Hopp til innhold

Stortinget ynskjer billegare bomveg for Nordøyvegen

Ada-Mari og Magnus risikerer å betale over 100.000 kroner i bompengar. No krev Stortinget at reknestykket blir vurdert på nytt.

Ada-Mari Haalen og Magnus Seth med flyttebil over Nordøyvegen

Ada-Mari og Magnus Seth kom med flyttebilen då Lepsøybrua opna. No håper dei at bompengetakstane blir reduserte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Å vere øybuar på Nordøyane i Ålesund kjem til å svi for lommeboka. Fastlandssambandet som snart er ferdig er eit av landets dyraste.

Ada-Mari Haalen og Magnus Seth kom med flyttebilen då brua opna, men dei ante ikkje at det skulle bli så kostbart.

– Vi visste jo at det ikkje blei gratis, men dette er mykje dyrare enn vi frykta, seier Haalen.

Begge pendlar til fastlandet og reknar med dei må ut med meir enn 100.000 kroner i året på bompengar. Dei har pussa opp eit småbruk på øya, men Haalen tvilar på at dei hadde sett i gang prosjektet dersom dei visste kor dyr pendlinga kom til å bli.

Les også Kathinka (45) må betale 7000 kroner hver måned for å komme seg hjem

De dyre bompengeprisene på den nye Nordøyvegen bekymrer Kathinka Longva Tomren. Hun frykter at hun og sønnen må flytte hvis prisene ikke blir lavere.

Ber om ny vurdering

No får paret hjelp av Stortinget.

Torsdag blei bompengesaka debattert og stortingsfleirtalet meiner at staten må sjå på bompengetakstane på nytt.

– Situasjonen er så spesiell at Stortinget går inn og seier at vi vil sjå på det på nytt, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Nordøyvegen erstattar to ferjesamband. Strekningane hadde blitt gratis eller halvert for dei ferjereisande dersom ikkje vegen hadde blitt bygt. Dermed tapar øybuarane økonomisk på at det kom veg i staden for ferje.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård seier at det ikkje er gitt at ein ny gjennomgang av bompengesatsane vil bety auka statleg løyving til Nordøyvegen.

Foto: Henrik Jonassen, SD

Når bompengeinnkrevjinga startar i september kan det koste 175 kroner å passere bommen, med rabatt. Innkrevjinga er foreslått å vare i 25 år.

Grunnen til at bompengane har auka er at vegprosjektet blei langt dyrare enn venta i 2018.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) registrerer at det er fleirtal for ei ny vurdering.

– Det er viktig for meg å seie allereie no at det ikkje er gitt at det vil føre til auka statleg bidrag, sa Nygård i debatten i Stortinget. Han åtvarar også om at eit større bidrag til Nordøyvegen kan føre til at fylkeskommunen får mindre pengar.

NRK forklarer

Hva vil det koste å bruke Nordøyvegen?

Hva vil det koste å bruke Nordøyvegen?

Bompengeprisene:

I sommer vil Stortinget avgjøre hva bompengeprisen for å kjøre over Nordøyvegen vil være.

Her er Møre og Romsdals fylkeskommune sitt forslag til bompengepriser for Nordøyvegen til Stortinget:

  • Biler under 3500 kilo må betale 219 kroner per tur. Med AutoPass-brikke er prisen 175 kroner.
  • Nullutstslippskjøretøy under 3500 kilo må betale 219 kroner. Med Autopass-brikke er prisen 108 kroner.
  • Kjøretøy og nullutslippskjøretøy over 3500 kilo må betale 657 kroner uten Autopass-brikke.
  • Kjøretøy under 3500 kilo får et passeringstak på 40 ganger i måneden. Det vil si at hvis de har passert Nordøyvegen mer enn 40 ganger, kjører de gratis etterpå. Men det gjelder per måned.

Håper på tilflytting

Ada-Mari Haalen er glad for at styresmaktene tar ei ny vurdering. Ho meiner det er feil at innbyggjarane skal betale så mykje. Hadde fastlandssambandet ikkje blitt bygt, måtte staten ha brukt pengar på nye ferjer og ferjekaier, meiner ho. Ho håper satsane no går ned.

– Pendlarane må ha råd til å gå på jobb, seier Haalen.

Ho har akkurat fått baby og hadde gledd seg til at andre småbarnsforeldre også skulle flytte til øysamfunnet.

– Det er berre trist at det er så dyrt. Folk i etablerarfasen har ikkje så romsleg økonomi, seier Haalen.

Magnus Seth og Ada-Mari Haalen flyttar til småbruk på Lepsøya

Magnus Seth og Ada-Mari Haalen har laga stall og pussa opp eit småbruk på Lepsøya.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK