Hopp til innhold

Brua uler som i ein skrekkfilm

Det har dukka opp eit uventa problem ved den nyopna Lepsøybrua. – Det er eit unisont brøl frå brua, seier nabo.

Det har dukka opp eit uventa problem ved den nyopna Lepsøybrua. – Det er eit unisont brøl frå brua, seier nabo.

Lepsøybrua lagar lyd når det bles i ei spesiell vindretning.

Dei mange uversdagane på Sunnmøre dei siste vekene har avdekt eit spesielt fenomen på den nyopna Lepsøybrua i Ålesund kommune. Når det bles mykje lagar den høge fløytelydar og drønn.

– Det er eit unisont brøl frå heile brustrekninga, seier Rune Stene.

Han bur to kilometer i luftlinje unna og han forstod allereie før opninga i desember at alt ikkje var som det skulle. Etter at rekkverka på brua blei montert, høyrde han plutseleg lydar i uveret.

Lyden varierer ut frå vindretninga. Det var avisa Nordre som først fortalde historia.

Rune Stene på Lepsøybrua

Rune Stene høyrde plutseleg lydar frå brua etter at rekkverket blei montert.

Foto: Janne Falch / Nordre

Overdøyver flytrafikken

Stene er vand med at flytrafikken går over hustaket hans, men til tider overdøyver brua lyden av fly som går inn for landing. Han meiner at lydproblemet må ordnast snarast.

– Dette er mykje meir lydforureining enn folk som bur ved bedrifter finn seg i, seier Stene.

Ute i vinden står snikkar Sigmund Rogne og skiftar bordkledning på eit hus. Lyden frå brua høyrest tydeleg.

– Det er ein syngelyd, omtrent som om du bles i eit elektrikarrøyr, seier Rogne. Han bur ikkje i området, men forstår at lyden må vere irriterande for naboane.

Sigmund Rogne

Sigmund Rogne høyrer lyden frå brua når han er ute og jobbar. Spesielt då han jobba på hustaket var lyden sterk.

Foto: Remi Sagen / NRK

Lovar å ordne opp

Marianne Nærø er prosjektleiar for Nordøyvegen. Her frå opninga av Lepsøybrua

Marianne Nærø er prosjektleiar for Nordøyvegen. Ho seier at dei jobbar for å ordne lydproblemet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Lepsøybrua er ein del av milliardprosjektet Nordøyvegen, som gir fastlandssamband til 2700 øybuarar.

Prosjektleiar for Nordøyvegen, Marianne Nærø, seier at dei først blei klar over problemet då naboar eit stykke unna tok kontakt. Dei veit ikkje hundre prosent kva som er årsaka til lyden.

– Vi er i dialog med entreprenøren og vil i første omgang prøve å montere ei list under topprekkverket på brua. Vi håper det hjelper, seier Nærø. Ho forstår at naboar synest lyden er irriterande.

Blei de overraska over lyden?

– Ja, det er vi jo. Vi ynskjer ikkje at det skal kome lyd frå brua vår, så difor tok vi tak i det med ein gong, seier Nærø.

Inger Alnes og Ivar Hildre ved Lepsøybrua

Inger Alnes og Ivar Hildre hadde høyrt rykte om lyden frå brua, men no fekk dei oppleve den sjølv.

Foto: Remi Sagen / NRK

Høyrer det i stova

Lepsøybrua har blitt ei populær turstrekning og to av dei som har fått oppleve lyden i dag er Ivar Hildre og Inger Alnes.

– Det var ein syngelyd eller orkanlyd. Eg vil seie det var 90 desibel, seier Ivar Hildre.

Nabo Rune Stene er glad for at dei prøvar å fjerne lydproblemet. Sjølv høyrer han brulyden inne på stova når vinden står på som verst.

– Det er ei støykjelde som vi bør vere forutan, seier Stene.

Lepsøybrua

Lepsøybrua blei opna for trafikk i desember.

Foto: Remi Sagen / NRK