− Etter å ha vurdert søknaden frå Ålesund, er konklusjonen at kommunen får kompensert 200 millionar kroner for kostnader ved deling, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
I dag sende han brev til Ålesund kommune om tildelinga.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik gir 200 millionar kroner til skilsmissa mellom Ålesund og Haram. Arkivfoto.
Foto: Tom Balgaard / NRKI juni i 2022 gjekk flagga til topps då det blei klart at Stortinget sa ja til at Haram skulle få bli ein eigen kommune igjen.
Dei blei dermed den første tvangssamanslåtte kommunen som fekk skilje seg. Men det har vore stor usikkerheit om kor mykje av kostnaden regjeringa vil ta.
Ålesund kommune har rekna ut at det vil koste 237 millionar kroner og har stoppa prosessen fordi dei ikkje har fått stadfesting frå regjeringa.
Den uavklarte situasjonen har vore so belastande at fleire tilsette har sagt opp jobben.
No ha dei fått beskjed om at dei får dekt 200 millionar kroner.
Det er 37 millionar mindre enn dei hadde bede om.
Glad og letta
Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) er glad og letta over nyhenda.
– No kan vi gå vidare og ta opp att arbeidet med delinga. Det treng vi for vi har heile tida hatt dårleg tid, seier Aurdal.
Ho seier vidare at tala no må analyserast og at det ser ut som om dei ikkje har fått tryggleiksmarginen dei bad om. Det kan by på trøbbel.
– Eg veit ikkje om det er mogleg at vi kan kome attende om det skulle syne seg at rekneskapen sprekk, så det må eg berre finne ut, seier Aurdal
Ordføraren vil kalle inn til ekstraordinært formannskapsmøte, anten fredag eller måndag.
Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, seier ho aldri fekk hengt opp det store kartet over nye Ålesund på kontoret sitt, før det snart vert utdatert att.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKIkkje innafor kriteria
Gjelsvik seier at regjeringa heile tida har vore tydelege på at dei skal dekke dei «nødvendige og direkte kostnadane etter nøktern standard» for skilsmisser i tvangssamanslegne fylke og kommunar.
Han seier at marginen Ålesund hadde lagt inn, dei 31 millionane dei ikkje fekk, ikkje var innanfor desse rammene.
– Det å dekke ein tryggleiksmargin er ikkje innanfor kriteria vi har sett opp, seier han.
I utgangspunktet hadde regjeringa sett av 200 million til deling av både kommunar og fylke i landet. Men politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, trur summen blir over ein milliard kroner.
Det vil dekke kostnadane for delinga av Viken, Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark i tillegg til Ålesund.
Men no har altso Ålesund og Haram fått heile potten på 200 millionar.
Ordførar Eva Vinje Aurdal og kommunedirektør Jon Steven Hasseldal fekk beskjed om pengesummen som kom frå regjeringa berre minutt før nyheita var ute. No har dei kalla inn til ekstra møte i formannskapet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKNøgd med summen
Varaordførar Vebjørn Krogsæter (SP) i Ålesund er også glad for beskjeden.
– Eg tenker vi skal vere godt fornøgd. Vi må huske på at i den søknaden om 237 millionar så er det 15 prosent som ein usikkerheit. Trekk ein frå det, så er det omtrent 200 million som er dokumentert i søknaden, seier Krogsæter.
Varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) er godt nøgd. Han stiller også som ordførarkandidat for nye Haram kommune til valet i september. Arkivfoto.
Foto: Trond Vestre / NRKHan skulle gjerne også hatt dei siste 15 prosentane, men meiner det er mogleg å greie seg innanfor rammene ein no har fått og kome i gang med arbeidet så raskt som mogleg.
Også kommunedirektøren, Steven Hasseldal, set pris på avklaringa dei no har fått.
– Det var ein veldig, veldig fin avklaring. Vi har stått i ein skvis no i lang tid, og har stoppa prosessen. Så det at vi no har fått lovnad om 200 millionar, det er om lag det vi spurte om, minus risikopåslaget.
– Sløsing med pengar
Stortingsrepresentant Mudassar Kapur (H) er kritisk og meiner pengane heller burde ha blitt brukt på å lag betre teneste for innbyggjarane.
– Vi har ei regjering som på inn- og utpust snakkar om prioritering av pengar og kutt av tenester. Samtidig så har dei altså råd til å bruke over ein milliard på reversering av kommune- og regionreforma. Det er sløsing av skattebetalarane sine pengar, uttalar han.
Regjeringa opplyser at dei tvangssamanslåtte fylkeskommunane vil få svar på sine søknader snarleg.
Kommunedirektøre Steven Hasseldal meiner Ålesund skal klare å gjennomføre skilsmissa med pengane dei no vil få, trass i at det er mindre enn dei ba om.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKÅlesund vil verte ein mindre kommune att om skilsmissa med Haram går som den skal.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK