Det finst livsløp som byr seg fram, ja, nesten tryglar om å bli råmateriale for diktarar. At livet til USAs første finansminister Alexander Hamilton (1755-1804) finst som kritikarrost Broadway-musikal er heilt på sin plass.
At han dukkar opp i ein norsk roman er hakket meir uventa, men Hilde Susan Jægtnes handterer både livet hans og det politiske dramaet han spelte med i med djerv dødsforakt. Det er rette måte å ta det på.
Utan Alexander Hamilton kunne USA sett heilt annleis ut. Og det var ikkje sunge ved hans vogge at han skulle hamne i den posisjonen:
Fødd utanfor ekteskap på ei av dei karibiske øyane som var kolonisert av Danmark-Norge, kanskje St. Croix. Far stakk, mor døydde då han var 14 år og lèt etter seg han og broren utan arv eller bustad.
Intelligens, pågangsmot og rein flaks førte han tett på general Washington under krigen mot England. Deretter blei det politikk på toppnivå, før han døydde i duell med visepresidenten etter å ha fornærma han i fylla.
Hamilton er den amerikanske draumen personleg, i alle fall inntil den uheldige sortien.
EIN SENTRAL FIGUR: Alexander Hamilton har sitt portrett på den amerikanske 10 dollar-setelen.
Foto: NTB Bilder/U.S. Department of Treasury / ReutersFascinerande og samansett person
Romanen opnar med at mora døyr i gulfeber og endar med hans eigen død. Jægtnes let Alex kome til orde, saman med slavar, politiske rivalar, ektefellen Elizabeth (ja, han gifta seg oppover), ei geit med jurspreng (!), døde og levande om kvarandre.
Ut av dette konglomeratet av ståk og stank, breking og stemmer veks det fram eit bilde av ein svært samansett person som ikkje er enkel å ha verken som ven eller fiende, for ikkje å seie ektefelle.
Det er fascinerande, og ein må kunne konkludere at arbeidet enka la ned for å pynte på ettermælet hans berre har vore delvis vellykka. Uheldig for enka og ettermælet kanskje, bra for romanen og for lesarane.
Men ingen kjem på pengesetlar for uryddig livsførsel, formidable klassereiser eller duellar ved daggry.
Hamilton kjempa heile sitt politiske liv for ein sterk føderasjon. USA skulle ha sentralbank og hær. Han ville ha skattar som gjekk direkte til sentralmakta. Til dømes.
Reine fakta og frodig fantasi
Jægtnes seier ikkje direkte at utan Hamilton, inga supermakt på andre sida av Atlanteren, men ho set av mykje plass til å la oss sitje ringside under dei politiske kampane. Ein middels orientert lesar får inntrykk av at denne mannens glødande retorikk var sentral for at dei ulike statane skulle stå saman og ikkje kvar for seg.
Om storpolitikken er spennande, er det minst like fengslande å følgje Alex & co. innom slaveøkonomien, synet på dei svarte, folkeleg opprør mot skattar og ulike tolkingar av det andre grunnlovstillegget, der det står om retten til å eige og bere våpen.
Visse konfliktar er framleis aktuelle.
«Jeg grunnla De forente stater» tek oss frå botnen til toppen i samfunnet på austkysten av Amerika i siste halvdel av 1700-talet og byr på rause porsjonar av intrigar og begjær, maktkampar og sjalusi, fyllekuler og feberfantasiar, ideologiske diskusjonar, røffe levekår og små sjansar for dei aller fleste, ramsalte replikkar, steikt flesk og venskap som overlever det meste. Det er mykje, men forfattaren har ein imponerande kontroll over stoffet sitt.
Dette er ein roman eg ikkje såg kome som det så kjekt heiter, men det er all grunn til å rydde plass for.