– Det er eit fantastisk val. Eg trur det er beste valet nokon gong, seier ordførarkandidat Vebjørn Krogsæter (Sp).
Senterpartiet får 10 av 27 representantar. Krogsæter kan ikkje hugse å ha hatt så mange nokon gong.
Han har vore ordførar i Haram tidlegare og har dei siste fire åra vore varaordførar i Ålesund. Det trur han har bidratt til det gode valresultatet.
– Det er ein fordel å ha ein kjend ordførarkandidat og vi har drege med oss ein del positivitet frå den gong vi var eigen kommune, seier Krogsæter.
Strid for å løyse opp kommunen
Frå nyttår skal Haram kommune oppstå på ny som eigen kommune, etter å ha vore tvangssamanslått med Ålesund sidan 2017.
Økonomiske problem i storkommunen Ålesund skapte stor misnøye blant haramfolket.
Det har vore ein knallhard strid for å lausrive kommunen. Senterpartiet i regjering var ein pådrivar for at Haram skulle få skilje seg frå Ålesund. No blir dei løna.
– Tvangssamanslåinga og reverseringa har gitt gode argument for Senterpartiet. Vi har vist at vi er i stand til å levere på nasjonalt plan, seier Krogsæter.
Han er klar til å ta på seg ordførarvervet i den nye kommunen.
– Det er i alle fall gode føresetnader for at eg skal bli det, seier Krogsæter.
Blir ikkje som før
Men dei som stemte på Senterpartiet for at Haram kommune skal bli som før samanslåinga, kan bli skuffa.
– Det er viktig å vere i utvikling og det er viktig å lære av dei siste fire åra. Det er ikkje eit mål at det skal bli akkurat som før, seier Krogsæter.
Han trur økonomien gjer at ein må tenke nytt på mange område. Per no veit politikarane ikkje kva dei har av pengar.
Imponert over Senterpartiet
Kathrine Pernille Beite (H) hadde håpa på fleire enn fire mandat.
Foto: Remi Sagen / NRKFramstegspartiet og Høgre får fire mandat kvar i det nye kommunestyret. Ordførarkandidat i Høgre, Kathrine Pernille Beite er ikkje nøgd.
– Vi har gjort ein veldig god valkamp og hadde håpt at vi skulle gjere det betre enn tala no viser. Men vi har eit godt potensial til å få gjennomført høgrepolitikk i det nye kommunestyret, seier Beite.
Ho trudde Senterpartiet skulle gjere det bra, men er overraska over at det gjekk så bra.
– Det er berre å gratulere med eit imponerande resultat, seier Beite.