Hopp til innhold
Kart Møre og Romsdal

Kommunesammenslåing Møre og Romsdal

  • Seier ja til Liabygda, men nei til Midsund

    Statsforvaltaren i Møre og Romsdal rår til å avslå søknaden om å greie ut grensejustering av Midsund frå Molde kommune til Aukra kommune. Det skriv statsforvaltaren i ei pressemelding.

    Statsforvaltaren hadde fått inn søknad frå 50 innbyggarar i Midsund som bad om ei grensejustering.

    – Ut ifrå geografi, dagens infrastruktur og kommunikasjonsforhold, vurderer vi at vi ikkje kan seie at Midsund utgjer ein meir naturleg del av Aukra kommune enn av Molde kommune, seier assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste i pressemeldinga.

    Dei har også vektlagt at dei 50 søkarane berre utgjer to prosent av alle innbyggarane i Midsund.

    Samtidig rår dei ei utgreiing av grensejustering av Liabygda frå Stranda kommune til Fjord kommune.

    Dette skjer etter ein søknad frå Liabygda Vel.

    – Søkarane har vist til relevante forhold i sin søknad. Vi legg vekt på desse i vår vurdering. Vi tar også omsyn til kommunane sine høyringsuttaler. Fjord kommune er positive til at det blir sett i gong ei utgreiing av grensejustering av Liabygda, seier Brøste.

    Vidare skriv ho at Stranda ønsker å vente med ei utgreiing av grensejustering.

    – Dei vil først greie ut eit utvida samarbeid mellom kommunane Stranda, Fjord og Sykkylven.

    Liabygda
  • Gir grønt lys for konsekvensutredning

    Kommunaldepartementet ber Statsforvalteren i Møre og Romsdal om gjennomføre en utredning av konsekvensene av at Ona, Sandøya og Gåsøya blir flytta fra Ålesund kommune til Aukra kommune.

    Det er innbyggerne på de tre øyene som har tatt initiativet til en slik grensjustering.

    Aukra kommune er positiv til en slik grensejustering mens Ålesund kommune har svart at det ikke har kommet frem opplysninger i søknaden som gir grunnlag for å starte en ny utredning.

    Øya Ona i Møre og Romsdal
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Fjord seier ja til Liabygda

    Eit samrøystes kommunestyre i Fjord seier ja til at Liabygda vert innlemma i kommunen. Det skriv Nyss. I dag er Liabygda ein del av Stranda kommune, men innbyggarane der har bedd Statsforvaltaren om å vurdere ei grensejustering.

    Saka skal opp i kommunestyremøte i Stranda komande onsdag, skriv avisa.

  • Nei til grensejustering av Molde og Aukra

    Kommunedirektøren i Molde, Marianne Stokkereit Aasen, anbefaler at det ikke blir gjort en utredning av grensejustering mellom Molde og Aukra. Det skriver Romsdals Budstikke.

    Flere fra Midsund har uttrykt sterkt at de heller vil være en del av Aukra, og ikke Molde som de er nå. Og mandag sa formannskapet i Aukra at ja til søknaden om en grensejustering.

    Ifølge avisa sier Aasen, i likhet med kommunedirektøren i Aukra, nei til en grensejustering.

    «Det må påpekes at dette forslaget ikke handler om en liten grensejustering, men altså at hele tidligere Midsund kommune legges til Aukra. Dette er omfattende, og i realiteten vil dette være en kommunesammenslåing mellom Midsund og Aukra», skriver Rbnett og refererer til sakspapir.

    Saken skal til behandling i formannskapet i Molde tirsdag kommende uke. Deretter går den til kommunestyret som skal møtes torsdag 15. februar, skriver avisa.

  • Usikker på engasjementet

    31 personar i gamle Midsund kommune har søkt statsforvalteren om å få å gå ut av storkommunen Molde og inn i Aukra.

    Formannskapet i Aukra er positive, men det føreset at Otrøya og Aukra får samband via Kjerringsundet og Møreaksen.

    Molde-ordførar Trygve Grydeland frå Høgre er usikker på kor stort ønsket i gamle Midsund faktisk er.

    Trygve Grydeland
    Foto: Tore Ellingseter / NRK