Hopp til innhold

Resultatet av folkerøystinga er klart: Haram vil ut av Ålesund

Folket i Haram har gitt eit tydeleg svar. Eit klart fleirtal av innbyggarane vil ut av Ålesund kommune.

Folkeavstemming i Haram.

Folk som bur i tidlegare Haram stemmer om Haram skal skilje seg frå Ålesund. Valfunksjonærane Tove Laila Bjerke (v) og Bente Fjørtoft Klokk (h).

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Då fem kommunar blei til nye Ålesund, skjedde samanslåinga av Haram med tvang. No har folket i den gamle kommunen sagt klart ifrå gjennom ei rådgjevande folkerøysting: 70 prosent vil ut av Ålesund.

Resultatet viser at 3 628 ønskjer Haram utskilt som eigen kommune, medan 1 424 ønskjer at Haram framleis skal vere ein del av Ålesund kommune.

Resultatet er førebels, fram til valstyret kan samle seg for å godkjenner resultatet fredag.

– Det er gitt ein klokkeklar beskjed til kommunestyret i Ålesund: Haram skal ut, seier ein tydeleg rørt Harald Nordang.

Han er leiar for aksjonsgruppa «Haram ut av Ålesund», og ser på resultatet som ein siger.

Harald Nordang

Harald Nordang, leder for aksjonsgruppa «Haram ut av Ålesund».

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

– No skal vi leve saman etter dette. Vi skal inn i ein ny Haram-kommune. Vi skal samarbeide og skape relasjonar og verte ein god kommune for alle bygdene i Haram.

– Men no blir det ikkje avgjort før 17. mars om Haram blir ein eigen kommune?

– No har politikarane fått eit heilt klart mandat. Dei har spurt folket, og no har dei fått svar. Dette er ein så klar beskjed som det går an å få. Når dei har spurd folk etter råd, må dei også lytte til folket.

– Ikkje overraskande

Kathrine Pernille Beite, nestleiar i «Vi som vil bli i Ålesund», er skuffa over resultatet, men ikkje sjokkert.

– Det var ikkje så veldig overraskande. Men eg er glad for at kommunedelane ved Gryta og Tennfjord viser et fleirtal for å framleis vere i Ålesund.

Kathrine Pernille Beite, FAU-leiar ved Tennfjord skule.

Kathrine Pernille Beite, nestleiar i aksjonsgruppa «Vi som vil bli i Ålesund».

Foto: Trond Vestre / NRK

Ho kunne ønske det var eit overveldande fleirtal for å bli i Ålesund, men seiar ho er realist og hadde sett det kome.

Eg håpar at når politikarane har vurdert heilskapen av det her, ser at det er mest fornuftig å vere ein Ålesund kommune, der ein er sterkare saman og får til meir saman.

Tar med resultata i avgjerda

– Eit så klart resultat, trur eg ingen forventa å få, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp).

Han meiner at sidan valdetakinga på folkerøystinga var så høg, gir det stor legitimitet til avrøystinga.

Varaordfører i Ålesund, Vebjørn Krogsæter (Sp) er glad for at 16- og 17-åringer for stemmerett ved folkeavstemninga om Haram skal bli egen kommune igjen.

Vebjørn Krogsæter (Sp), varaordførar i Ålesund kommune, ønsker at Haram skal ut av Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Og Krogsæter trur at avgjerda politikarane skal ta 17. mars kjem til å bli at Haram skal ut av Ålesund.

– Eg er rimeleg sikker på det. Eg kan ikkje sjå at ein kan sjå vekk frå det som kom fram i dag.

Eva Vinje Aurdal (Ap), ordførar i Ålesund kommune, trur alle politikarane i Ålesund vil ha respekt for det denne folkerøystinga viser, når dei skal ta ei avgjerd 17. mars.

– Vi har bedt folk om råd, og eg synest folk har svart godt på det. Eit veldig godt frammøte. Lokalmiljøet har engasjert seg, og rådet er tydeleg: at folk i gamle Haram kommune ønsker kommunen sin tilbake.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap).

Foto: Viktoria Hellem Hansen / NRK

Ho meiner det har vore vanskeleg for Ålesund kommune å kome i gang, og at den nye kommunen ikkje heilt har fått vist kva den står for.

– Når vi fekk denne tidsfristen frå departement og regjeringa om at det måtte avgjerast no, på ein så kort tidsintervall, følte eg det var litt tidleg å bedømme Ålesund kommune.

– Eg synest det var litt urettferdig, seier Aurdal.

Og då understrekar ho også at det ikkje var Ålesund kommune som bestemte at Haram skulle tvingast inn i dette «ekteskapet».

Stort fleirtal

Klokka 21:15 kom resultatet frå førehandsrøystinga. Den viste at eit klart fleirtal ønskjer Haram ut av Ålesund. 87 prosent stemte for at Haram skal ut, medan 12 prosent vil at Haram skal bli verande. 0,85 prosent stemde blankt.

Det er berre innbyggarane i gamle Haram som får vere med i folkerøystinga. Rundt 30 prosent av dei som har stemmerett har førehandsstemt.

Opinionsundersøkinga, der innbyggarar frå heile Ålesund kommune har deltatt, viser at rundt halvparten av dei spurte støttar at Haram får skilje seg frå Ålesund. 43 prosent er ueinige i dette.

17. mars skal kommunestyret i Ålesund avgjere om det skal sendast ein søknad om å la Haram få skilje seg frå Ålesund.

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) har tidlegare sagt til NRK at mange er opptatt av folkerøystinga, men at opinionsundersøkinga også blir viktig når politikarane skal ta ei avgjerd.

Folk forhåndsstemmer under folkeavstemninga i Haram.

I ei veke har folk kunne stemme i folkeavstemminga i Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tvangssamanslått

I 2017 vedtok Stortinget at Haram skulle bli ein del av Ålesund. Det skjedde med tvang. Protestane var mange og høglydte, men dei nådde ikkje fram.

Men nye Ålesund har ikkje gått heilt etter planen. Dei økonomiske utfordringane har vore store, med kutt, nedbemanning og misnøye. På grunn av det har innbyggjarane i gamle Haram engasjert seg.

Ei aksjonsgruppe bad om folkerøysting om Haram skulle få skilje seg frå Ålesund. Det blei samla inn rundt 4000 underskrifter. Politikarane i Ålesund vedtok at det skulle vere folkerøysting i Haram og opinionsundersøking i heile Ålesund.

Mange var spente på kva som skulle bli resultatet av folkerøystinga 3. mars. Folk som bur i Haram har kunne stemme på førehand i ei veke. Også 16- og 17-åringane fekk stemme.

Haram blei slått saman med Ålesund med tvang gjennom vedtaket i Stortinget i 2017.