbeidet andre har gjort.

Fekk dårleg tid

«All the Money in the World» er basert på den sanne historia om kidnappinga av barnebarnet til oljemagnaten J. Paul Getty i 1973. Spacey spelte Getty i filmen. Men avgjerda om å spele inn scenene hans på nytt, med ein ny skodespelar, gjorde at dei fekk dårleg tid.

FILES-ENTERTAINMENT-US-ASSAULT-SPACEY-PLUMMER

Christopher Plummer (t.h.) erstattar Kevin Spacey i filmen «All the Money in the World». Her er dei avbilda saman under ei prisutdeling i New York i 2013.

Foto: STEPHEN LOVEKIN / AFP

Filmen, som blir sett på som ein Oscar-kandidat, har verdspremiere 22. desember. og det ønska ikkje Scott å endre. Christopher Plummer overtok rolla som Getty. I tillegg måtte dei sikre seg at sentrale skodespelarar som Michelle Williams og Mark Wahlberg var ledige. Men i løpet av ei dryg veke blei alle scenene spelt inn på nytt i London og Roma.

Williams seier ho var i sjokk då ho fekk høyre om skuldingane mot Kevin Spacey. Difor kjende ho seg straks betre då ho fekk høyre om planane om å spele inn scenene på nytt, seier ho til Entertainment Weekly.

– Dette lettar kanskje ikkje dei lidingane Kevin Spacey kan ha påført enkelte, men det er vår måte å prøve å rette opp i nokre feil. Og det sender ei melding til alle overgriparar; du kjem ikkje unna med det lenger. No skjer det ting.

Blir premiereklar

Film-Ridley’s Gambit

Regissør Ridley Scott seier dei rekker premieren fint, trass i at fleire scener er spelt inn på nytt dei siste dagane. Den 80 år gamle regissøren seier han allereie er i gang med nye prosjekt som skal realiserast til neste år.

Foto: Joel Ryan / AP

Ridley Scott, som fyller 80 år i dag, forsikrar at filmen skal bli ferdig til verdspremieren om tre veker. Den siste scenen blei spelt inn onsdag, men Scott har fortløpande redigert inn dei nye scenene i filmen.

– Vi opererer ikkje med filmrullar lenger. Alt er digitalt. Eg sender filer til redigeraren, som klippar det inn i filmen. Alt vi gjer den eine dagen, er ferdig redigert inn i filmen neste dag.

No er det berre teknisk finpussing som står att før premieren 22. desember. Noregspremieren er 2. februar neste år.

Den nye traileren for filmen, med Christopher Plummer, blei publisert onsdag.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Kulturstrøm

  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK
  • Brad Paisley til Norge neste år

    Countryartisten Brad Paisley vil opptre 11. juni i Ålesund og 13. juni på Hamar neste år.

    Konsertene er en del av Paisleys verdensturné «Truck is Still Working», melder Live Nation.

    Paisley har gjestet Norge flere ganger tidligere.

    Brad Paisley spiller gitar
    Foto: Rob Grabowski / AP / NTB