Hopp til innhold

Rigmor fryktar at ho mister fysioterapeuten sin etter kommunedeling

Kommunedelinga mellom Ålesund og Haram har skapt utfordringar for Apeks fysioterapi og pasientane deira.

Line Alvestad Mikalsen ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund.

FYSIOTERAPI: Rigmor Berg blir følgt opp av fysioterapeut Line Alvestad Mikalsen. Apeks fysioterapi har kontor på Digerneset i Ålesund. Etter kommunedelinga mellom Haram og Ålesund 1. januar har det oppstått ei usemje om kven dei har ein driftsavtale med.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I eit lokale på Digerneset Næringspark i Ålesund er fire pasientar i gang med dagens økt. Der gjer dei ulike øvingar, tett følgt opp av fysioterapeutane Line Alvestad Mikalsen og Margareth Aasebø Løvland.

Apeks fysioterapi ligg i Ålesund, nokre kilometer frå kommunegrensa til Haram. Då dei to kommunane skilde lag ved nyttår skapte det utfordringar for bedrifta.

– Eg hadde aldri trudd at vi kom til å stå i denne situasjonen, seier Løvland.

Margareth Aasebø Løvland ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund.

Margareth Aasebø Løvland seier at kommunedelinga har gjort at dei har hamna i ein usikker situasjon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Usemje om driftsavtale

1. januar i år blei Haram ein eigen kommune igjen etter å ha blitt tvangssamanslått med storkommunen Ålesund i 2020.

I etterkant har det blitt ei usemje mellom kommunane om kven som har driftsavtalen med fysioterapeutane. Årsaka er at Apeks flytta frå gamle Haram til Ålesund etter kommunesamanslåinga. Dette godkjente storkommunen Ålesund den gong då.

Dei to fysioterapeutane opplyser at dei er avhengig av eit driftstilskot for å kunne drive vidare.

– Vi står i ein uavklart situasjon, der ansvaret for driftstilskotet vårt er uavklart, seier Line Alvestad Mikalsen.

Line Alvestad Mikalsen ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund.

Line Alvestad Mikalsen seier at det kan få økonomiske kostnadar for dei om dei må avslutte den tiårige leigeavtalen dei har signert på Digerneset i Ålesund. Dei flytta dit i 2021 etter å ha leita etter eigna lokale i Haram over lengre tid. Plasseringa gjorde også at dei blei meir tilgjengeleg for fleire pasientar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ifølge Mikalsen kjem rundt 70 prosent av pasientane til Apeks frå Ålesund, medan rundt 30 kjem frå Haram og andre nærliggande kommunar. Kommunedelinga skal alt ha fått konsekvensar for nokre av kundane deira. Blant anna dekker ikkje pasientreiser transport over kommunegrensene lenger.

– Vi kan bestille drosje, men då blir den kansellert av pasientreiser. Dermed blir det vanskeleg for dei som treng transport frå ein annan kommune å kome seg hit, seier Mikalsen.

Dei to fysioterapeutane er fornøgde med dagens plassering på Digerneset og seier det ikkje er ønskeleg med ein ny flytteprosess. Dei vektlegg at ei flytting vil få ein rekke konsekvensar, blant anna økonomiske.

– Kommunedelinga var jo ikkje på trappene når vi flytta, så det var ikkje ein tanke at dette kunne skje, seier Mikalsen.

Både Haramsnytt og Bygdebladet har tidlegare skrive om saka.

Les også Her blir han ordførar i ein kommune som ikkje eksisterer

Vebjørn Krogsæter blir ordførar i Haram

Les også Den første tvangssamanslåtte kommunen får skiljast

 Trond Skjelten heiser flagget i Brattvåg

Fryktar for tilbodet

Ein av dei som bruker tilbodet er Rigmor Berg. Ho bur på Stette i Ålesund og seier ho sparer mykje tid på å sleppe og reise inn til bysentrum.

Rigmor Berg ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund.

Rigmor Berg bur i Ålesund kommune. Ho håper at ho kan halde fram med å bruke tenestene til Apeks.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Eg har snart gått her i to år. Eg har fibromyalgi, så eg har mykje smerter og er stiv i kroppen. Eg er avhengig av å gå hit for å greie å halde det gåande.

To gonger i veka tek ho turen til Digerneset. Ho fryktar konsekvensen dersom kommunane ikkje blir einige.

– Det verste som hadde skjedd var at eg står utan eit tilbod. Eg har prøvd fleire andre, men det har ikkje fungert så bra. Her har eg endeleg funne noko som verkar.

– Det er ikkje alt som bør handle om kroner og ører. Politikarane må tenke litt på oss som bruker tilbodet, og som bur på bygdene, legg ho til.

Les også Flere millioner til oppsplitting

Folk fra Haram demonstrerte utenfor rådhuset i Ålesund før kommunestyret skulle behandle spørsmålet om Haram skal få bli egen kommune

Kan hamne i retten

22. januar sende advokaten til fysioterapeutane eit brev til kommunane der han krev at driftstilskotet, som skulle ha kome 12. januar, blir betalt innan ti dagar.

