Hopp til innhold

Øyfolket opplever at tilreisande ikkje kan å køyre på smale vegar

Då øya fekk fastlandssamband, dukka det opp ei uventa utfordring. Tilreisande som kjem på besøk er ikkje vande med smale vegar.

Christian Rønning på Haramsøya

Christian Rønning ser stor forskjell på om bilistane er lokale eller tilreisande.

Foto: Remi Sagen / NRK

Etter at Lepsøybrua opna har trafikken plutseleg auka på øyane, spesielt i helgene. Øyfolket kan avsløre med ein gong kva sjåfør som ikkje er lokal. Det ser dei nemleg på køyringa.

– Ser du her. Denne taxien her veit ikkje kvar han skal stoppe. Det er sikkert ein bytaxi. Han er i alle fall ikkje her ifrå, smiler Christian Rønning.

Då øya fekk fastlandssamband, dukka det opp ei uventa utfordring. Tilreisande som kjem på besøk er ikkje vande med smale vegar.

Det er vanskeleg for tilreisande å vite kvar næraste møteplass er.

Stoppar ikkje for møtande bil

Fastlandssambandet kostar 5,6 milliardar, men vegane er akkurat like smale og dårlege som før. Det typiske er at dei besøkande ikkje har peiling på kvar næraste møteplass er og dermed køyrer for langt. Dette skaper kluss for møtande bil og ein av dei må rygge.

Rønning meiner det er ein fordel å bruke blinklysa for å signalisere at du køyrer ut på møteplassen.

– Vi har laga våre lokale trafikkreglar her, seier Rønning.

Reglane seier at dersom det er mørkt bør den ventande sjåføren skru på parklysa, slik at møtande bil kan vere trygg på at det er klar bane.

Som takk bør den som køyrer blinke ein gong med lysa til sjåføren som stoppa. Eller vinke og helse dersom det er lyst.

Hallgeir Remme

Hallgeir Remme har køyrt buss på Haramsøya i 11 år. Han ynskjer tilreisande hjarteleg velkomen til øya.

Foto: Remi Sagen / NRK

Panikk for smale vegar

Også den lokale bussjåføren, Hallgeir Remme, møter stadig framande bilar i trafikken. Han ser humoristisk på det som har blitt ein snakkis.

– Vi er veldig glad for besøk og har mykje å vise fram, men vi har nokre uskrivne reglar her som dei ikkje kan. Dei seier nok det same om oss når vi kjem til byen, ler Remme.

Han opplever at besøkande køyrer altfor sakte fordi dei får panikk av einfeltsvegen.

Hoddevik

Hoddevika har blitt eit ettertrakta turmål dei siste åra, men det er vanskeleg å køyre på dei smale vegane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Må hjelpe folk å rygge

Problemstillinga er velkjend fleire stader i landet. Anne Kari Lerfald bur i surfeparadiset Hoddevika i Vestland fylke. Her er vegane bratte og smale, og har verken midtstripe eller kvite striper på kantane. Ofte legg ikkje folk merke til møteplassane og må dermed rygge for møtande bil.

Anne Karin Lerfald

Anne Karin Lerfald driv reiselivsbedrifta Akka surf i Hoddevik.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg må ofte hjelpe folk å rygge, for dei skjøner ikkje kvar vegen går og det er så bratt, seier Lerfald.

Ho opplever at ein del folk blir sinte på henne fordi ho ikkje slepp dei forbi. Då veit Lerfald at næraste utkøyrsel er få meter bak den tilreisande, medan ho må rygge 100 meter.

– Dei fleste blir ganske flau etterpå, seier Lerfald. Ho meiner mange manglar forståing for at det er ein annan køyreteknikk på smale bygdevegar. Sjølv har ho brukt 18 år på å lære triksa.

– Tilpass farta

Jan Harry Svendsen i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund forstår frustrasjonen, men opplever at Statens Vegvesen gjør det de kan.

Jan Harry Svendsen er rådgivar i NAF

Foto: Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund (ATL)

Den største utfordringa for dei som ikkje er vand med smale vegar er å tilpasse farta, meiner Jan Harry Svendsen. Han er rådgivar i NAF.

– Ein bør sjå så langt fram som mogleg, slik at ein kan planlegge køyringa framover. Ser du at det kjem ein bil imot og du er i nærleiken av ein møteplass, er det ein gode ide å stoppe, seier Svendsen.

Han rår folk på ukjende, smale vegar til å sette ned farta og heller sleppe andre bilar forbi.

Les også Hundrevis av biler kjørte ut i rundkjøring – dette er årsaken

Sirdal rundkjøring

Slik er reglene.

Slik er reglene.

– Ikkje så høflege

På Haramsøya har innflyttar Åse-Mari Vangsmo lært seg dei lokale reglane. Ho ser klart at folk utanfrå ikkje er så høflege i trafikken og køyrer lite omsynsfullt.

– Dei køyrer berre uansett og tenker ikkje at dei må køyre ut på lommene. Dette er ei anna verd enn ein er vand med i byen, seier Vangsmo.

Åse-Mari Vangsmo

Åse-Mari Vangsmo meiner at byfolk som besøker øyane ikkje er like omsynsfulle i trafikken som dei lokale.

Foto: Remi Sagen / NRK