Hopp til innhold

Reverseringa nærmar seg eit milliardbeløp meiner politisk kommentator

Ålesund kommune vil sette skilsmissa på vent. Politisk kommentator, Lars Nehru Sand, trur regjeringa nærmar seg eit milliardbeløp for å dekke kostnadane til alle som vil skilje seg.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) slår klubba i bordet. Ved siden av ho sit kommunedirektøren Jon Steven Hasseldal.

ÅLESUND: Ordførar, Eva Vinje Aurdal (Ap), slår klubba i bordet på kommunestyremøtet. Ved sida av ho sit kommunedirektøren, Jon Steven Hasseldal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det har vore eit turbulent ekteskap mellom dei to kommunane på Sunnmøre. I 2020 måtte Haram kommune under tvang bli ein del av den nye storkommunen Ålesund, som består av fem kommunar.

Men ny regjering kom med lovnad om at Haram fekk skilje seg. No har kommunestyret bestemt seg for å stanse arbeidet fram til dei veit kor mykje pengar dei får.

Politisk kommentator i NRK trur det handlar om å sette press på regjeringa.

– Her ønsker Ålesund kommune å seie veldig klart frå til regjeringa kor mykje dette hastar for dei.

Han trur ikkje at det er eit alternativ at dei stoppar prosessen med å skilje Haram frå Ålesund, men at det handlar om å få eit raskt svar.

– Eg trur det vil vere overraskande om ein gjer om på det. Det vil ha ein kostnad på sett og vis, ikkje berre i kroner og øre.

Det blåe og raude feltet viser dagens Ålesund kommune. Frå 01.01.2024 vil det raude feltet, Haram, bli eigen kommune.

Føler seg åleine

Ordføraren i Ålesund peiker på at kommunedeling er upløyd mark. Ho fryktar dei må redusere tilbodet i kommunen om dei ikkje får dekt det dei har behov for.

– Vi har ikkje fått svar, har ikkje fått tryggleik for å kostnadane blir dekka, seier Eva Vinje Aurdal (Ap) på kommunestyremøtet.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), sit med ryggen til. Ho ser på skjermen der resten av kommunestyrerepresentantene er med på Teams.

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), seier kommunedelinga er eit stort og kostbart prosjekt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Torsdag vedtok kommunestyret å utsette arbeidet med kommunedelinga fram til dei har fått svar på kor mykje pengar dei får frå regjeringa. Det skjedde mot røystene til Senterpartiet, Raudt, to Ap-politikarar og ein SV-politikar

Trass i at dei for to veker sidan var i eit møte med kommunalministeren, veit dei framleis ikkje korleis framtida for kommunen blir.

– Det er snakk om veldig mykje pengar, og vi vil ikkje finne oss i at dette er noko som den enkelte innbyggjar skal svi for. Vi må vite om vi har inndekning for dei tenestene som vil tilbyr, seier ordføraren.

– Nærmar seg milliardbeløp

I statsbudsjettet er det sett av 200 millionar kroner til å dekke fylkes- og kommunesamanslåingar.

Men desse pengane skal dekke kostnadane til Viken, Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark. I tillegg kan det vere mogleg at Søgne vil gå ut av Kristiansand kommune.

Lars Nehru Sand trur det er openbert for regjeringa at dei må legge meir pengar på bordet.

– Det betyr at regjeringa må vere førebudd på å kanskje nærme seg eit milliardbeløp, eller gå over det.

No ventar Ålesund og dei andre på svar frå regjeringa kor mykje pengar dei faktisk kan få. Sand trur kommunen vil få store delar av den summen dei ber om.

– Eg trur dei i all hovudsak vil få ganske mykje av det dei har bedt om.

Han peiker på at prosessen med å gå gjennom søknadane er i sluttfasen, og trur at eit svar om kor mykje pengar dei får til slutt, vil komme innan eit par veker.

Les også Ålesund ber Stortinget stoppe kommunedeling

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund. Ragnhild Marken Seth