Hopp til innhold
Anmeldelse

Underhaldning for nerdar

Inga Strümke har ikkje skrive den boka om kunstig intelligens eg ønska meg. Men ho har skrive den eg trong.

Omslaget til boka «Maskiner som tenker» med forfatter Inga Strümke
Foto: Mona Hauglid
Bok

«Maskiner som tenker»

Inga Strümke

Sakprosa

28. april 2023

Kagge

Det siste halv­året har eg gått med ei sterk kjensle av å leve i ei ende­tid.

Ikkje berre er framtida mi som skribent og forfattar trua i og med lanseringa av den allstad­nærverande ChatGPT.

Eg har også byrja grue meg for «singulariteten», punktet i historia der menneske mistar kontroll over utviklinga, og dei intelligente maskinane tek over og gjer mennesket overflødig.

Eit av fleire positive trekk ved «Maskiner som tenker» av partikke­lfysikar Inga Strümke er at boka roar den eksistensielle angsten.

Ei meir forståeleg verd

Boka er tredelt. Først gjev Strümke ein historisk gjennomgang av utviklinga av kunstig intelligens, deretter drøftar ho korleis teknologien påverkar oss i dag. Til sist tenker ho høgt om moglege framtids­scenario.

Dette er ikkje boka for dei vidløftige spekulasjonane. Strümke har eit utprega teknisk og, eg vil nesten seie, jord­nært fokus.

Det skal vise seg å vere nyttig.

Medan eg til dømes skrollar på eit sosialt medium, finn tallause prosessar stad som eg ikkje er i nærleiken av å forstå.

Denne kunnskaps­løysa er ei av fleire kjelder til framand­gjering for det moderne mennesket:

Vi forstår ikkje ein brøkdel av korleis teknologien som grip så dramatisk inn i liva våre fungerer.

Her har denne boka ein misjon.

Strümke skriv lett og ledig om den kompliserte teknologien bak den kunstige intelligensen og har ambisjonar på vegner av lesaren.

Ho forklarer fenomen som nevrale nettverk, perceptronar, tilbakepropagering, universell approksimasjon og så vidare og så vidare.

Fag­uttrykka er så mange at det kunne ha vore nyttig med ei forklarande ordliste på slutten av boka.

Men boka bidreg heilt klart til å gjere verda meir forståeleg.

Skjønt, forståeleg ...

Nokre gonger kan eg berre ane korleis det heile heng saman, til dømes dei såkalla diffusjons­modellane, teknologien som gjer det mogleg å på berre eit par sekund generere tru­verdige bilete i ei sjølv­valt stilart.

Sjølv om eg ikkje forstår det fullt ut, hjelper boka meg eit skritt i riktig retning.

Dessutan forstår eg kanskje det viktigaste:

At vi ikkje forstår.

Ei av utfordringane med det som blir kalla maskin­læring, er at mennesket ikkje heilt fattar kva maskinane driv på med.

Ein viktig del av forskinga i dag handlar om å finne ut korleis maskinane resonnerer.

Dei faktiske problema

For meg som aldri seier nei til ein saftig dommedags­profeti, hadde eg i utgangspunktet ønska meg meir dystopisk science fiction.

Kapitla om futuristisk spekulasjon er ikkje dei lengste. Strümke er meir opptatt av det som kan påvisast gjennom forsking. Ho peikar på reelle problem med dagens teknologi og drøftar moglege løysingar.

Men når Strümke skriv om farane ved kunstig intelligens, verkar ho aldri spesielt redd.

Jau då, kanskje vil den nye maskinlærings­teknologien føre til ei omvelting av arbeids­marknaden, men på lengre sikt vil det stabilisere seg.

Når ho skriv at noko er «frykteleg dårlege nyheiter», eller at noko representerer «et ekte og veldig alvorleg problem», er det framleis entusiasmen og fascinasjonen som dominerer.

Les også Stanser utviklingen av Chat GPT

ChatGPT

Ta fram popkornet, no kjem domme­dag!

Strümke drøftar farar ved person­vern og lobby­verksemd frå dei store teknologi­selskapa.

Ho fortel om korleis kunstig intelligens kan føre til diskriminering, og korleis algoritmar på internett djupast sett kan påverke sjølve autonomien til mennesket.

Alt dette kan ein lese om også andre stader, men Strümke formidlar godt og alltid med eit auge på det tekniske.

I konklusjonen skriv ho at kunstig intelligent teknologi utfordrar oss på kva det vil seie å vere eit menneske, kva som gir oss verdi og kva det inneber å kontrollere eigne handlingar.

Mange vil nok kalle dette for eit mogleg mareritt, tenkjer eg, men Strümke slår fast: «Og eventyret har bare så vidt begynt».

Kanskje gler forskaren seg til å analysere data­grunnlaget medan verda slik vi kjenner ho går til grunne?

Spøk til side: Strümke gir her ei innføring i både spennande utsikter og feller ved den nye teknologien.

Entusiasmen kombinert med det tekniske fokuset gjer «Maskiner som tenker» til ei både underhaldande og svært lærerik bok.

For meg har boka gitt eit meir realistisk blikk på kva vi faktisk står overfor.

Hei!

Eg er frilansar og melder bøker for NRK. Lurer du på kva slags bøker eg anbefaler deg å lese, kan du sjå mine meldingar av «God morgon, midnatt» av Jean Rhys, «Min kjæreste skatt» av Marieke Lucas Rijneveld eller Stein Torleif Bjellas «Fiskehuset».