Det var fredag formiddag at det byrja å brenne i ein arbeidsrigg inne i ein tunnel som er under arbeid på Haramsøya. Dette er ein del av fastlandssambandet Nordøyvegen, som er under bygging.
Fredag kveld ved halv ellevetida opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune at brannen er sløkt.
– Dette er ei alvorleg hending. Det går etter forholda bra med menneska som var i tunnelen då brannen starta. Utstyr kan bli erstatta, det viktigaste er at folka kom seg ut, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.
No blir hendinga granska og fylgt opp i høve retningslinjene for helse, miljø og sikkerheit i Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska. Dette arbeidet har allereie starta og vil halde fram gjennom helga.
BLIR GRANSKA: Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune opplyser at brannen blir granska.
Foto: Hans-Olav LandsverkPolitiet skal etterforske hendinga
Politiet skal også gjennomføre sine undersøkingar i tunnelen før fagfolk kan sendast inn for å få oversikt over kva skader brannen har gjort.
– Hovudfokuset vårt fram til det er å følgje opp folka våre. Vi skal også gjennomføre våre eigne undersøkingar og hjelpe politiet med ressursane dei treng i etterforskinga, slik at vi kan finne ut kva som skjedde og unngå at det skjer igjen, seier Nærø.
Nordøyvegen er eit fylkesvegprosjekt som skal gi fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya i Ålesund. Nærø seier det er for tidleg å seie kva brannen har å seie for prosjektet.
– Det er for tidleg å seie kva konsekvensar det får for framdrifta. Det må vi kome tilbake til når vi har oversikta over tilstanden i tunnelen, seier ho.
LANGT INNE I TUNNELEN: Brannen starta 600–700 meter inne i tunnelen. Brannvesenet gjekk ikkje inn i tunnelen for å sløkke.
– Alvorleg hending
Det er Skanska som bygg fastlandssambandet og prosjektsjef Are Eliassen seier at brannen skal ha starta i ein betongspruterigg.
ALVORLEG: Are Eliassen er prosjektsjef for Skanska. Han er glad for at det gjekk så bra. Han ser på hendinga som alvorleg.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKDet var fem personar inne i tunnelen då brannen starta. Alle kom seg ut for eiga hand.
– Det er ei alvorleg hending. Når det er sagt skjedde det på eit gunstig tidspunkt. Det kunne ha vore mange fleire involverte i arbeidet i tunnelen, seier Eliassen.
Gjekk ikkje inn med mannskap
Brannen skjedde 600–700 meter inne i tunnelen.
Det skal vere 800 liter med diesel i betongriggen og brannvesenet venta difor med å gå inn med mannskap for å sløkke brannen.
– Dieselen kan føre til ein intens brann og brannutvikling. Det er det som er den største utfordringa, sa Kjetil Iversen. Han er vaktleiar på 110-sentralen.
Det skal ikkje vere anna enn ein betongbil som står i dette området, og brannvesenet ville berre la brannen sløkke seg sjølv.
Politiet bad bebuarar i området som merka røyken om å halde dører og vindauge lukka.
TUNNELAR: Det blir bygt tre undersjøiske tunnelar i fastlandssambandet.
Foto: Jeanett Hagen