Hopp til innhold

– Eg måtte skrive om det eg kan noko om, og då vart det musikk og fiske

Spellemannen Stein Torleif Bjella (53) debuterer med roman, og lurer stadig på om det han driv med eigentleg har noko føre seg.

Stein Torleif Bjella

FARGERIKT: Haustfargane pregar Stein Torleif Bjellas første roman, om ein fisketur.

Foto: Xin Li / NRK

– Du veit at det har vore skyhøge forventningar til denne romanen din?

– Har det? Nei, det ante eg ikkje, seier Stein Torleif Bjella – prislønt musikar og no romandebutant – og får eit innslag av frykt i det gråblå blikket.

Han kjem rett ut av intervju i Kulturstripa, med den første romanen sin i den store neven, fersk frå trykken. Då korona ramma verda, hadde Bjella akkurat lansert plata «Øvre-Ål Toneakademi» og hadde planlagt turné. Når den gjekk i vasken, oppstod det nok hol i kalenderen til å setje seg ned og skrive noko lengre enn låtar og dikt.

Og når ein av dei mest hylla låtskrivarane i Noreg går laus på eit lengre format, er det klart lesarar og kritikarar har høge forhåpningar.

– Bryr du deg om kritikkane?

– Ja. Uff, det verkar litt barnsleg kanskje, men det betyr mykje.

Frykta hans skal vise seg å vere utan grunn. Romanen har fått gode mottakingar, blant anna frå NRKs litteraturkritikar Jonas Hansen Meyer, som skriv at Bjella her klarer å skape noko friskt og djupt menneskeleg med relativt enkle verkemiddel.

Oppsettet for romanen «Fiskehuset» er enkelt: Onkel Ivar (79) og nevøen hans Jon (47) skal på haustfiske i eit fjellvatn og bu saman i ei trong hytte i ei veke.

Onkelen kjenner helsa skrante og vil føre over vatnet, fiskehuset og robåten til Jon, og no hastar det med å lære bort alt han kan om å fiske – og om livet.

Følar seg som både Jon og Ivar

Jon, som er forteljaren i romanen, er låtskrivar og har dermed nokre openberre likskapstrekk med skaparen sin:

– Eg har lagt ein del av meg sjølv i Jon, ja. Eg måtte skrive om det eg kan noko om, og då vart det musikk og fiske.

Onkel Ivar verkar som ein betrevitande kar som synest nevøen er duglaus både i fisking, musikken og i kjærleikslivet. Som dyktig felespelar synest gamle Ivar at songtekstane til nevøen er noko unødvendig jåleri. «Skriv ein song om det du, Jon» slengjer han spydig frå seg i tide og utide. Så kvar kjem inspirasjonen til denne strenge og nedlatande typen frå?

– Nei, den stemma har eg jo sjølv inni hovudet. «Er det no noko å drive med, dette med låtskriving», kan eg lure på. Og nokre gonger seier eg akkurat sånn til meg sjølv: «Skriv ein song om det du», ler Bjella.

Stein Torleif Bjella med sin første roman

FØRSTE BOK: Boka hadde akkurat komen frå trykken, og spellemann-Bjella er no også forfattar-Bjella.

Foto: Xin Li / nrk

«Fiskehuset» kan kallast både generasjonsroman og danningsroman. Gjennom veka med haustfiske med onkel Ivar, må Jon finne sin eigen veg: Som fiskar, kunstnar og mann. Sjølv om Bjella hadde skrive songar frå han var 14 år gamal, var det først som 40-åring han slo gjennom, med soloalbumet «Heidersmenn» i 2009. Fire album, ei diktsamling og no ein roman seinare kjenner seg likevel ikkje heilt tilpass med tittelen kunstnar:

– Jon sine tankar og tvil om musikarambisjonen, det kjem frå meg. Eg går liksom inn og ut av dette at eg liksom skal vere kunstnar. Men eg har jo ein slags produksjon å vise til. Kunst er heilt livgivande for meg, ei trening i å sette ord på kjensler og utvida hovudet på.

