Hopp til innhold

Her er dei seks nominerte til P2-lyttaranes romanpris 2021

Spennvidda er stor i årets nominerte romanar: Frå ein klaustrofobisk fisketur i norsk fjellvatn til ei overdådig forteljing om ein av grunnleggarane av USA.

De seks nominerte til P2-lytternes romanpris

NOMINERTE: (f.v. oppe) Hilde Susan Jægtnes, Erlend O. Nødtvedt og Mattis Øybø. F.v. nede: Brynjulf Jung Tjønn, Stein Torleif Bjella, Linn Ullmann

Kvart år arrangerer NRK sin eigen litteraturpris, P2- lyttaranes romanpris, og no er dei seks nominerte romanane klare frå fagjuryen si side.

Ein handplukka jury på fem vanlege lesarar skal så lese alle bøkene.

I februar møtes lyttarjuryen i studio på NRK for å diskutere for open mikrofon og kjempe for sine favorittar. Men berre ein roman kan vinne prisen, og finale-avstemminga kjem på NRK P2 fredag 18. februar 2022.

Dei nominerte romanane er vald ut av fagjuryen i NRKs litteraturredaksjon.

«Fiskehuset» av Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella gir ut romanen "Fiskehuset" høsten 2021

DEBUTANT: Stein Torleif Bjella (f. 1968) er spellemann og låtskrivar. I år debuterte han som romanforfattar.

Foto: Privat/Oktober Forlag

Bjella sin første roman er ei enkel, men eksistensiell forteljing om ein singel 47-åring som arvar fiskerettane til eit innlandsvatn av onkelen sin. I løpet av ei haustveke ilag skal onkelen læra bort alt han kan om garnfiske – og om kjærleiken og livet.

Vår bokmeldar Jonas Hansen Meyer kalla boka: « ... en vindskeiv fortelling om ensomhet og det smertefulle i å skulle nærme seg andre.»

Les heile meldinga: Kunsten å fiske ørret med garn

«Jeg grunnla De forente stater» av Hilde Susan Jægtnes

Bokomslag og forfatterbilde for «Jeg grunnla de forente stater» av Hilde Susan Jægtnes.
Foto: Tiden forlag/Paal Audestad

Hilde Susan Jægtnes tek føre seg ein historisk godbit, nemleg det dramatiske livet til den første finansministeren i USA. Alexander Hamilton vart fødd med dårlege kort på handa, men gjekk heilt til topps i samfunnet.

Marta Norheim skriv i meldinga si at boka «byr på rause porsjonar av intrigar og begjær, maktkampar og sjalusi, fyllekuler og feberfantasiar. [ ...] Det er mykje, men forfattaren har ein imponerande kontroll over stoffet sitt.»

Les heile meldinga: Hilde Susan Jægtnes med heftig roman frå avgjerande år i amerikansk historie.

«Mordet på Henrik Ibsen» av Erlend O. Nødtvedt

Erlend O. Nødtvedt gir ut romanen "Mordet på Henrik Ibsen" hausten 2021.

BERGENSAR: Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) debuterte med diktsamlinga «Harudes» i 2008, og blei kåra til ein av dei viktigaste forfatterane i forrige tiår av Morgenbladet og NRK.

Foto: Elias Dahlen/Aschehoug

Da den unge Henrik Ibsen kom til Bergen i 1851 var han ein forsagt og udugeleg dramatikar. Det står i stor kontrast til det geniet vi kjenner han som. Ifølgje denne romanen kan det berre vere eit svar på dette; Ibsen blei myrda og forbytt. Det er tesen Erlend O. Nødtvedt fabulerer vilt og uhemma rundt i denne romanen. Vi blir blant anna vitne til fiasko, dobbeltgjengarar og duellar.

Erlend Liisberg i Bergens Tidende skreiv om boka: «Mest av alt handler det om Nødtvedts lekne språklige overskudd og ualminnelige sans for humor, som her går opp i en høyere enhet.»

Høyr intervjuet med Nødtvedt i Åpen bok.

«Den siste overlevande er død» av Mattis Øybø

«Den siste overlevende er død» av Mattis Øybø. Bildet viser Mattias Øybø og bokomslaget til romanen.

REDAKTØRFORFATTAR: Mattis Øybø (f. 1971) debuterte i 2003 med romanen «Alle ting skinner». Han har vore redaktør på Tiden forlag i 20 år.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

Andre verdskrigen er bakteppet for romanen til Mattis Øybø, men ikkje på den måten at det er ei forteljing frå den tida. Det er livet til fem familiar i notida som er utgangspunktet, og korleis dei blir påverka av hendingar i fortida.

«Romanen er på sitt sterkaste når han skildrar kvardagsmenneske som sansar og lever og lyg som best dei kan, både i krig og fred», skriv Marta Norheim.

Les heile meldinga: Mattis Øybø leverer sjonglørkunst med krigen som innsats

«Kvar dag skal vi vere så modige» av Brynjulf Jung Tjønn

Bokomslag "Kvar dag skal vi vere så modige" og Brynjulf Jung Tjønn

ALLSIDIG: Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) vaks opp i Sogn og Fjordane, og har skrive bøker for både barn og vaksne sidan debuten i 2002. Han fekk Brageprisen i 2013. Jung Tjønn arbeidar og som redaktør på Samlaget.

Foto: Anna-Julia Granberg / Cappelen Damm/Blunderbuss

I denne boka møter vi Isak, som lever saman med mor si. Mora klarer ikkje å skjøtte omsorgsrolla si, og Isak er eit døme på dei mange barna som må ta ansvaret i heimen. Han er flink til å skjule det som går føre seg, men ein dag kjem ein ny nabo.

Marta Norheim skriv dette om boka:

«Lesaren kan kjenne på ei smerte som har ramma nokon andre. Dette er noko av det edlaste litteraturen kan gjere.»

Les heile meldinga: Sterkt forsvar for nabokjerringa

«Jente, 1983» av Linn Ullmann

Bokomslag og forfatterportrett av Linn Ullman for boken «Jente, 1983».

ERFAREN: Linn Ullmann (f. 1966) er ei av våre mest kjende forfattarar. Ho debuterte med romanen «Før du sovner» i 1998, og har teke imot fleire norske og internasjonale priser for sine bøker.

Foto: Forlaget Oktober/Kristin Svanæs-Soot

Linn Ullmann granskar i denne romanen sitt eiga minne, og fortida som fotomodell på 80-talet. Det sjølvbiografiske ligg tydeleg i botn. Historia vekslar mellom den vaksne kvinna som fortel frå notida, og den 16 år gamle jenta og hennar relasjon med ein mykje eldre stjernefotograf.

Marta Norheim skreiv i sin kritikk: «Lesaren er på full fart inn i moralsk ofse og øsing. Det hadde vore så enkelt å få oss dit, men Ullmann går ikkje for dei enkle løysingane.»

Les heile meldinga: Linn Ullmann balanserer elegant på knivseggen

Kriteria for å kunne bli nominert er at romanen må ha komme ut inneverande år, og at det har gått fem år sidan forfattaren sist var nominert. Prisen er eit grafisk trykk, intervju og feiring sendt på P2.

P2-lytternes romanpris til Olaug Nilssen

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.