– Om ikkje, kan det bli sendt ei begjæring til retten om midlertidig forføyning til saka blir avgjort, seier Løvland.

Saka har også blitt sendt til Statsforvaltaren. I eit brev til partane skriv dei at dei ikkje har grunnlag for å gripe inn i saka, men oppfordrar kommunane til å avklare forholdet rundt driftsavtalen.

I tillegg har Mudassar Kapur (H) stilt eit spørsmål til kommunal- og distriktsminister, Erling Sande, om saka.

Ministeren svarar at Ålesund og Haram må bli einige om korleis den kommunale driftsavtalen om fysioterapitenester skal bli ført vidare.

– Eventuelle endringar i avtalar, innanfor rammene av gjeldande regelverk, føreset einigheit mellom kontraktspartane, skriv Sande.

Line Alvestad Mikalsen ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund.

Line Alvestad Mikalsen fortel at dei har pasientar både frå Ålesund og Haram.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Viser til kvarandre

Ålesund kommune opplyser at det ikkje er aktuelt for dei å ta over dei to heimlane til Apeks. Dei vektlegg at dei uansett hadde vore lovforplikta til å lyse ut stillingane om dei hadde gjort det.

– Vi har verken pengar eller behov for å auke med to heimlar i dette området, seier kommunedirektør i Ålesund, Steven Hasseldal.

Kommunedirektør i Ålesund, Jon Steven Hasseldal.

Kommunedirektør i Ålesund, Jon Steven Hasseldal, fortel at dei har forsøkt å kome til ei løysing med Haram, men så langt ikkje lukkast. 

Foto: Remi Sagen / NRK

Han meiner at Apeks si flytting til Digerneset i 2021 blei godkjent med det atterhald at dei framleis skulle betene innbyggarane i «gamle Haram», der heimlane kom frå.

Ifølge Hasseldal var det føresetnaden for avtalen og at driftstilskotet skulle framleis vere knytt til område heimlane var oppretta i. Han meiner difor at det er Haram som må bli einige med Apeks, ikkje Ålesund.

– Vi har også hatt ein kommunestyrevedtak på at det ein hadde med seg inn i kommunesamanslåinga, skal ein ha med seg ut, seier han.

Ifølge Ålesund skal Haram i fjor ha stadfesta at dei to heimlane til Apeks skulle bli ført tilbake til dei. Dette er kommunedirektøren i Haram, Anders Norvald Hammer, ueinig i.

– Flyttinga blei godkjent etter samanslåinga og dermed er det ikkje noko vi har tatt med inn storkommunen. Det hadde vore noko anna om dei framleis hadde lokale i det som i dag er Haram, seier han.

Hammer seier at dei ikkje kan ha ein driftsavtale med ei bedrift som no er lokalisert i ein annan kommune.

– Vi har stilt vilkår om at Apeks må flytte for at vi skal ta dei to heimlane tilbake. Haram har tilbydd å betale ut eit midlertidig driftstilskot. Det vil sikre drifta og pasientbehandlinga fram til ei endeleg løysing er på plass. Men for oss føreset det at kommunane gjer ein avtale om korleis vi skal løyse dette spørsmålet på sikt, seier Hammer.

Kommunedirektør i Haram, Anders Norvald Hammer, ser til venstre for kamera med et lite smil om munnen. Han har kort, litt krøllete og brunt hår, og har på seg briller. Han har på seg dress.

Kommunedirektør i Haram, Anders Norvald Hammer, seier at Haram har tilbode seg å betale ut driftstilskotet midlertidig, men føreset at dei to kommunane kan bli einige.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Håper på ei løysing

Dei to fysioterapeutane håper at saka skal få ei løysing.

– Vi håper at dei blir einige og at det ikkje skader pasienttilbodet vårt eller bedrifta vår. Det beste hadde kanskje vore om kommunane betalte for dei tenestene dei nytta. At dei kan møtast på halvvegen, seier Margareth Aasebø Løvland.

Line Alvestad Mikalsen og Margareth Aasebø Løvland ved Apeks fysioterapi på Digerneset i Ålesund. Saman med pasient Rigmor Berg.

Fysioterapeutane Line Alvestad Mikalsen og Margareth Aasebø Løvland håper at dei kan bli einige med Haram og Ålesund kommune. Den uavklarte situasjonen har så langt ikkje gått utover drifta, men dei vil gjerne ha ei løysing på saka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Les også Nesten 70 kommuner bryter loven: Her skulle det egentlig vært en psykolog

Ottar Røyset, kommunalsjef i Hareid kommune, står inne på det som skal være kommunepsykologen sitt kontor. Men foreløpig har de ingen psykologer.

Les også Må tilsette 25 nye psykologar og fagpersonar innan sommaren

Helse Møre og Romsdal, psykisk helsevern for barn og unge, Ålesund sjukehus

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga