Hopp til innhold

Her kjem Magnus og Ada-Mari med flyttebilen til øya som har fått bru

Vegprosjektet til 5,6 milliardar gjorde draumen til paret mogleg. I dag kom dei med flyttebilen.

Ada-Mari Haalen og Magnus Seth med flyttebil over Nordøyvegen

Ada-Mari Haalen og Magnus Seth står først i køen med flyttebilen for å køyre over Lepsøybrua.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den gule og raude flyttebilen som køyrde over brua er historisk. I over 50 år har øysamfunnet utanfor Ålesund venta på fastlandssamband og laurdag vart Lepsøybrua opna. Over alt heng norske flagg.

For Magnus Seth og sambuaren Ada-Mari Haalen er det ein uverkeleg dag dei står med flagg.

– Eg lovde i ein 17. mai-tale for åtte år sidan at eg skulle komme med flyttebilen den dagen brua opnar. Det var ikkje seriøs meint, men no stemmer det, ler Magnus Seth (32).

No har paret kjøpt småbruket Magnus vaks opp på. Med på lasset kjem tre hestar, hund, katt og ein baby i magen.

– Å kjøpe småbruket her kostar ikkje særleg meir enn ei leilegheit i Ålesund. Vi fann ut at vi like godt kunne hoppe i det, seier Seth.

Oskar Zachara, Bjørn Longva jr. og Daniel Seth Rønstad mklipte snora då Nordøyvegen delopna

I dag var det offisiell opning av Lepsøybrua. Oskar Zachara, Bjørn Longva jr. og Daniel Seth Rønstad stod for snorklippinga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vekst i folketalet

5,6 milliardar er prisen for å oppfylle paret sin draum. Så mykje kostar det for at 2700 øybuarar får erstatte to ferjer med bruer og undersjøiske tunnelar. Resten av sambandet blir opna i august neste år.

– Å sleppe ferja betyr spart tid og at ein slepp stresset for å nå ferja, seier Seth.

Eivind Tveter i Møreforsking har forska på effekten av fastlandssamband. Han ser at øyer som blir knytt saman med byer i nærleiken ofte ser vekst i befolkninga etter ei tid.

– Vi ser ofte at øya får auka befolkning, men at innbyggjarane pendlar til byen. Dermed blir det nødvendigvis ikkje skapt fleire arbeidsplassar på øya, seier Tveter. For Nordøyvegen spår han også litt auke i folketalet dei neste 10 åra.

Laurdag 18. desember var det opning av Lepsøybrua som høyrer til Nordøyvegen

Lepsøybrua er no open for trafikk, det same er tunnelen vidare til Haramsøya. Resten av fastlandssambandet opnar i august.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Digital feiring

Marianne Nærø er prosjektleiar for Nordøyvegen. Her frå opninga av Lepsøybrua

Marianne Nærø er prosjektleiar for Nordøyvegen og ho meiner vegsambandet er eit av landets mest spektakulære.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I dag er det offisiell opning av delar av vegprosjektet, men på grunn av smittevern er feiringa digital.

Det har vore mange nedturar for Nordøyvegen, som stadige omkampar i fylkestinget, undersjøiske tunnelar som blei for bratte og ein kostnadssprekk på 800 millionar kroner.

– Etter fleire år med sterkt engasjement frå mange er dagen endeleg her. Dagen då visjon Nordøyvegen blei til verkelegheit, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap).

Prosjektleiar Marianne Nærø seier at Nordøyvegen er eit av dei landets mest spektakulære vegprosjekt gjennom tidene.

– Det er første gong nokon bygg tre undersjøiske tunnelar samstundes, seier Nærø. Det er også bygd ei eiga demning til havs og det er heller ikkje gjort før.

Magnus Seth og Ada-Mari Haalen flyttar til småbruk på Lepsøya

Ada-Mari har alltid drøymt om å kjøpe eit småbruk og no går draumen i oppfylling. Dei tar snart over barndomsheimen til Magnus på Lepsøya, med løe til hestane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Gler seg til hardt arbeid

Magnus og Ada-Mari gler seg til arbeidet som ventar med baby og småbruk. Begge skal pendle til fastlandet, der dei jobbar som sivilingeniør og fysioterapeut.

– Eg jobbar på kontor og det blir ei velsigning å gjere fysisk arbeid. Vi er kanskje naive som trur dette skal bli lett, seier Magnus.

Dei ser for seg at fleire tar same val som dei og kjem flyttande. Samstundes vil dei ikkje ha for mykje folk.

– Vi må ta vare på det som er det beste med små samfunn. Det er stor dugnadsvilje og positivitet for å skape noko saman, seier Seth.

Nordøyvegen

Nordøyvegen er eit fylkesvegprosjekt som gir fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya (Nordøyane) i Ålesund. To ferjer blir erstatta med bruer og undersjøiske tunnelar.

Foto: NRK