Hopp til innhold
Anmeldelse

Sterkt skjebnedrama mellom mann og kval

Med ein død gåsenebbkval midt i glaninga får Eirik Ingebrigtsen formidla mykje med få ord i romanen «Sjøskade».

"Sjøskade" av Eirik Ingebrigtsen blir gitt ut våren 2021.
Foto: Forlaget Oktober/Finn Ståle Felberg
Bok

«Sjøskade»

Eirik Ingebrigtsen

Skjønnlitteratur

Januar 2021

Forlaget Oktober

Tygg litt på ordet «sjøskade». Er det sjøen som har skadd nokon, eller er det tvert i mot sjøen som har blitt skadd? I denne romanen er svaret enkelt: Begge deler.

Og den før nemnde gåsenebbkvalen blir knutepunktet som knyter hav og menneske saman i det vi må kunne kalle eit skjebnefellesskap.

Kan ein død kval berge ein skrantande mann?

Handlinga er enkel: I havgapet ein stad på Vestlandet lever tre generasjonar tett på kvarandre: Det er Paal som er fiskar og sauebonde, sonen Johs som er forskar på eit marinbiologisk institutt og tenåringsdottera hans, Jill, som går på vidaregåande og jobbar deltid på Coop’en.

Inn kjem så kvalen. Men før han strandar i fjøra, er det ein detalj som må på plass: Halvtanna år før dette var Johs i ferd med å drukne. Etter det har han vore sjukmeldt; hovudet er ikkje heilt som før og ikkje draumane hans heller. Faren og dottera passar på han, det likar han dårleg.

Så, når kvalen kjem, vil sjefen ha Johs tilbake på jobb, sjølv om det er nokre dagar att av sjukemeldinga. Johs er så til dei grader klar at han ikkje berre kjem på jobben, han tek også jobben med seg heim.

Det er vi mange som gjer, men i dette tilfellet snakkar vi altså om ein kval. Eller meir presist: innhaldet i magen på den stakkars kvalen, som nok døydde av stort inntak av plastavfall.

Moro med stank

Det verka som ein kjempeide: studere innhaldet i ro og mak, kome tilbake på jobb med ein ferdig rapport, og dermed vere i full gang frå første dag. Kvalen får eit nytt liv på land, som forskingsobjekt. Og Johs, som nesten drukna i havet, får nytt livsmot.

No har det sine sider å ha mageinnhaldet til ein kval liggjande i kjellaren nokre sommardagar, og romanen «Sjøskade» realiserer det komiske potensialet utan å misse alvoret av syne.

For det er jo eit par saker som brenn her: Vi har ein kval full av søppel og ein mann som fryktar at han har fått varig hjerneskade.

Noko nytt her for oss som veit det er plast i havet?

OK. Men plast i havet er ikkje akkurat breaking news, og det er høgsesong for mannlege hovudpersonar med hjernespinn i litteraturen. Når denne romanen gjer så sterkt inntrykk, har det med forma å gjere.

Ingebrigtsen har eit høgt presisjonsnivå: det er ikkje ein kval, det er ein gåsenebbkval, for å ta eitt døme. Slik kjem vi tett på. Same effekten har også skrivemåten, der vi i lange strekk om gongen faktisk er inne i den kvernande hjernen til Johs. I den kverna finst draumar, mareritt, høgst originale koplingar og heilt dagklar, rasjonell frykt for at livet aldri vil bli som før.

Gjennom det rytmiske, suggererande språket til Ingebrigtsen blir lesaren sugd inn i universet til Johs. I desse partia er vi langt forbi saksopplysningane om plast i havet og inne der som berre skjønnlitteraturen kan vere: på innsida av eit anna menneske, slik denne blir skriven fram av ein forfattar.

Stinkande og eksistensiell oppleving

I tidlegare romanar som «Heimfall – Ei juleforteljing» og «Kvit bok mørk vinter», har Ingebrigtsen med lågmælt intensitet skildra forholdet mellom menneske som er knytt saman i skjebnefellesskap dei på ingen måte ønskjer.

I «Sjøskade» er forholdet menneska i mellom teikna utan slike konfliktar, her er det mannen og kvalen som deler skjebne.

Forureininga av kloden blir både stinkande og eksistensiell når Ingebrigtsen let problema spele seg ut i ein kval og ein mann. Det er svært godt gjort.

Alle anmeldelser på NRK.no leser du her.

Anbefalt vidare lesing: