Hopp til innhold

– No vart eg heilt rørt!

Dordi Strøm sin roman «Odel» har vunne Lyttaranes romanpris 2023.

Vinner av Lytternes romanpris 2023 - Dordi Strøm

VINNAREN: Dordi Strøm (f. 1971) er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho debuterte i 2021 med romanen «Flog». «Odel» er hennar andre bok.

Foto: Kristin Molvær / NRK

Etter lange diskusjonar og fleire avrøystingar er resultatet frå lyttarjuryen klart.

«Odel» av Dordi Strøm har vunne Lyttaranes romanpris 2023.

– Er det mogleg, har eg vunne? var reaksjonen til Strøm då hu fekk veta om resultatet.

Å vinne lyttarjuryen sin gunst var noko ho hadde drøymd om.

– Åh, eg berre skjelv. Herregud, dette hadde eg ikkje trudd.

Høyr augeblinken da Strøm får vite at romanen hennar vann hjarta til lyttarjuryen:

Juryen av vanlege lesarar har fordjupa seg i seks nominerte bøker, høyrt frå forfattarane og diskutert seg imellom kva roman som var den beste i 2023. «Odel» sparka i gang ein omfattande samtale.

– Ho skriv blodig og strengt realistisk om dyredrap og slakting, medan ho i neste augneblinken spinn draumar og eventyr i eit jentunge-sinn, skreiv litteraturmeldar Anne Cathrine Straume då boka vart omtala ved utgjevinga.

Omslaget til boka «Odel» av Dordi Strøm
Foto: Samlaget

Magisk, brutal, følsam, flytande

– På slutten av boka får eg jo lyst til å gå tilbake til start, smilte jurymedlem Maria Othelie Underdal under diskusjonane.

Også Torgrim Hermansen Halvari, som har både samisk, kvensk og finsk bakgrunn, fann mykje å granske i «Odel». Historia er ikkje klart geografisk plassert i Noreg. Det skapar eigne assosiasjonar for den som les.

Om det er noko som skjer i Finnmark eller om det er ved Finnskogen er ikkje lett å plassera, men heller ikkje viktig, meinte han.

Dei ulike delane i forteljinga gjer at opplevinga av romanen endrar seg basert på den som les.

Dette har også forfattaren hatt i tankane i arbeidet med boka. Dordi Strøm fortalde i forkant av diskusjonane at ho tenkjer på lesaren som éin person i eit teaterpublikum.

– Det er ein eksklusiv, intim situasjon. At éin lesar sit med framsyninga mi i fanget, og gjer ho til sitt. Det er eit enormt privilegium.

Kven er lyttarjuryen?

Kvart år inviterer NRK leseglade lyttarar frå heile landet til å delta i arbeidet med å vurdera seks finalistar.

I juryen i år sit Sindre Laksemo, Hilde Lundestad, Torgrim Hermansen Halvari, Maria Othelie Underdal og Marius Handegard Økland. Dei kjem frå ulike stader i landet, har heilt ulike jobbar og er spreidde i alder.

Dei fem møttest i starten av februar for å samanfatte opplevingane sine.

Lytterjuryen i Lytternes Romanpris.

LYTTARJURYEN: Bak frå venstre står Sindre Laksemo, Hilde Lundestad, Torgrim Hermansen Halvari. På benken sit Marius Handegard Økland og Maria Othelie Underdal.

Foto: Kristin Molvær / NRK

– Vi er jo ikkje litteraturanalytikarar på nokon måte, fortel Halvari.

Han peikar på at det er menneska som interesserer han. Økland er einig og fortel at det er bøker som «lever i meg» som gjer ein spesielt god roman til litt meir enn ei historie.

– Vi har lese seks bøker som alle er veldig bra. Så for meg var dette eit hovudkriterium undervegs i juryarbeidet: Kva bok kjem til meg dagen etter at eg har lese han?

Svaret på det spørsmålet blei «Odel» av Dordi Strøm – vinnaren av Lyttaranes romanpris 2023.

Les meldinga av Anne Cathrine Straume «Vilt og sanseleg frå bygda»

Forfatter Dordi Strøm

Lyttaranes romanpris 2022 Fikk sin første pris mens han ventet sitt første barn

Leander Djønne i en bil på storskjerm, flankert av Trude Marstein og Lars Elling på den ene siden og Ingerid Nordstrand og Cille Biermann

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.