Hopp til innhold

Kampen for å få tilbake kommunen skapte sterke kjensler – no stiller ho til val for fyrste gong

Den knallharde striden om Haram skulle få bli eigen kommune fyrte opp innbyggjarane. No skal folk velje politikarar til det nye kommunestyret. Og fleire av dei sto på barrikadane, stiller til val for fyrste gong.

Ragnhild Marken Seth står på stand for Arbeiderpartiet i Haram under valgkampen i 2023.

Ragnhild Marken Seth står på stand for Arbeidarpartiet. Den markante forkjemparen for Haram som eigen kommune deltar i valkamp for fyrste gong.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Det skapte eit enormt engasjement og folk sine kjensler var sterke. Og for meg personleg blei det ei veldig viktig sak.

Ragnhild Marken Seth sto midt oppe i det med begge beina. Kampen for å lausrive Haram frå storkommunen Ålesund. Det var ein beinhard kamp. Og den blei krona med siger.

Ho har aldri stått på noko valliste før. Men no har Ragnhild Marken Seth meld seg inn i Arbeidarpartiet og er klar for ein innsats i lokalpolitikken. Striden om Haram si framtid skapte ein glød.

– Ja, det gjorde jo eigentleg det. Rett og slett. Eg har veldig lyst til at Haram skal bli så bra som eg har tru på at det kan bli.

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund. Ragnhild Marken Seth

Ragnhild Marken Seth (til venstre) fronta kampen for at Haram skulle få bli ein eigen kommune. Her frå ein demonstrasjon utanfor rådhuset i Ålesund.

Foto: per-Ivar Kvalsvik

Fekk fart på engasjementet

Kathrine Beite sto og midt i striden. Men på motsett side. Ho ville at Haram skulle halde fram med å vere ein del av Ålesund. Den kampen tapte ho.

Beite var aktiv i Høgre i mange år, men aldri i lokalpolitikken. Og ho har ikkje stått på liste. No er ho ordførarkandidat for Høgre. Striden om Haram fekk fart på engasjementet.

– Eg har vel alltid sagt at når eg flyttar til ein plass der eg skal bu resten av livet så skal eg engasjere meg i lokalpolitikken. Eg ville vel ha gjort det før eller sidan. Men så kom denne saka, og eg kjende på engasjementet. Så det var nok det som fekk meg i gang igjen.

Kathrine Pernille Beite er Høyres ordførerkandidat i Haram i 2023.

Kathrine Beite (H) har ikkje vore aktiv i lokalpolitikken før. No er ho Høgre sin ordførarkandidat i Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kampen om ordføraren

Det er stor interesse for valet i Haram. Folk som bur her, er spende på kva framtid den nye kommunen vil få.

Eitt av spørsmåla er kven som vinn valet i Haram. Det er mange om beinet. Og det er mange parti som vil ha ordføraren.

Ein av favorittane er Vebjørn Krogsæter i Senterpartiet. Han har vore ordførar i Haram før. Partiet hans slit med dårleg oppslutning nasjonalt. Samstundes var Senterpartiet i regjering ein pådrivar for at Haram skulle få skilje seg frå Ålesund.

– Det bør vege tungt, meiner eg då. Hadde ikkje regjeringa gått inn for at Haram skulle få bli ein eigen kommune så hadde vi ikkje hatt noko val på kommunestyret i Haram i dag. Eg håpar folk tar omsyn til det når dei skal velje parti.

Vebjørn Krogsæter er Senterpartiets ordførerkandidat i Haram kommune i 2023.

Vebjørn Krogsæter er ein erfaren politikar. Ambisjonen er å bli ordførar i nye Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men Vebjørn Krogsæter tar ikkje noko for gitt. Og han er forsiktig med å love. Kva økonomiske rammer den nye kommunen får, er det ingen som veit no.

– Det vii kan love er at vi skal sikre økonomien før vi går laus på dei store oppgåvene. Vi må ha eit sikkert fundament. Men så mykje meir kan vi ikkje love.

Nasjonale trendar

Både Ragnhild Marken Seth og Kathrine Beite har ambisjonar om at deira parti skal få ordføraren i Haram. Begge har lagt bak seg striden og vil sjå framover.

Marken Seth seier ho er optimist på vegner av Arbeidarpartiet. Høgrepolitikaren Kathrine Beite håpar at nasjonale trendar slår inn i Haram når folk skal stemme. Vinden bles ikkje Arbeidarpartiet og Senterpartiet sin veg akkurat no.

Venstre-politikar Christian Holstad Lilleng har vore eit frisk pust i den politiske debatten i haram. Han trur dei borgarlege partia har ein god sjanse.

– Det blir nok mykje meir spanande enn du trur. Eg har tru på borgarleg fleirtal.

Christian Holstad Lilleng er Venstres ordførerkandidat i Haram i 2023.

Christian Holstad Lilleng (V) trur på borgarleg fleirtal i Haram etter valet.

Foto: Trond Vestre / NRK