Hopp til innhold
haram
Grafikk: Per-Ivar Kvaslvik / Mapbox

Haram og Ålesund

Oppsummert

I ei rådgivande folkeavstemming stemte fleirtalet i gamle Haram kommune for å skilje seg frå storkommunen Ålesund.

  • – Det har gått betre enn vi frykta for eitt år sidan

    Haram kommune ligg an til eit meirforbruk på 32 millionar kroner på drifta etter dei første åtte månadene i år.

    Haram blei eigen kommune frå nyttår etter fire år som ein del av Ålesund, og korleis det vil gå økonomisk har vore eit av spørsmåla.

    – Vi har for høg drift i forhold til rammene vi har. Men vi har kome ganske langt i omstillinga, og det har gått betre enn vi frykta for eitt år sidan, seier kommunedirektør Anders Norvald Hammer.

    Men ramleis er det mykje som er usikkert, mellom anna skilsmisseoppgjeret med Ålesund som skal bli avgjort av skjønsnemnda. Kommunane er mellom anna usamde om delinga av lånekostnadene på Nordøyvegen.

    – Taper vi her så blir det betydeleg strammare kring livremma, men det vil ikkje vere ein økonomisk knekk, seier Hammer.

    Anders Norvald Hammer er kommunedirektør i Haram kommune.
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Skjønsnemnda skal avgjere skilsmisseoppgjeret

    Skilsmisseoppgjeret mellom Ålesund og Haram skal bli avgjort i ei skjønsnemnd. Dei to kommunane har ikkje blitt samde om fordelinga av kostnadar knytt til Nordøyvegen og fordelinga av Ålesund sitt disposisjonsfond.

    Det er Nordøyvegen som har dei største økonomiske konsekvensane. Ålesund meiner ein skal dele 50/50 medan Haram vil dele etter folketal.

    – Vi var samde om at vi skulle dele 50/50, og vedtaka var samsrøystes, så eg meiner det er heilt tragisk at vi no hamnar i skjønsnemnda, seier Jessica Gärtner i Høgre i Ålesund som meiner krangelen er uverdig.

    Ålesund som Haram den gongen var ein del av, gjorde avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune om å garantere for eit lån på 200 millionar kroner. Det skjedde for å få bygd Nordøyvegen. Ordføraren i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp) er spend på utfallet i skjønsnemnda.

    – Dette er ein uvanleg sak der to kommunar har forplikta seg overfor ein fylkeskommune, og eg trur ikkje det er noko presidens på dette området.

    To bussar og to bilar køyrer over Lepsøybrua, som er ein del av Nordøyvegen
    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • – Fysioterapidom er feil

    Advokaten til Private Fysioterapeuters Forbund, Øyvind Kraft, meiner domen i fysioterapi-striden i Ålesund og Haram er feil.

    – Retten har ikkje drøfta solidaransvaret. Dette er den grovaste feilen, skriv han i ei utgreiing til forbundet.

    Fysioterapiforbundet meiner at Ålesund kommune, på same måte som Haram, skal utbetale driftstilskot til det er endeleg avgjort kva kommune som skal ha ansvar for driftsheimlane i Apeks Fysioterapi.

    Apeks har sterk tilknyting til Haram, som i ein periode var ein del av Ålesund kommune. No er Haram gått ut av Ålesund. Samstundes har Apeks flytta til Digernes i Ålesund. Dette er utgangspunktet for striden om kven som skal betale driftstilskot til selskapet.

    – Når ansvaret er avgjort skal kommunane gjere opp seg i mellom ved avtale eller skjønn, seier generalsekretær i forbundet Henning Jensen. Ifølgje Jensen har ingen av kommunane teke initiativ til dette og seier at dei to kommunane er solidarisk ansvarlege inntil det ligg føre ei avklaring.

    Private Fysioterapeuters Forbund har ikkje avgjort korleis dei vil føre saka vidare.

    Line Alvestad Mikalsen ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund.

    Rigmor fryktar at ho mister fysioterapeuten sin etter kommunedeling

    Kommunedelinga mellom Ålesund og Haram har skapt utfordringar for Apeks fysioterapi og pasientane deira.

  • Ålesund fekk medhald i fysioterapi-strid

    Møre og Romsdal tingrett har bestemt at Apeks fysioterapi ikkje har krav på å ha avtale med Ålesund kommune.

    Striden oppstod i samband med at Haram kommune blei skilt ut av Ålesund. Apeks har sitt opphav i Haram og fekk driftsavtale med Ålesund i samband med kommunesamanslåinga. I mellomtida flytta også Apeks drift til Digerneset i Ålesund.

    Etter kommunesplittinga tok Apeks ut søksmål med krav om at Ålesund kommune skulle betale 50 prosent av det kommunale driftstilskotet.

    Retten kom til at eigarane av Apeks ikkje kan ha noka forventning om å ha driftsavtalar med Ålesund kommune, og slår fast at Line Alvestad Mikalsen (bildet) og Maragreth Aasebø Løvland i Apeks har driftsavtale med Haram.

    Line Alvestad Mikalsen ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund.
    Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
  • Fysioterapi-strid til Stortinget

    Striden mellom kommunane Ålesund og Haram om driftsavtalen for Apeks fysioterapi hamnar i Stortinget.

    Avtalen blei opphavleg inngått av gamle Haram kommune, men blei ein del av Ålesund sine avtalar då kommunane blei samanslått.

    Etter kommunesplittinga vil Ålesund føre tilbake avtalen til Haram. Men i mellomtida har Apeks fysioterapi flytta til Ålesund, og Haram protesterer mot å ta over avtalen.

    No stiller stortingsrepresentant Mudassar Kapur (H) (bildet) spørsmål til kommunal- og distriktsministeren om kven som har ansvaret i slike saker.

    – Denne saka reiser eit prinsipielt spørsmål om kven som har ansvaret for driftsavtalar når ein kommune seinare blir splitta i to nye kommunar, skriv Kapur i grunngjevinga for spørsmålet.

    Mudassar Kapur (H)
    Foto: William Jobling / NRK