Hopp til innhold

Brukar over fem timar kvar dag på å køyre barna – no snur ein tunnel opp ned på alt

Kvardagen til Ann Mari Bjørnøy og barna blir mykje enklare etter at Fjørtoftfjordtunnelen opna. No sparar dei seg over fire timar på levering til skule og barnehage.

Ann Mari Bjørnøy og barna Frøya og Trygve under opninga av Fjørtoftfjordtunnelen på Fjørtofta

Ann Mari Bjørnøy og barna Frøya og Trygve ser fram til ein enklare kvardag no som Fjørtoftfjordtunnelen har opna.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Frøya (6) og Trygve (5) Fjørtoft-Bjørnøy bur på øya Fjørtofta i Ålesund kommune. Kvar dag, inntil i dag, har dei måtte ta ferje til øya Harøy der skulen og barnehagen er. Store delar av dagen til ungane har gått med til reisevegen.

For å få logistikken til å gå opp, har heile familien vore i sving. Besteforeldra har måtte hjelpe til å hente og levere.

– Det har tatt omtrent 5,5 timar kvar dag å hente og levere ungane på skule og barnehage. Slik har det vore dei siste fire åra, seier mor Ann Mari Bjørnøy.

Ann Mari Bjørnøy under opninga av Fjørtoftfjordtunnelen på Fjørtofta

Ann Mari Bjørnøy gler seg over ny reiseveg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ny tid for familien

I dag opna Fjørtoftfjordtunnelen for trafikk. Den 3680 meter lange undersjøiske tunnelen erstattar ferja mellom Fjørtofta og Harøya.

No gler Bjørnøy seg til ein enklare transportetappar. Framover kjem ho til å bruke om lag ein time dagleg på å køyre barna.

– Eg ser fram til alt eg kan få utretta, og sleppe å springe som ein galning for å rekke ferja, ler Bjørnøy.

Frå ferje til buss

Mange hadde møtt opp for å sjå tunnelen bli opna. Det var Frøya og Trygve som stod for snorklippinga.

– Det blir fint å kunne køyre når du vil og ikkje måtte tenke på å rekke ferja.

Nordøyvegen. Åpning Fjørtoftfjordtunnelen på Fjørtofta

Frøya og Trygve stod for snorklippinga av Fjørtoftfjordtunnelen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ungane som skulle tilbake til Harøya med buss blir dei første som fekk køyre tunnelen etter at den er opna.

– Det blir veldig spennande, var ungane einige om.

Åpning Fjørtoftfjordtunnelen på Fjørtofta
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Lang kamp

Fjørtoftfjordtunnelen er ein del av Nordøyvegen, fylkesvegprosjektet som gir fastvegsamband mellom fem øyar i Ålesund. For 5,6 milliardar kroner får 2700 øybuarar erstatta to ferjer med bruer og undersjøiske tunnelar.

Det har vore mange nedturar for Nordøyvegen, som stadige omkampar i fylkestinget, undersjøiske tunnelar som blei for bratte og ein kostnadssprekk på 800 millionar kroner.

Ferdig i august

Nordøyvegen blir opna i tre etappar. I desember i fjor opna strekning mellom Flemsøy/Skuløy, Haramsøya, Lepsøya og Skjeltene.

Les også Her kjem Magnus og Ada-Mari med flyttebilen til øya som har fått bru

Ada-Mari Haalen og Magnus Seth med flyttebil over Nordøyvegen

I august er det klart for storstilt opningsfest når Nogvafjordtunnelen mellom Fjørtofta og Flemsøy/Skuløy blir opna og heile Nordøyvegen kan takast i bruk.

Når bompengeinnkrevjinga startar i september kan det koste 175 kroner å passere bommen, med rabatt. Innkrevjinga er foreslått å vare i 25 år.

Nordøyvegen

Nordøyvegen er eit fylkesvegprosjekt som skal gi fast vegsamband mellom øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya i Ålesund.

Foto: NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL