Hopp til innhold

Fryktar økonomisk ruin om ikkje regjeringa betalar for skilsmissa

Politikarane i Ålesund meiner dei blir sittande med svarteper dersom ikkje alle kostnadane ved å skilje ut Haram blir dekt av staten.

haram

Haram blei slått saman med Ålesund med tvang, men blir eigen kommune igjen frå 2024.

Grafikk: Per-Ivar Kvaslvik / Mapbox

I juni gjekk flagga til topps då det blei klart at Stortinget sa ja til å la Haram få bli ein eigen kommune. Haram blei slått saman med Ålesund med tvang i 2017 og sinte innbyggjarar hadde kjempa for å kome seg ut av storkommunen.

Men no kjem rekninga. For Ålesund kommune meiner det vil koste så mykje som 237 millionar kroner å dekke kostnadane ved å skilje ut Haram.

Det er meir enn heile beløpet som er sett av på statsbudsjettet til fylkes- og kommunedelingar.

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund. Ragnhild Marken Seth

Innbyggjarane i Haram fekk det som dei ville då Haram blei eigen kommune.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Vil vere tydlege

No vil eit breitt fleirtal av politikarane i Ålesund be Stortinget om å gjere om på vedtaket om å skilje Haram frå Ålesund dersom ikkje alle kostnadane knytt til kommunedeling blir dekka av staten.

Vi ønskjer ikkje ein omkamp. Men vi vil tydeleggjere føresetnadane om at kostnadane blir dekka. Dersom det ikkje skjer må vi kutte i kommunebudsjettet, og det vil ramme tungt, seier Svein Rune Johannesen (Ap).

Regjeringa har lova dei tre fylka Viken, Troms og Finnmark, Vestfold og Telemark pluss Ålesund kommune skal få dekka dei kostnadane som er absolutt nødvendige.

Monica Molvær (H) i Ålesund kommunestyre og fylkestinget i Møre og Romsdal.

Monica Molvær (H) er sterkt kritisk til regjeringa sitt forslag.

Foto: Trond Vestre / NRK

I statsbudsjettet har regjeringa sett av 200 millionar kroner. Men ein gjennomgang Dagbladet har gjort viser at vil koste 838 millionar kroner å løyse opp dei tre fylka og Ålesund.

Høgre-politikaren Monica Molvær i Ålesund meiner dei er blitt ført bak lyset.

– Dette er ein hån. Dersom dette ikkje blir rydda opp i blir draumen om fridom eit mareritt for dei som bur i Haram.

Fryktar konsekvensane

Fleire av politikarane i formannskapet i Ålesund sa at dei fryktar at summen vil bli høgare enn 237 millionar kroner, og at dei skal bli sittande igjen med størsteparten av rekninga sjølve.

Ålesund har store økonomiske utfordringar og risikoen for at både Ålesund og Haram hamnar på Robek-lista er høg. Å hamne på denne lista inneber at det er Statsforvaltaren som skal avgjere om ein får ta opp lån og inngå langsiktige leigeavtalar

Det er 80–90 prosent sjanse for at det skjer, seier Svein Rune Johannessen (Ap).

Les også Manglar over 600 millionar kroner til skilsmisseoppgjeret: – Krise

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik under framleggelsen av regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet for Stortinget.

– Useriøst

Senterpartiet røysta mot forslaget om å droppe delinga dersom kommunen ikkje får dekt alle kostnader. Lisa Alvestad, som er leiar av Haram Senterparti, vender tommelen ned for forslaget som ho meiner er useriøst.

– Det har heile tida vore sagt at det er nødvendige kostnader som blir dekka, og det har ikkje endra seg. Eg synest det er rart å komme med eit slikt forslag no.

Lisa Alvestad (Sp) mener at Haram bør gå ut av Ålesund.

Lisa Alvestad (Sp) er kritisk til tala som kommunen har lagt fram.

Foto: Trond Vestre / NRK

Alvestad meiner at det er ein god del i budsjettet som ikkje kan reknast som nødvendige kostnadar.

Som eit døme trekk ho fram kommunikasjonsbudsjett på 6 millionar kroner, som ho meiner burde vore 1 million.

– Vår jobb er å sende inn eit nøkternt og godt grunna budsjett til departementet. Det er det ikkje per no. Eg er skuffa over at mine medpolitikarar prøvar seg på ein omkamp i staden for å hjelpe til og lage eit fornuftig budsjett.

Får kritikk

Men Alvestad får kritikk frå KrF-politikar Tore Johan Øvstebø. Han avviser at dette er et forsøk på omkamp.

– Det undrar meg at ho brukar energi på å forvare Regjeringa i denne saka, når Ålesund nesten er på Robek-lista og har lagt fram eit fagleg fundert budsjett for delinga.

Les også Den første tvangssamanslåtte kommunen får skiljast

 Trond Skjelten heiser flagget i Brattvåg