Hopp til innhold

Løyver 160 millionar ekstra til Nordøyvegen

Regjeringa løyver 160 millionar kronar ekstra til Nordøyvegen for å kompensere for høgare rente. Dette sa kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik på ein pressekonferanse på Skjeltene ved Nordøyvegen i dag.

Pengane kjem som ei ekstraløyving til fylkeskommunen og blir fordelt over to år. Gjelsvik seier dette vil betre økonomien i prosjektet.

Leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim (Sp), meiner dette er ein jubeldag og seier løyvinga vil vere viktig for Nordøyvegen.

Sørheim seier dette gjer det mogleg å nedbetale Nordøyvegen fortare slik at bompengeperioden blir kortare. Sørheim meiner det og vil vere klokt å senke maksnivået for bilistane slik at dette blir mykje lågare enn i dag.

Det er vel eitt år sidan sambandet som knytar Nordøyane saman med fastlandet i Haram, blei opna.

Bompengepassering på Nordøyvegen. På skiltet står det at ein personbil kostar 219 kroner, medan køyreyøy over over 3,5 kostar 657 kroner
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL