Hopp til innhold

Jublar over ja til omstridd milliardveg

Eit knapt fleirtal i fylkestinget sa ja til å bygge milliardprosjektet Nordøyvegen. Øyfolket jublar over vedtaket.

Folk på ferja på Skjelten jublar for Nordøyvegen

Det var flagg og jubel på ferja då politikarane bestemte at Nordøyvegen skal byggast.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I dag var det skjebnedag for fastlandssambandet Nordøyvegen. Bygginga starta i 2017, men prosjektet sprakk med over ein milliard kroner, og måtte tilbake til politikarane sitt bord. Fleirtalet i fylkestinget, 26 mot 21 stemmer, sa ja til å halde fram bygginga. Om lag 400 møtte fram og det var full jubel då vedtaket var klart.

– Dette vart til slutt ein festdag for oss, seier ein av dei frammøtte, Roar Brunvoll. Trine Otterlei er på gråten.

– Eg er aldeles rørt, seier Otterlei.

Frykta store konsekvensar

Striden om Nordøyvegen handlar om økonomi. Fylkesrådmannen foreslo å avlyse anbodskonkurransen og greie ut prosjektet på nytt. Han meinte at prislappen vert på 5,6 milliardar kroner og at det kjem til å få store konsekvensar for investeringar i skule og samferdsel dei neste 10–12 åra.

Roger Osen

Roger Osen (Ap) var usikker på kva han skulle stemme, men landa til slutt på ja.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Kristin Sørheim (Sp) er leiar i samferdselsutvalet og kom med eit alternativt forslag om å bygge Nordøyvegen for 5,1 milliardar kroner. Det var dette forslaget som fekk fleirtal.

Det var fleire politikarar som var usikre i saka, men som snudde. Roger Osen (Ap) var ein av dei.

– Eg vil stemme med hjarte. Det er øybuaren i meg som snakka i dag. Eg landa på at eg vil støtte Nordøyvegen, seier Osen.

Vil skåne skulane

Frank Sve (Frp) er ein av forkjemparane for fastlandssambandet. Han har heile tida vore skråsikker på prosjektet. Han er klar over at den økonomiske situasjonen er vanskeleg, der fylkeskommunen står i fare for å hamne på Robeklista.

– Vi må rasjonalisere der vi kan, i dei uproduktive ledda, som administrasjonen. Vi kjem til å verne skulen, seier Sve.

Yvonne Wold fylkestinget Nordøyvegen

Yvonne Wold (SV) fremma forslag om å stoppe bygginga av Nordøyvegen, men forslaget fall.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Trur kampen er tapt

Yvonne Wold (SV) fremma forslaget om å stanse Nordøyvegen, men det forslaget fekk berre fire stemmer og fall. Ho er no redd for framtida til skulane.

– Eg er spent på korleis dei som stemte for vil finne inndekning. Vi ser at vi er pressa på drift og investeringar i dag, seier Wold.

Torgeir Dahl (H) er også ein av kritikarane, som åtvara mot å bygge Nordøyvegen. Han trur kampen no er tapt.

– No går ein inn kontrakt med Skanska og då er det ingen veg tilbake. Vi får håpe det blir innanfor rammene vi har diskutert, seier Dahl.

Det blir feiring

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp) seier at avklaringa i dag betyr mykje.

– Dette er eit prosjekt vi har planlagt i tiår. Det handlar om å utvikle kommunen og bygge ein ny kommune, seier Krogsæter. Haram og Sandøy vert ein del av storkommunen Nye Ålesund, og ordføraren meiner fastlandssambandet betyr mykje for kommunesamanslåinga.

Einar Kjerstad er leiar i Lepsøy bygdelag. Han har hatt ei god kjensle av at Nordøyvegen skulle få fleirtal, sjølv om saka har vore vanskeleg.

– No blir det feiring, seier Kjerstad.

Elevar på Flem skule jublar for Nordøyvegen

På Flem skule jublar elevane for vedtaket.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Stemme Nordøyvegen

Sjå debatten om Nordøyvegen i fylkestinget her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL