Hopp til innhold

Feira skilsmisse frå Ålesund med bryllaup

Den engasjerte lokalpolitikaren Lisa Alvestad nekta å gifte seg før heimkommunen fekk skilje lag med Ålesund. Etter fem turbulente år står ho i dag brud.

Ekteparet Robin Røkke og Lisa Alvestad.

NYGIFT: Nytt år, og ny kommune. Robin Røkke og Lisa Alvestad gav kvarandre sitt ja i den nye kommunen Haram - heilt i starten av det nye året.

Foto: Privat

Firebarnsmora og lokalpolitikaren Lisa Alvestad (Sp) stilte i kvit brudekjole under bryllaupet 1. nyttårsdag. Det skjedde i ein gapahuk i ein heilt fersk kommune.

Etter fem år saman med Ålesund kommune er det slutt på tvangssamanslåinga.

Då Alvestad fekk beskjed om at storkommunen blei oppløyst 1. januar 2024 visste ho umiddelbart når ho ville gifte seg.

– Vi har ilag kjempa for at Haram skal få kome fri igjen, så det har ei symbolsk betydning for oss, seier bruda til NRK.

Lisa Alvestad og Robin gifta seg i Haram kommune 1. januar 2024. I bakgrunn ser du ordfører Vebjørn Krogsæter som viet paret.
Foto: Privat

7 av 10 ville ut av kommunen

Det var eit lukkeleg ektepar som sa ja til kvarandre framfor ordføraren i den nye kommunen, Vebjørn Krogsæter.

Hopehavet mellom Ålesund og Haram blei langt meir traumatisk og har ført til skarpe protestar i årevis etter at dei to kommunane blei slått saman i 2017. Det skjedde i Stortinget, og det blei gjort med tvang. Resultatet blei storkommunen Ålesund.

Men livet i nye Ålesund blei ingen dans på roser. Dei økonomiske problema skapte stor misnøye.

I Haram blei det fremma krav om folkerøysting om Haram skulle få bli eigen kommune igjen.

71,7 prosent av dei som stemte, ville ut av Ålesund.

Les også Den første tvangssamanslåtte kommunen får skiljast

 Trond Skjelten heiser flagget i Brattvåg

Sikker på at det varer

Samanslåinga av Ålesund og Haram blei turbulent og varte til slutt ikkje meir enn fem år. Lisa Alvestad er ikkje redd for at det same skal skje med ekteskapet hennar.

– I utgangspunktet er dette ikkje noko tvangsekteskap, det er det viktigaste. Det er heilt frivillig, ler ho.

Bryllaupet blir feira med middag med til saman fire barn og resten av familien. Til sommaren blir det storstilt feiring på heimgarden i Haram.

Lisa Alvestad og datteren i Haram.
Foto: Privat