Hopp til innhold

Fem romanar om mødrer som slit

Svært ofte finn vi skildringar av foreldre og barn som er prega av alvorleg trøbbel.

Sliten småbarnsmor

Samtidslitteraturen er ikkje staden der du finn dei ukompliserte forholda menneske i mellom.

Foto: Brainsil / Getty Images/iStockphoto

Særleg gjeld det mødrer og barn. Og for å seie det som det er: aller mest mødrer og døtrer. Utan å falle ned i spekulasjonar om årsaker; her er fem bøker om mødrer som skaper seriøse problem for døtrene sine.

1. «Din, alltid»

  • av Gøhril Gabrielsen
Din, alltid

«Din, alltid»

For ein del mødrer er det vanskeleg å kombinere rolla som kjærast og rolla som mor. Mora til jenta i «Din, alltid» er hekta på faren og orkar ikkje å ta inn over seg at ho har eitt og etter kvart to barn. Når veslebroren døyr trekkjer mor offerloddet, stengjer seg inne på soverommet og blir der. Far stikk av. Men kva gjer dottera? (Les utdrag)

2. «Stasia»

  • Av Peter Franziskus Strassegger
Stasia

«Stasia»

Foto: Cappelen Damm

Her er far hekta på å bli rik ved å byggje hus, og mor er hekta på far. Dette fører heile familien rundt i Europa og dei to barna må greie seg sjølv. Ein dag fortel veslebroren Armin stolt at søstera Stasia (15) tener eigne pengar på herredoen på ein trailerstopp langs autobahn der dei har parkert bilen sin. Mor vaknar, men kva gjer ho? (Les utdrag)

Der sovna mor før ho fekk tatt fatt i den ganske akutte situasjonen.

3. «Månefjellet»

  • Av Majken van Bruggen
Månefjellet

«Månefjellet»

Foto: Kolon forlag

I romanen «Månefjellet» er også kjærleiken mellom vaksne eit problem, men her er problemet at far og mor ikkje elskar kvarandre: Mor elskar sjefen sin og far elskar ei anna dame. Når kranglinga dei i mellom blir for intens, trekkjer mor seg tilbake på soverommet. (Les utdrag)

4. «Alt inkludert»

  • Av Marit Eikemo
Alt inkludert av Marit Eikemo

«Alt inkludert»

Etter desse tre mødrene som er så oppslukt av kjærleikslivet at det ikkje er plass til barna, verkar den single mora Agnes i «Alt inkludert» svært normal. Bortsett frå at ho flyttar rundt med dottera (6) utan annan bagasje enn to koffertar. Og ein Nintendo DS som dei begge er temmeleg hekta på. (Les utdrag)

Godt spørsmål, Agnes!

5. «Korellhuset»

  • Av Ingeborg Arvola
Corellhuset

«Korellhuset»

Foto: Cappelen Damm

Siste mor ut er Korell. 18 år gammal får ho ei dotter som slett ikkje var planlagt, og plasserer henne hjå bestemora. Og om mødrene er temmeleg sjabre i samtidslitteraturen, er bestemødrene vanlegvis bra folk, denne er ikkje noko unntak. Men dottera vil heller vere saman med den eventyrlege mor si, som plutseleg er der og som like plutseleg er borte. (Les utdrag)

Konklusjon: Ein mager trøyst

Samtidslitteraturen er sanneleg streng med mødrene. Dei som vil lære å bli ein god foreldre har lite å hente, sjølv om det finst heiderlege unntak frå regelen. Men kanskje bøkene kan vere ein trøyst for mødrer som er litt usikre på kor godt dei greier seg: Det er alltid nokon som er verre.

Marta Norheim

Det er ein jungel der ute av bøker du ikkje har lese, og han blir berre større. Her trengst snarvegar!

Foto: Javier Auris / NRK
  • Høyr:

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.