Hopp til innhold

Krev pengar til å dekke kommunedeling – vurderer å stoppe prosessen

Skilsmissa mellom Ålesund og Haram har blitt ei økonomisk knipe. Kravet er at regjeringa tek rekninga. I dag møtte leiinga i Ålesund kommunalministeren for å få eit svar. Det fekk dei ikkje.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i eit møte med kommuneleiinga i Ålesund kommune om delinga av Haram og Ålesund

MØTE: Den politiske leiinga i Ålesund møtte kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i Ålesund i dag. Der håpte dei å få svar på kor mykje pengar dei får til å dekke kommunedelinga av Haram og Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi treng eit svar no og må vite om vår vedtatte budsjett- og økonomiplan er gyldig, seier ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal (Ap).

I juni i 2022 gjekk flagga til topps då det blei klart at Stortinget sa ja til at Haram skulle få bli ein eigen kommune igjen. Dei blei dermed den første tvangssamanslåtte kommunen som fekk skilje seg.

Regjeringa har lova at Ålesund kommune skal få dekt kostnadane som er absolutt nødvendige ved oppdelinga av Ålesund og Haram, men har framleis ikkje sagt noko om kor mykje dei skal få.

I dag møtte leiinga i Ålesund kommune kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Håpet var at dei skulle få svar på nettopp dette. Det fekk dei ikkje.

– Det var eit godt møte og vi fekk presentert budsjettet vårt. Men eg synest departementet og statsråden tek seg alt for god tid til å svare på søknaden vår. Vi fekk eit løfte om at saka skal få prioritet, men ikkje ein dato slik eg hadde ønska meg, seier Aurdal etter møtet.

Varaordfører i Ålesund Vebjørn Krogsæter og ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal under eit møte med kommunalministeren.

Varaordførar i Ålesund Vebjørn Krogsæter og ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal under eit møte med kommunalministeren.

Foto: Trond Vestre / NRK

Slått saman med tvang

I 2017 bestemte Stortinget at Haram skulle bli ein del av den nye storkommunen Ålesund frå 2020. Det skjedde med tvang.

Dei som bur i Haram var misfornøgde med kvardagen i den nye kommunen og kravde folkerøysting. Svaret var ikkje til å misforstå. 71,7 prosent ville at Haram skulle få bli ein eigen kommune igjen. Dette var ein siger for dei som hadde kjempa for lausriving.

No truar den økonomiske situasjonen i Ålesund draumen om at Haram skal få oppstå som ny kommune.

Økonomisk knipe

Politikarane i Ålesund har vore uroa for konsekvensen dersom ikkje kostnadane ved å skilje ut Haram blir dekt av staten. Kommunen har økonomiske problem, og står i fare for å hamne på Robeklista.

Spørsmålet er om regjeringa vil dekke kostnadane. Senterpartileiaren Trygve Slagsvold Vedum har tidlegare sagt at dette ikkje ville bli noko problem.

Ålesund kommune meiner det vil koste så mykje som 237 millionar kroner å dekke kostnadane ved å skilje ut Haram.

Det er meir enn heile beløpet på 200 millionar som er sett av i statsbudsjettet til fylkes- og kommunedelingar.

Les også Manglar over 600 millionar kroner til skilsmisseoppgjeret: – Krise

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik under framleggelsen av regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet for Stortinget.

Kan ikkje seie når ei avklaring kjem

Då kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik blei spurt om det blei presentert konkrete summar på møtet i dag, eller om det kan bli aktuelt å legge meir pengar på bordet, svarte han følgande.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i eit møte med kommuneleiinga i Ålesund kommune om delinga av Haram og Ålesund.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik seier dei skal prioritere saka, men kan ikkje svare på når svaret på Ålesund sin søknad kjem

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har heile tida sagt at vi skal dekke nødvendige og direkte kostnadar knytt til delingsprosessen. Det er grunnlaget som ligg i søknadane som er det regjeringa vil bruke når vi skal avgjere kva vi skal dekke. Dette gjeld både for Ålesund og fylka, seier han.

Gjelsvik seier vidare at dei skal behandle saka så raskt som råd. Trass gjentatte spørsmål kunne han ikkje svare på kor lang tid dette vil ta.

– Dette er ei sak vi vil prioritere slik at prosessane kan halde fram, både i Ålesund og i fylka som skal delast. Vi skal gå gjennom søknadane og gi ei tilbakemelding så raskt som mogleg.

Vurderer å stoppe planane om kommunedeling

Formannskapet i Ålesund har bedd Stortinget om å stoppe kommunedelinga om dei ikkje får dekt nok av kostnadane.

No reiser ordførar Aurdal heim igjen til Sunnmøre. Der skal ho kalle inn til eit kommunestyremøte for å fortelje om møtet med ministeren. Aurdal vedgår at det kan vere aktuelt å legge kommunedelinga på is.

– Det kan det bli. I alle fall om departementet bruker lang tid på å kome med eit svar. Det blir ein umogleg situasjon om vi ikkje får dekt utgiftene som vi har med delinga, seier ho.

Varaordførar i Ålesund, Vebjørn Krogsæter (Sp) seier at saka skaper uro og at det hastar å få ei avklaring. Han håper departementet vurderer dei nødvendige og direkte kostnadar på same måten som kommunen har gjort og at dei vil auke potten.

– Eg trur ikkje at det er så stort sprik lenger etter at vi har fått forklart kva som ligg i vår søknad, seier han.

Les også Ålesund ber Stortinget stoppe kommunedeling

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund. Ragnhild Marken Seth