Hopp til innhold

Her blir han ordførar i ein kommune som ikkje eksisterer

Kommunen eksisterer eigentleg ikkje. Ikkje før årsskiftet. Men kommunen som ikkje finst har allereie fått ny ordførar.

Vebjørn Krogsæter blir ordførar i Haram

Vebjørn Krogsæter(Sp) var ordførar i gamle Haram. Sjølv om han var mot samanslåing med Ålesund vart han varaordførar i den nye storkommunen. Frå januar 2024 er Haram eigen kommune igjen. No er han allereie ordførar i kommunen som ikkje finst enno.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Haram blei slått saman med Ålesund med tvang 1. januar 2020. Men kort tid etter blei det klart at Haram skulle få skilje seg frå Ålesund.

Skilsmisseoppgjeret er i full gang. Fleire månader før Haram står på eigne bein igjen har kommunen fått både ny ordførar, varaordførar, utval og komitear.

Og frå 1. januar 2024 er skilsmissen fullført.

Bård Kvalsvik

Bård Kvalsvik er fornøgd med at Haram blir eigen kommune.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– By og land har to forskjellige interesser, seier den fornøgde innbyggaren i Haram, Bård Kvalsvik. Vi har aldri vore ålesundarar og kjem aldri til å bli det, legg han til.

Sambygdingen Hallgeir Vuttudal er heilt einig.

– Eg trur det blir lettare å kome i kontakt med både politikarar og administrasjonen når vi blir eigen kommune, seier han.

Hallgeir Vuttudal

Diskusjonen går heftig ved kafeborda i kommunesenteret Brattvåg. Hallgeir Vuttudal trur det blir lettare å kome i kontakt med kommuneleiinga når Haram blir sjølvstendig frå nyttår.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Tvang

Det var etter ein maratondebatt i Stortinget 8. juni 2017 at det blei vedteke å innlemme Haram i nye Ålesund kommune. Vedtaket blei gjort med 86 mot 83 stemmer. Denne dagen blei talet på norske kommunar redusert frå 428 til 354.

Argumentet som blei brukt var at Haram kom til å bli inneklemt mellom Sandøy, Ålesund, Skodje og Ørskog, som skulle bli til ein storkommune.

Men samanslåinga møtte sterk motstand. Og i ei folkeavstemming stemte 71,7 prosent for ei lausriving frå Ålesund. 14. juni 2022 blei det klart at Haram skulle få bli eigen kommune igjen.

– Litt rart

Etter mange endringar i den norske kommunestrukturen blir utskiljinga av Haram frå Ålesund den einaste kommune-endringa i Noreg i 2024. Tysdag fekk den første ordføraren i Nye Haram, Vebjørn Krogsæter (Sp) ordførarkjeda rundt halsen, fleire månader før kommunen hans kjem i funksjon.

– Det er litt rart. Vi som har vore med i heile prosessen forstår gangen i dette. Men det er rart for mange at vi no har eit konstituerande møte, og så er vi ikkje i gang før første januar, seier nyvald ordførar Vebjørn Krogsæter.

Vebjørn Krogsæter, ordførar i Haram

Bygginga av ny barne- og ungdomsskule tok til medan Haram har vore ein del av Ålesund kommune. Her står den nye Haram-ordføraren på byggeplassen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vebjørn Krogsæter var tidlegare ordførar i gamle Haram kommune. Sjølv om han var motstandar av samanslåinga vart han varaordførar i storkommunen Ålesund.

– Folk i kommunen har ulike opplevingar av prosessen. Nokre er stormande glade. 7 av 10 sa ja til å dele kommunen. Men så finst det også dei som har andre meiningar. Slik er det i eit samfunn og i eit demokrati. Vi har ulike meiningar. Fleirtalet har gitt oss eit mandat og det er dette vi skal følgje no, seier han.

– Ta vare på det positive

Folk i Haram er spent på kva som kjem til å skje i kommunen når skilsmissen er fullbyrda. Kommunen kan få ein stram økonomi og spørsmålet om eigedomsskatt ser ut til å stå sentralt.

– Ja det er klart eg er spent. Eg trur dette blir bra. Og det er viktig å ta vare på det som har vore positivt. Alt har ikkje vore ille i tida vi har vore saman med Ålesund, seier Karl Ole Nogva.

– Eg også trur dette blir bra. Eg er optimist. Det viktigaste er at vi får eit godt tilbod i Haram, seier Regine Longva.

Karl Ole Nogva og Regine Longva

Karl Ole Nogva og Regine Longva er spent på kva som skjer i kommunen når Haram blir sjølvstendig frå årsskiftet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stram økonomi i ny kommune

Økonomien skaper allereie uro i den nye kommunen. Og det er enno ikkje heilt klart kva verdiar Haram får med seg ut av ekteskapet med Ålesund. Det er alt no varsla tiltak innan skule, barnehagar og eldreomsorg for å få ein leveleg økonomi. Og det blir framleis eigedomsskatt på same nivå som det har vore i Ålesund.

Senterpartiordføraren drøymer om ei framtid utan eigedomsskatt.

– VI har gått til val på at vi ønskjer å fjerne eigedomsskatten i løpet av perioden. Det skal vi jobbe for. Men det er nok ikkje realistisk å gjere dette det første budsjettåret. Vi må få eit oversyn mellom anna på følgjene av høge renter. Så får vi sjå kor lenge dette er ei problemstilling, seier ordførar Vebjørn Krogsæter.