Hopp til innhold
Opning av Nordøyvegen
Foto: Tore Ellingseter

Nordøyvegen

Oppsummert

Nordøyvegen skal gje fastlandssamband til Nordøyane i Haram og Sandøy på kysten av Møre og Romsdal.

  • Lågare inntekter på Nordøyvegen

    Trafikktala er høge, men lågare takstar og fleire elbilar gjer at inntektsgrafen peikar nedover for Nordøyvegen. Det skriv Nordre.

    Totalt har Vegamot, på årets første åtte månadar, kravd inn i overkant av 30,2 millionar kroner frå bilistane på Nordøyvegen. Litt over 28,2 millionar kroner kjem frå passeringar med autopassavtale.

    Vegamot vektlegg til avisa at det førebels er tendensar ein ser. Det finst ikkje tal å samanlikne med fordi historikken for bompasseringar ikkje er der.

    To bussar og to bilar køyrer over Lepsøybrua, som er ein del av Nordøyvegen
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Løyver 160 millionar ekstra til Nordøyvegen

    Regjeringa løyver 160 millionar kronar ekstra til Nordøyvegen for å kompensere for høgare rente. Dette sa kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik på ein pressekonferanse på Skjeltene ved Nordøyvegen i dag.

    Pengane kjem som ei ekstraløyving til fylkeskommunen og blir fordelt over to år. Gjelsvik seier dette vil betre økonomien i prosjektet.

    Leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim (Sp), meiner dette er ein jubeldag og seier løyvinga vil vere viktig for Nordøyvegen.

    Sørheim seier dette gjer det mogleg å nedbetale Nordøyvegen fortare slik at bompengeperioden blir kortare. Sørheim meiner det og vil vere klokt å senke maksnivået for bilistane slik at dette blir mykje lågare enn i dag.

    Det er vel eitt år sidan sambandet som knytar Nordøyane saman med fastlandet i Haram, blei opna.

    Bompengepassering på Nordøyvegen. På skiltet står det at ein personbil kostar 219 kroner, medan køyreyøy over over 3,5 kostar 657 kroner
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Foreslår ytterlegare bompengekutt

    Venstre har sendt inn eit såkalla Dokument 8-forslag på Stortinget der dei forslår å setje ned bompengesatsane for Nordøyvegen ytterlegare ned. Prisen for å bruke fastlandssambandet i Ålesund kommune blei redusert av fylkestinget for nokre veker sidan. Men Venstre meiner dette ikkje er nok og vil ha Stortinget med på ein ytterlegare reduksjon.

  • Rimelegare på Nordøyvegen

    Frå midnatt blir det redusert bompengetakst på Nordøyvegen. Då blir prisen 172 kroner for bilar i takstgruppe 1 og 516 kroner for køyretøy i takstgruppe 2. Dette er i tråd med vedtak fylkestinget gjorde i april.

    To bussar og to bilar køyrer over Lepsøybrua, som er ein del av Nordøyvegen
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Sett ned bompengane

    Fylkestinget vedtok i dag å sette ned bompengesatsane på Nordøyvegen. Satsen går frå 219 kroner til 172 kroner utan rabatt. Fylkeskommunen går inn og betalar ned på delar av bompengelånet. Det betyr at dei med fossilbil går frå å betale 7000 i månaden til 5500 kroner.

På Nordøyvegen har folk tatt seg ulovlig inn på anleggsområdet og gått ned i uferdige tunneler. Dette kan i verste fall påvirke åpningsdatoen til fastlandsforbindelsen.
Etter ein svært turbulent haust for nordøvegprosjektet, er arbeidet no i full gang igjen. I neste veke startar tunnelarbeidet for alvor, men alt no er det merkbart at noko stort er på gang på øyane.
Det var ein historisk dag då fylkestinget i Molde i dag endeleg vedtok at Nordøyvegen skal byggast. Med 26 mot 21 røyster sa politikarane JA til bygging av fastlandssambandet til over 5 milliardar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL