Hopp til innhold
Anmeldelse

Mattis Øybø leverer sjonglørkunst med krigen som innsats

Romanen «Den siste overlevende er død» tek oss med dit liv blir smidd om til historier. Det er ingen uskuldig prosess.

«Den siste overlevende er død» av Mattis Øybø. Bildet viser Mattias Øybø og bokomslaget til romanen.

INTRIKAT OG SPENNANDE: Mattis Øybø jaktar på spor av enkeltmenneske i den store og den vesle historia, samstundes som han avslører dei lumske prosessane som gjer eit liv til historie.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober
Bok

«Den siste overlevende er død»

Mattis Øybø

Skjønnlitteratur

2021

Oktober

Ei jødisk kvinne ligg på dødsleiet, mens dottera, Milena, tek opp dei siste scenene til dokumentarfilmen «En mors historie». Milena pressar på for å få mor til å røpe kven som er far hennar: det ville bli eit scoop – og dessutan hjelpt henne i gang med oppfølgjarfilmen om far.

Mor bit tennene saman og døyr.

Dette er ei av mange historier i denne intrikate romanen. Her utforskar Øybø både kva som skjer i det vesle livet til enkeltmenneske og i den store historia om andre verdskrigen når brokkar og bitar skal gjerast om til forteljingar.

I ei av dei fem historiene romanen er sett saman av, tek altså mora til Milena kontrollen over den store løyndommen i livet sitt. I ei anna oppdagar eit ektepar ein kjeksboks under golvet når dei skal pusse opp. Der finn dei brev skrivne av den tyske soldaten Heinrich til ei ung, norsk kvinne.

Det viser seg at han hjelpte ein jøde å flykte til Sverige. Ekteparet blir glad i dette forelska paret og mislikar sterkt at ei venninne, som er historikar, avdekkjer at den gode Heinrich truleg var med å avrette tusenvis av jødar seinare i krigen. Det passar rett og slett ikkje inn i den historia dei har sett for seg.

Må vi teie om det vi ikkje kan snakke om?

Dette er ein roman med mange lag. I dei fem historiene ser vi inn i livet til fem notidsfamiliar som kjem i ubalanse når livet blir perforert av små partiklar frå fortida.

Det er faren som uforvarande blandar inn historier frå det første ekteskapet sitt når den nye familien på fire mimrar ved middagsbordet. Det er kvinna som oppdagar at eit innkapsla minne frå ungdommen dukkar opp i ein sjølvbiografisk roman.

Mange trådar er festa i krigen, altså i andre verdskrigen. Dermed dukkar det opp eit lag med brokkar frå liv som kan setjast saman til meir eller mindre overtydande historier. Det viser seg stadig at historieforteljarane vil noko med det de skriv, og denne viljen er med på å forme det dei ser og det dei ikkje ser.

Og her perforerer den nyaste historieskrivinga om krigen romanen «Den siste overlevende er død». Det er nemleg uråd å ikkje la tankane gå til journalist Marte Michelets bok «Hva visste hjemmefronten», som blei plukka i bitar i ein rapport frå tre historikarar, mens forfattar og filosof Espen Søbye heilt nyleg har kome med boka «Hva vet historikerne» som etter kritikken å døme leverer ein kritikk av metodar og kjeldebruk.

Kva vil Mattis Øybø?

Mattis Øybø er også inne i denne floken når han let ei ikkje namngitt kvinne halde eit føredrag der ho legg fram korleis historia om krigen har endra seg gjennom etterkrigstida og vil gjere nye vendingar etter kvart som tidsvitna fell frå.

Øybø viser korleis minne blir borte eller endrar seg, mens det som blir historie får ei fastare form – sjølv om kjeldegrunnlaget kan vere lovleg tynt og viljen til forfattaren, eller filmskaparen, kan vri det slik at det passar.

Dette er ikkje flunkande ny innsikt på jorda. Men det er like fullt ei bragd å greie å sjonglere alle desse elementa og få det til å bli ei levande og spennande historie. Heldigvis har denne historia mange lakunar – elles ville forfattaren ha møtt seg sjølv i døra.

Romanen er på sitt sterkaste når han skildrar kvardagsmenneske som sansar og lever og lyg som best dei kan, både i krig og fred.

Ja, og når han viser kor uendeleg samansett bildet kan vere før det blir smidd om til ei historie som går opp:

«En norsk flyktning deklamerer et dikt av en nazistisk forfatter til en jødisk kvinne fra Wien.»

Anbefalt lesing vidare: