Hopp til innhold
Anmeldelse

Lydsporet til ungdomens uro

I fiksjonspodkasten «Bilde av en brennende Tesla» vaker det ei uro over kva som kan skje når ungdomens frykt vert overkøyrd i staden for respektert.

Fiksjonspodkasten "Bilde av en brennende Tesla" er laget av Brageteatret.
Foto: SIMEN FORMO HAY / BRAGETEATRET
Podkast

«Bilde av en brennende Tesla»

Fiksjonspodkast for ungdom

Brageteatret

Hovudkarakterane i podkasten, Ivy, Faiza og Asha, er som dei tre utspekulerte storesystrene til Greta Thunberg. Og ting går bra – heilt til det kjem ut av kontroll.

Medan Austlandet er delvis stengt og eit mutasjonsvirus speler hovudrolla i kvardagen til folk, har Brageteatret i Drammen sleppt denne podkasten for ungdom. I løpet av fjoråret vart fleire av dei avlyste framsyningane ved teateret gjort om til høyrespel for barn og unge. No slepp dei eit eige verk laga for lytting.

Fiksjonspodkasten «Bilde av en brennende Tesla» vart lansert 18. januar, og ein liten episode vert publisert dagleg i seks veker, både på Instagram og der ein elles kan høyre podkast.

Fanny Vaager debuterer som dramatikar på eit institusjonsteater med denne teaterpodkasten. Lite visste vel ho i kor stor grad ho skreiv seg inn i si tid med dette manuset.

Kontroversielt oppdrag

Alle vil redde verda. Anten det, eller dei tenker det ikkje er nokon vits. Kloden er for herpa, føkka, uboteleg skadd. Er det vits i å gjere noko?

Med dette bakteppet frå verkelegheita går vi inn i liva til Ivy, Faiza og Asha, som utgjer hiphop-kollektivet YMGM. Som alle andre grupper drøymer dei om å gjera karriere. Politisk er dei på same tid både engasjerte og desillusjonerte. Så vert dei oppdaga av eit reklamebyrå som treng nett eit slikt band som deira for å promotere grøn energi av det meir mistenkelege slaget. Oljeselskapet NorOil treng fleire unge følgjarar på SoMe, har dei funne ut, i alle fall om dei skal lukkast med den nye og kontroversielle satsinga Tactical Future. YMGM får mykje pengar og fritt leide: Det dei må gjere, er å laga ein låt og dokumentera prosessen på Instagram.

Fishy? Truleg. Under tvil takkar dei ja. Samstundes finn dei ut at dei vil vende på oppgåva: Dei gjer det motsette av kva det verkar som. Lagar ein låt som eigentleg drit ut NorOil – men ingen kan ta dei på det.

Låten «En brennende Tesla» er i røynda laga av artisten Musti, som vart årets nykomar under P3 Gull i 2020.

Høyr låten «En brennende Tesla» av Musti:

Som strategi vel YMGM seg ein visuell profil som – sjølvsagt – inneber ein Tesla i brann.

Tett på og godt språk

Lyden ligg tett og godt på øyret i denne podkasten, tonen er ledig og lite konstruert. Ein kjem tett på i samtalane, det er som å sitja i same rom, i same bil som karakterane. Eit sentralt punkt er om språket, slangen, er på plass. Slik eg høyrer det, snakkar dei som unge i starten av 20-åra, ikkje som 16- eller 18-åringar. Det er nok lurt.

Slangen er det mest foranderlege i språket vårt. Når dei vaksne trur dei har skjønt kva dei ulike uttrykka tyder, har dei som regel allereie endra meining. Men når ein vel ei litt sementert utgåve av slang som det vaksne øyret har fått med seg, kan den sekstenårige lyttaren lett plassere karakterane i alder. Då slepp språket å verka for krampaktig, for tilgjort.

Dei vaksne i podkasten, derimot, er karikerte. Alt frå programleiarar i ulike radioprogram til politikarar og reklamefolk. Det er lett å avsløra. Debattane er overdrivne, programleiarar og reklamefolk ironisk vakse framstilt. Det verkar vera eit tydeleg grep – som om høyrespelet seier: Vakt deg for kva du skal bli! Men det kan like gjerne vera som representant for håpløysa og apatien ein kan sjå for seg framtida med.

Fra innspillingen av podkasten "Bilde av en brennende Tesla".

FRÅ INNSPELINGA: Tara Lina Shahin spelar karakteren Asha.

Fra inspillingen av podkasten "Bilde av en brennende Tesla". På bildet: Emma Effie Morrison Lund.

FRÅ INNSPELINGA: Emma Effie Morrison Lund har rolla som Faiza i «Bilde av en brennende Tesla».

Fra innspillingen av podkasten "Bilde av en brennende Tesla". På bildet: Markus Neby

FRÅ INNSPELINGA: NRK-profil Markus Neby er blant skodespelarane i Brageteatret sin nye podkast for ungdom.

Fra innspillingen av podkasten "Bilde av en brennende Tesla"

FRÅ INNSPELINGA: Tara Lina Shahin (Asha) og Fanny Vaager i studio. Vaager er dramatikaren bak «Bilde av en brennende Tesla», og har òg ei rolle i fiksjonspodkasten.

Eit ekko etter Capitol Hill

Kven er ansvarleg når ting kjem ut av kontroll? Og kva gjer ein når det er pengar å tena på misnøye og frustrasjon hos vanlege folk? «Bilde av en brennende Tesla» stiller fleire slike spørsmål. Ei uro vaker under episodane, og etter 30 lyttingar har det verkeleg tetta seg til.

Det minner om vantrua som vart vekt då Trump-supporterar blei bøller i hjartet av Washington D.C. nyleg. Kor låg eigentleg kimen til storminga av Capitol Hill? Kva skal til for at vanlege folk tenkjer det er heilt greitt å bryta lova? Korleis veit ein kva som triggar dei? Kva for ansvar har ein når ein sjølv er den som har trigga?

Fanny Vaager sin podkast er etter 30 episodar som eit slags ekko etter denne vanvitige dagen.

Treff unge, men òg vaksne

Podkasten er for ungdom over 16. Eg trur han treff på fleire plan.

Tematikken er kjent: I tillegg til å handla om vennskap og personleg drama, går Vaager inn i tematikk som unge i dag kan kjenna att. Både den nærast uuthaldelege utfordringa klimakrisa er, men like mykje diskusjonen om kva som er rett å gjera. Korleis ein kan leva godt og samstundes etisk rett, er ei kjent problemstilling for dei som er i ferd med å bli vaksne no. Og sjølvsagt: Det å vise fingeren til det etablerte er òg gjenkjenneleg.

Truleg vil ein vaksen lyttar kjenne seg gammal etter kort tid. Det er eit kvalitetsteikn.

Eg kan berre snakka for meg sjølv, men dette er ei glimt inn i ei verd ein bør vita om. For unge er uroa for framtida. Men om deira frykt vert overkøyrd i staden for respektert, ja, då brenn det fort i ein Tesla.

Så lån det eit øyre. Gå inn i di tid.

Anmeldelsen er basert på dei 30 første av totalt 40 episodar, som du finn på Instagram, Spotify og der du høyrer på podkast.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK her.

Anbefalt vidare lesing: