Hopp til innhold
Anmeldelse

Absurd og lunt på Kilden

Korleis finn ein sin plass i ein fellesskap? Regissør Jonas Corell Petersen traskar med freidig mot i klisjélandskap i framsyninga «Samhold søkes».

Fra Samhold Søkes på Kilden i Kristiansand
Foto: Mads Nielsen
Teater

«Samhold søkes»

Kilden Teater i Kristiansand

27. august–24. september 2022

Lat oss spola tilbake i tid.

Februar 2020: Prøvane til «Samhold søkes» er i full sving på Kilden teater i Kristiansand. Mars 2020: Noreg stengde. Mai 2021: Nytt forsøk, gjekk ikkje, korona hadde skulda.

Men no, i august 2022, fekk endeleg «Samhold søkes» premiere. Ein meir talande tittel etter desse åra skal ein leita lenge etter.

«Samhold søkes» er basert på ein tekst skriven av dramatikar og regissør Jonas Corell Petersen. Saman med skodespelarane Ulla Marie Broch, Isabel Beth Toming, Ragnhild Meling Enoksen og Henrik Rafaelsen har han så knadd, kutta, strekt og lappa i teksten.

Dei fire skodespelarane har i stor grad vore med på å skapa framsyninga frå botnen av.

I tillegg er 20 songarar frå Sølvstrupene, seniorkoret ved Kilden, med. Det er avgjerande i framsyninga.

Absurd, men vakse

Dramatikar Petersen er kjend med tematikk som handlar om å søka ein fellesskap. Ved Nationaltheatret sette han opp tre eigne framsyningar som alle krinsa rundt same tematikken: «Vi tygger på tidens knokler» (2015), «Øy» (2016) og «Arbeidstittel: Savnet fellesskap» (2018).

Det var absurde, leikne framsyningar med gjørmebad, tropisk tullball og ein gitarspelande Jesus.

Noko av det absurde er framleis med, men det er som om det er dempa, som om heile framsyninga er meir vaksen enn stemninga var i det Petersen leverte ved Nationaltheatret.

Kan hende fordi einsemd og samhald, og det å finna sin plass er noko anna enn for to og eit halvt år sidan?

Et bilde fra forestillingen «Samhold søkes» på Kilden i Kristiansand.

SLURVAR MED SORTERINGA: Me har alle vårt. Skodespelar Ragnhild (Ragnhild Meling Enoksen) vert konfrontert med at ho ikkje sorterer søpla si skikkeleg. Til høgre for Enoksen sit Ulla Marie Broch.

Foto: Mads Nielsen

Fint når det losnar

«Samhold søkes» er ei lun framsyning. Ho fortel ikkje ei historie, men fragment av mange. Det er som ulike utklipp som er sett saman, og meininga ligg i korleis ein som tilskodar flettar i hop det ein ser og høyrer.

Det startar i noko som liknar ein gymsal. Ein tjukkas i taket, ribbeveggar til å klatra i, benkar – og eit piano.

Dei fire skodespelarane kjem ut og snakkar til publikum som om me er deltakarar på eit slags seminar – litt forvirrande, men det er nok òg meininga. Til alt ein måtte lura på, er svaret «Me tar det i appen».

Scena er overtydeleg og upersonleg og vitnar om ein slags frykt for å kome for nær, for samtalar og vanskar med å finna ord.

Men, typisk nok, i leiargruppa diskuterer dei dei verkeleg store spørsmåla, som kva jorda er laga av, kvifor havet vart skapt.

Det tar tid før framsyninga losnar. Men når Sølvstrupene er på plass i uniformene sine: Ein bakar, ein DHL-sjåfør, ein fiskar, ei vaskehjelp, ein butlar, og dei set i gang med ei form for trim for eldre då finn framsyninga sporet sitt.

Et bilde fra forestillingen «Samhold søkes» på Kilden i Kristiansand.

SPELAR EI VIKTIG ROLLE: Sølvstrupene, seniorkoret ved Kilden, er uunnværleg i framsyninga.

Foto: Mads Nielsen

Litt galnare

Kontrasten er openberr mellom dei fire søkande skodespelarane og samhaldet og roa hjå Sølvstrupene.

At korsong gir betre psykisk helse og livskvalitet, er forska på av fleire. At eit kor gir samhald mellom anna i at dei ulike stemmene kling saman og treng kvarandre for den klangen, er openbert. At korsongarar er blant dei mest utsette for å bli smitta av korona, er ironien i det heile.

Her på scena representerer Sølvstrupene ein trygg fellesskap, nesten lausriven frå verdas kjas og mas.

Her ligg sjølvsagt den store klisjéfaren: Vakre, eldre menneske fulle av ro og visdom om livet set dei yngre sitt strev og deira stadige uro i perspektiv. Ein vert lett rørt av slikt.

Innimellom er her nokre glitrande scenar, særleg frå Isabel Beth Toming.

Et bilde fra forestillingen «Samhold søkes» på Kilden i Kristiansand.

GNISTRAR: Isabel Beth Toming gjer ei god rolle i «Samhold søkes». I mimikk, energi og temperament er det ho som driv det heile fram i til tider svært velspelte og overraskande scenar.

Foto: Mads Nielsen

Henrik Rafaelsen viser nye sider på Kilden i det som for meg er høgdepunktet i framsyninga: Ein tekst om ein tysk bakar som bakar brød av blod.

Kan hende skulle dei ha kome seg hit raskare. Vore litt galnare, kutta nokre darlings.

Kompromisslause gamle

Eg landar på at eg likar måten Sølvstrupene deltek på. Dei har ingen replikkar, dei berre syng, og dei lar seg ikkje hersa med.

Dei følger trimmen for eldre, går dit dei får beskjed om, men dei går ikkje med på nokre andre premissar enn dei dei set sjølve.

Derfor er det vanskeleg ikkje å verta rørt når dei i sluttnummeret syng ein song med vers som «Jeg er en sopp» eller «Jeg er en stein» – milevis frå all sjølvrealiseringa dei unge har jaga etter.

Til sist, ei insistering som dei smilande syng medan dei går ut av scena: «Det er et vidunderlig liv».

Og ja, visst går klisjéalarmen. Men så lenge koret representerer ei motvekt, eit svar på einsemda, så gjer det ikkje noko.

Og eg tenker: Vil eg helst vera ein stein, eller vil eg jaga uroa? Etter «Samhold søkes» er eg jammen ikkje sikker.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.