Heimstadiktning

Sjølv om stadnamna i romanen er oppdikta, er det tydeleg at det går føre seg i heimtraktene til Bjella, som bur i Ål i Hallingdal. Dialogen er skriven på hallingmål. Medan Jon snakkar ganske likt Bjella, snakkar 79 år gamle onkel Ivar mykje tydelegare halling:

– Gamle hallingar snakkar sånn, seier Bjella. Skiljet går rundt 40 år. Så det var lett å høyre for seg den stemma. Men det var viktig å få det riktig.

Forlaget henta inn ekspertise for å få transkripsjonane riktig, så det skal helst gå bra når boka lanseras i heimbygda.

– Er boka ei hyllest til hallingmålet?

– Eg synest det var viktig å få skrive det ned, ja, svarer Bjella på meir nøkternt vis.

Vatnet, døden og kjærleiken

Havet, døden og kjærleiken er det evige treeinige temaet til litteraturen. Berre tenk på «Den gamle mannen og havet» av Ernest Hemingway. Men kjem ein frå innlandet, handlar kunsten naturleg nok heller om fjellvatn, døden og kjærleiken. Det oppdikta vatnet Storsenna fungerer i romanen både som matfat og metafor.

– Altså eit slikt fjellvatn er utruleg poetisk, seier Bjella og får noko nesten heilagt i blikket.

NRKs tidlegare nemnde kritikar påpeikar at skildringane av vind og vêr og dyreliv rundt fjellvatnet i denne romanen er nydelege. Så korleis har Bjella fått det til?

– Eg har berre sete og sett på fjellvatn. Du ser heile himmelen spegle seg i vatnet, og det skiftar heile tida.

Observasjonar frå eigne fisketurar har han skrive eller lese inn på den godt brukte iphonen sin, eller i ei kladdebok, slik hovudpersonen òg gjer i romanen.

Aurefiske som kultur

Stein Torleif Bjellas interesse for fjellvatn og fiske har òg bakgrunn i det praktiske. Han gjekk på landbruksskole med fiskefag, og lærte blant anna om korleis ein skal kultivere ein aurestamme i eit vatn. Det er ein vitskap som krev respekt og djup forståing av naturen. Ein kunnskap som er lagd i munnen på onkel Ivar, men som openbert sit godt hos forfattaren sjølv:

– Rundt hundreårsskiftet var det ekstrem fattigdom i Hallingdal. Folk måtte bruke det som fanst av ressursar, både jorda og vatnet. Og det krev kunnskap å kultivere ein fiskestamme i eit fjellvatn. Du må korkje setje ut for mange fisk eller hauste inn for mange. I dag er det berre gamle folk som driv med garnfiske i vatn. Landbruksskolen er lagt ned, og hallingen driver berre med Ski In/Ski Out no, seier Bjella, med tanke på hytteturismen som har teke over som hovudnæring i heimbygda.

Bjella driv med hest og småbruk ved sidan av musikken. Han dreg med seg døtrene på garnfiske, og vedkjenn at dei kanskje vil kjenne att nokre trekk frå onkel Ivar sin iver for fisket, i far sin:

– Boka er til jentene mine.

Kunst og kultivering

Det første rådet onkel Ivar innprentar i nevøen er: «Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk». Råda frå gamlingen har ofte ein dobbelt botn: Snakkar han eigentleg om fisk no, eller om livet? Særleg undervisninga om auren si forplantningsteknikk kan verke å fungere som hint for den kjærastlause nevøen:

– Eg trur onkel Ivar meiner det konkret. Men eg liker å skrive songtekstar med open tyding, og ein open roman. Folk kan tolke det som dei vil.

Stein Torleif Bjella

Når ein musika skriv roman, er det ikkje overraskande at den handlar ein del om kva god musikk er.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ved å skrive om to musikarar på fisketur, har Stein Torleif Bjella fått undersøkje samanhengane mellom det å kultivere fisk i eit vatn og det komponere eit kunstverk:

– Dette at kunst er kultivering, der er noko eg anar der. Eg har skriv om det fordi eg synest dei er like viktige, kunnskapen om det som er under vatn og kunstambisjonen. Det er akkurat som om dei grip inn i kvarandre, men eg klarar ikkje samanfatte det i éi setning.

Det er det du utforskar gjennom romanen?

– Eg tenkte at kunnskap om livet under vatnet gir kunnskap om livet over. At under vatnet er det same som undermedvitet. Noko slikt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.