Hopp til innhold

«Friminutt»-Mikkels podkastfavorittar

Mikkel Niva lagar Noregs største podkast saman med Herman Flesvig. Her er hans eigne tre-på-topp-podkasttips.

Mikkel Niva

SKRAVLING OG TULL: Podkasten «Friminutt» av Mikkel Niva og Herman Flesvig har trona på Podtoppen i vekevis. Der skravlar dei om det som opptek dei i kvardagen, berre avbrote av tulletelefonar og anna gøy.

kultur1

Reply All

Logo til podkasten "Reply-all"

«Elskar den! Ein humoristisk og journalistisk god podkast om teknologi/Internett og alt det mystiske, gøyale og merkelege som oppstår når eit knippe nysgjerrige journalistar grev og nerdar seg inn i alt det forskjellige som finnast der ute.»

kultur2

S-Town

Logo til podkasten S-Town

«Ei ganske bakpå anbefaling for mange, men likevel mi aller første podkastoppleving. Eg hadde høyrt litt ymse her og der, men denne var den første store opplevinga mi av kor god ein podkast kan vere. Her kjem du tett på ein journalist og alle han møter på vegen. Det går frå å vere ei mogleg mystisk drapssak til noko mykje meir spanande enn som så.»

kultur3

Berrum og Beyer snakker om greier

Logo for podkasten "Berrum & Beyer snakker om greier"

«To kvite menn som snakkar om greier. Hundre prosent gøy. Hundre prosent «korleis enda dei opp med å snakke om dette?» Ein ganske random og veldig morosam podkast. Perfekt for dei dagane du berre treng å lytte, men vil sleppe å tenke.»

Vil du høyre fleire NRK-podkastar med preik og tull? Prøv desse:

Logo for NRK-podkasten "Lindmo og Co"

«Lindmo og Co» – Kvar fredag lagar Lindmo-redaksjonen ein time talkshow på TV, men kva skjer eigentleg resten av veka? Her er podkasten om det som utspelar seg i dei 167 timane mellom kvar sending. Med Anne Lindmo, Rune Norum og Halvor Haugen.

Logo for NRK-podkasten "Med all respekt" med Sandeep Singh, Abubakar Hussain, Anders Nilsen og Galvan Mehidi.

«Med all respekt» – Med All Respekt-gutane diskuterer verda og aktuelle hendingar – usensurert. Gjengen er samansett av ein indar, ein pakistanar, ein kurdar og ein engsteleg kvit cis-mann med dialekt. Dei har kjent kvarandre lenge nok til at dei ikkje treng å legge band på seg sjølve for å vere høflege.

Logo for NRK-podkasten "Are og Odin"

«Are og Odin» – Ein bygut og ein sauebonde bygger bru mellom rurale og urbane strok. Og godt er det, for verda er om mogleg enda galnare enn før. Innbyggarane på kloden treng nokon som minner oss på at vi må vere snille og greie med kvarandre. Are og Odin tek gledeleg på seg den jobben, samtidig som dei kjeklar og styrer og kaukar og syng undervegs.

Logo for NRK-podkasten "Karakter"

«Karakter» – Ein smart kanadiar, ein sleip norsk-somaliar og ein naiv skuleslitar auser av skuleerfaringa si for å gi råd til dagens elevar, anten dei går på ein faktisk skule eller livets eigen skule.

Populære NRK-podkastar:

Lørdagsrådet podkasten
Foto: NRK

«Lørdagsrådet» – Kvar veke blar tre (meir eller mindre) kvalifiserte rådgjevarar i livserfaringsarkivet sitt for å hjelpe deg. Lurer du på om du skal gjere det slutt, er naboen din ein tyrann eller er du håplaust forelska? Vi skal prøve å gi deg gode råd.

Logo for NRK-podkasten "Sånn er du"

«Sånn er du» – Harald Eia og Nils Brenna analyserer kjende personar med personlegdomstesten «Big 5».

Logo for NRK-podkasten "The Kåss Furuseths"

«The Kåss Furuseths» – Ingen bør vere åleine på søndagar! Derfor inviterer søstrene Else og Ramona på brunsj kvar veke. Der er det alltid ledige plassar rundt bordet, for dei vil utvide med kjende gjestar og lyttarar. Alle burde ha ein familie, no er The Kåss Furuseths din. Velkomen skal du vere!

Tore Sagens podkast

«Tore Sagens podkast» – Tore snakkar med folk som har noko interessant å fortelje, så slepp du å gjere det.

Anbefalt videre lesing:

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober