Hopp til innhold

Podkastar for ro og kos

Har du litt ekstra tid om dagen? Behov for å fylle øyrer og tankar med noko anna enn nyheiter? Mona B. Riise elskar podkast og gir deg sine beste tips.

Programleder Mona B. Riise anbefaler podkaster for ro og kos.

PODKAST-ENTUSIAST: Programleiar i podkasten «Kulturstripa» (som også går dagleg på NRK P2) Mona B. Riise har høyrt mange, mange podkastar og har valt ut nokon av dei ho er mest glad i.

Foto: JULIA NAGLESTAD / NRK

Anten du sit i heimekarantene, har heimekontor eller rett og slett berre vil høyre om noko anna enn dei siste oppdateringane frå nyheitene: Prøv denne guiden med podkastar som kan gi ro og kos i desse usikre tider.

kultur1

Logo for podkasten "Invisibilia"

«Det er noko trygt og godt å høyre mine faste og skikkeleg gode historieforteljarar akkurat no. Ein av episodane tek utgangspunkt i at journalisten er engsteleg for tida vi lever i og finn ein med spesielle krefter som kan sjå inn i framtida. Episoden gav meg ein merkeleg optimisme. Invisibilia tek tak i dei usynlege tinga som formar oss som menneske og får oss til å sjå livet på nye måtar.»

kultur2

Logo for podkasten "Astrid - et liv", om Astrid Lindgren

«Kven er best når ein kjenner seg litt åleine? Tidlegare upubliserte intervju med Astrid Lindgren og heile historia til ein av dei viktigaste forfattarane i livet mitt. Eg anbefaler også å høyre «Brødrene Løvehjerte» – eit utruleg vakkert høyrespel i podkasten «Drama för unga» («Bröderna Lejonhjärta»).

kultur3

Logo for podkasten "The splendid table"

«Det blir mykje matlaging heime no og denne podkasten er perfekt! Når eg treng å senke skuldrene, likar eg å høyre samtalar om mat. Folka i podkasten er, i tillegg til matkyndige, veldig gode journalistar og eg får inspirasjon til å lage alt frå Dal og Kimchi til å drikke Mezcal og ete ostesmørbrød. 700 episodar ligg klare.»

kultur4

Logo for podkasten "The Moth"

«Vi har fortalt kvarandre historier sidan tidenes morgon. Sånn forstår vi kvarandre betre og blir underhaldne på vegen. Historier frå dei som fortel sitt eige liv, fortalt på ei scene for publikum. Blir aldri lei.»

kultur5

Logo til podkasten "Soundtracking With Edith Bowman"

«Verdas største filmregissørar og komponistar snakkar med skotske Edith Bowman om korleis dei komponerer og brukar musikk i filmane sine. Tim Burton, Greta Gerwig, Noah Baumbach, Bruce Springsteen, Hildur Gudnadottir og Quentin Tarantino er berre nokre av dei vi får møte i dei ulike episodane.»

kultur6
Logoen til podkasten "Gamle greier" av Nasjonalbiblioteket.

«No er det herleg å reise og lære noko utan å ta eit einaste steg utanfor døra. Overraskande historier, dunkle hemmelegheiter og heftige liv frå noregshistoria. Alt funne i dei djupe kvelva til Nasjonalbiblioteket. Ein nordmann som hjelpte Darwin med evolusjonsteorien og kvinnesaks-pioner og skribent Fernanda Nissen i eit trekantdrama med Bjørnstjerne Bjørnson!?!»

kultur7
Logo for podkasten "Heavyweight"

«Gimlet media er av dei beste på podkast i verda. I denne podkasten hjelper Jonathan Goldstein menneske å løyse noko stort eller lite frå fortida som dei ønsker dei kunne forandre eller finne ut av korleis eigentleg var. Meisterleg og morosamt fortalt. Bonustips: Dersom du tenker på å lage podkast sjølv; høyr «Gimlet Academy». Veldig bra!»

kultur8
Logo for podkasten "Conan O'Brien needs a friend"

«Veldig gode og morosame samtalar med favorittar som Judd Apatow, Whitney Cummings, Jack Black, Tina Fey, Lin Manuel Miranda og Howard Stern. Podkasten startar med at Conan er morosam saman med dei to produsentane sine. Nokre gonger hoppar eg over akkurat det.»

Bonustips

Kollasj av logoene til podkastene "DOlly Parton's America", "Soul Music", "Song Exploder" og "Broken record"

Mona B. Riise anbefaler også desse musikkpodkastane:

  • «Dolly Parton's America» (utviklinga av det amerikanske samfunnet sett gjennom musikken og karrieren til Dolly Parton)
  • «Soul Music» (ein podkast om låtar med sterk kjenslemessig påverknadskraft, som t.d. «Sittin' on the dock of the bay», «True colors» eller «Wind of change»)
  • «Song Exploder» (kjende artistar eller band fortel historia bak dei mest kjende låtane sine)
  • «Broken Record» (ein podkast for dei som saknar liner notes/omslagstekstene frå LP- og CD-cover i ei verd (nesten) utan slike. Intervju og samtalar med artistar om musikken deira.)
Kollasj av logoene til podkastene "Love + radio", "Everything is alive", Alex og Sigges podcast" og "Fresh air".

I tillegg tipsar Riise om det ho kallar sine faste og veldig gode podkast-følgesvenner:

Sjekk ferske topplister og fleire anbefalingar på nrk.no/podkast.

Tips til podkastar om kultur frå NRK:

Logobilde for podkasten "Kulturstripa"

«Kulturstripa» – Vi har høyrt og sett det meste av nye seriar, podkastar, filmar og musikk – og hjelper deg å velge det som er verd tida di. Med programleiar Mona B. Riise.

Programleder Vegard Larsen i podkasten Drivkraft.
Foto: NRK

«Drivkraft» – Kva er det som gjer at nokon er så proppfulle av visjonar, giv og lidenskap? Vegard Larsen møter unike menneske med drivkraft over gjennomsnittet, og leitar etter svara.

Logo for NRK-podkasten "Filmpolitiet".

«Filmpolitiet» – Ein ærleg og nerdete podkast om film og TV-seriar. Redaksjonen diskuterer dei største filmane, seriane og nyheitene.

Logo for podkasten NRK Bok

«NRK Bok» – NRK Bok er NRKs bokredaksjon. Her kan du høyre det Kulturavdelinga lagar av litteraturstoff i ulike program.

Studio 2 STUDIO 2
Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

«Studio 2» – Kultur og aktualitet rett i lomma? Programleiarane Kristian Bendiksen, Turi Grønbech og Otto Haug gir deg det beste frå Studio 2.

Logo for NRK-podkasten Språkteigen.

«Språkteigen» – Språket er overalt og fornyar seg heile tida. Derfor finnast Språkteigen. Her kan du høyre om nye ord og gamle ord, ny forsking og rare språkfenomen.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober