Hopp til innhold
Anmeldelse

Stilsikker debutroman om lektor i krise

Det er noko djupt fascinerande ved menn som ytre sett lever hendingsfattige liv, mens det skjer kolossalt mykje på innsida.

Bokomslag "Faste rammer" og Halvard Hølleland

PÅ LIV OG DØD: Halvard Hølleland skriv seg elegant inn i ein kresen tradisjon når han debuterer med ein roman om ein mann som jobbar hardt med å halde på kontrollen.

Foto: Julie Pike / Gyldendal forlag
Bok

Faste rammer

Halvard Hølleland

Roman

2020

Gyldendal

Debutanten Halvard Hølleland skriv seg inn i ein kresen tradisjon når han gjev ordet til ein lett asosial nerd. Jan Otto Smith er lektor på Oslo katedralskole og ein åndeleg fetter til Elias Rukla, Dag Solstads legendariske norsklektor på Fagerborg videregående skole.

Litt lenger ut i slekta har du slike som Ingvar Ambjørnsens Elling og fleire personar hjå Kjell Askildsen og Terje Holtet Larsen. Mellom andre.

Kunnskapsbauta og persilleblad

Det skal ikkje store vindkastet til for å vippe den lektoren med svært faste vanar av pinnen, og tidleg i romanen bles det frå fleire kantar: Først dukkar det opp ei kvinne.

Like etter kjem det – frå stikk motsett hald – eit brev frå Skoleadministrasjonen på Helsfyr med bod om at alle lektorar skal ha fast arbeidstid på skulen og ikkje lenger ta stilbunker og anna arbeid med seg heim.

Det er krise. Endringar er krise.

Resten av romanen handlar om korleis han skal tolke og handtere desse to uromomenta: den gåtefulle kvinna, og byråkratane som invaderer livet hans med angstframkallande ord som «resultatpotensial», «læringsutbytte» og ikkje minst «læreradferd».

Angsten for å misse kontrollen

Lesaren får orkesterplass inne i hovudet til Smith, der altså svært mykje skjer. Her spinn ein frenetisk, nesten invalidiserande refleksjon: Kva skal han gjere med alt som skjer og korleis skal han unngå å skjemme seg ut?

Det går an å lure på kvifor stadig fleire romanpersonar hamnar i slike spor.

Smith forklarer levemåten sin med at far hans døydde av ein snikande, arveleg sjukdom som gjorde at han miste kontrollen over seg sjølv. Utan å vite om han kjem til å bli sjuk, vel junior å køyre etter strenge rutinar for halde kontrollen lengst råd.

Sjukdommen pregar altså livet hans i alle år før den kanskje bryt ut. Om han hadde levd slik utan diagnosen til faren, kan vi berre gruble over.

Gripande er det uansett å lese om evna hans til å gle seg over dei faste rammene: god mat, ein «pilsner» i ny og ne, grundige studiar i store oppslagsverk, nøye planlagde turar gjennom byen. Skule på kvardagar. Museumsbesøk på søndagar. I motsetning til mange av dei litterære slektningane sine, er han ingen sjølvplagar, sjølv om han er plaga av stor uro i møte med nye situasjonar.

Tidstypisk og original

Det er noko komisk ved vaksne menn som tek små ting på største alvor. Som er nærtakande overfor spøk og overreagerer i møte med det som rokkar ved dei faste rammene.

Halvard Hølleland greier å halde lektor Smith på vippepunktet mellom det tragiske og det komiske, slik at vi både kan more oss og kjenne medynk. Han greier også å halde oppe interessa for handlinga: Korleis går det med kjærleiken, med skulekontoret, arvar han sjukdommen til faren?

Det som ikkje fungerer like bra er dei mange vandringane i Oslo. Trass i at eg kjenner hovudstaden ganske godt, og trass i at eg forstår at dette er viktig i livet til Smith, så blir dei for mange, for omstendelege.

Det er inga avgjerande innvending. «Faste rammer» er eit debutarbeid som skaper forventningar.

Anbefalt videre lesing:

Kulturstrøm

  • Ber USA utvise russiske journalister og ambassadør

    Avisen Wall Street Journal ber USA utvise den russiske ambassadøren og russiske journalister, som svar på pågripelsen av deres korrespondent i Russland, ifølge nyhetsbyrået AFP.

    – En utvisning av Russlands ambassadør til USA, samt alle russiske journalister som jobber her, er det minste vi forventer, skriver avisa i en lederartikkel.

    – Timingen av arrestasjonen ser ut til å være en nøye kalkulert provokasjon for å sette USA i forlegenhet og skremme utenlandsk presse som fortsatt er til stede i Russland, heter det videre.

    Det hvite hus har fordømt fengslingen av Gershkovich og advarer amerikanske statsborgere mot å reise til Russland. Amerikanere som alt befinner seg der, oppfordres til å forlate landet.

  • Vin- og spritflasker kan få advarsler

    Alkoholbruk kan gi økt risiko for en rekke sykdommer, og regjeringen vurderer å merke alkoholholdig drikke med en advarsel.

    Alkohol er det mest brukte rusmiddelet i befolkningen, og størstedelen av de helsemessige og sosiale rusproblemene i samfunnet er knyttet til alkohol, slås det fast i Folkehelsemeldingen.

    En mulig merkeordning er et av tiltakene regjeringen ser på for å redusere alkoholbruken.

    Norge har satt som mål å reduseres skadelig bruk av alkohol med 20 prosent innen 2030. Det vil være utfordrende siden Norge allerede har tatt ut en stor del av gevinsten gjennom en restriktiv alkoholpoliti. Ikke desto mindre vil myndighetene arbeidere videre for å nå målet, heter det i meldingen, som helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) la fram fredag.

    (NTB)