Det er ettermiddag og Martine Aakre er ferdig på jobb i Ålesund. Ho parkerer bilen på fastlandet og blir henta av mora som har ein elektrisk varebil. Den passerer gratis over fastlandssambandet.
– Det er absurd at det skal koste så mykje å besøke familien min, seier Aakre.
Fullpris over brua kostar 219 kroner, ein veg. For Martine blir det så dyrt i månaden at ho er mest mogleg hos kjærasten på fastlandet. Bru og tunnelar skulle gi henne og dei andre øybuarane fridom til å reise når dei ville. Slik blei det ikkje.
Høge prisar gjer at folk må planlegge reisene grundig.
– Det er nesten slik at eg saknar ferja, seier 19-åringen.
Blir billegare
I årevis har øybuarane kjempa for å få bygd fastlandssambandet, men ingen var førebudde på at det skulle bli så dyrt. Familiar må ut med 100.000 kroner i året i bompengar og stortingsfleirtalet har kravd at satsane må ned.
I dag vedtok fylkestinget at dei skal sette ned prisen frå 219 kroner til 172 kroner for fossile bilar.
Det kostar fylkeskommunen 105 millionar kroner.
– Eg trur dette kjem til å bety auka trafikk og kanskje kortare nedbetalingstid på bompengelånet, seier fylkesvaraordførar Kristin Sørheim (Sp).
Fylkestinget vedtok også at at dei med elbilar berre skal få 30 prosent rabatt, mot dagens 50 prosent. For dei blir det med andre ord dyrare.
Har kjøpt mopedbil
Øybuarane har blitt kreative for å spare bompengar. Nokre tar buss over brua og har bil ståande på fastlandet. Andre samkøyrer.
Trond Haram har kjøpt seg mopedbil som er gratis. Han parkerer arbeidsbilen på fastlandet, og sett seg inn i den vesle doningen.
– Her er ikkje varmeapparat så ei god jakke er å anbefale, seier Haram.
Han visste at fastlandsssambandet kom til å bli dyrt, men aldri at det skulle koste så mykje.
Sjølv med redusert takst blir det kostbart.
– Håpet var å få tilflytting til øyane, men med dei prisane er det vanskeleg å få folk til å komme, seier Haram.
Martine er glad for at fylkestinget sette ned prisane.
– Det blir litt betre, men det er ikkje noko å rope hurra for, seier Aakre.