Hopp til innhold

Ålesund ber Stortinget stoppe kommunedeling

Ålesund vil halde fram som ein storkommune og ber Stortinget stoppe oppdelinga av kommunen.

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund. Ragnhild Marken Seth

KAMP: I juni 2022 blei det klart at Haram skulle få oppstå som eigen kommune frå januar 2024. No prøver Ålesund å stoppe kommunedelinga.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Det er klart etter eit møte i formannskapet tysdag. Det var VG som først omtalte saka.

Regjeringa har lova at Ålesund kommune skal få dekka kostnadane som er absolutt nødvendige ved oppdelinga av Ålesund og Haram, men har framleis ikkje sagt noko om kor mykje.

– Kan ikkje bere kostnadene

Ordførar Eva Vinje Aurdal seier at ho er skuffa over at kommunen framleis ikkje har fått beskjed om kor mykje staten faktisk vil dekke, og seier at kommunen er i ein alvorleg situasjon.

– Når departementet ikkje kan gi oss svar på når vi kan få tryggleik for at kostnadene blir dekka, skaper dette ein vanskeleg situasjon for Ålesund. Ålesund kan ikkje bere desse kostnadene, og derfor ser vi oss nøydde til å be Stortinget om å gjere om på delingsvedtaket, seier Aurdal (Ap).

Eva Vinje Aurdal (Ap), ordfører i Ålesund kommune.

Ifølgje Eva Vinje Aurdal skal saka behandlast i eit ekstraordinært kommunestyremøtet seinare i veka.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ho får støtte frå gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Geir Ove Leite.

Eg likar ikkje å seie slike ting, men no må vi spørje oss: Kva er det dei heldt på med ned i Oslo? Det er arrogant og lite respektfullt av Kommunal- og distriktsdepartementet.

Står framleis ved lag

Kommuneleiinga vil be om eit møte med myndigheitene for å drøfte saka.

I ein e-post til NRK skriv kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik at Ålesund har ansvar for å gjennomføre delingane og for at dei nye organisasjonane er operative frå 1. januar 2024, slik Stortinget har vedteke.

– Vi er opptekne av å ha god dialog med Ålesund i denne prosessen, skriv Gjelsvik.

Sigbjørn Gjelsvik
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Mykje motstand mot samanslåing

I juni i 2022 gjekk flagga til topps då det blei klart at Stortinget sa ja til å la Haram få bli ein eigen kommune igjen. Dei blei dermed den første tvangssamanslåtte kommunen som fekk skilje seg.

I 2017 blei det nemleg bestemt at Haram skulle bli slått saman med Ålesund med tvang, og frå januar 2020 blei dei ein del av den nye storkommunen på Sunnmøre. Sidan har mange i den gamle kommunen kjempa for å kome seg ut.

Les også Den første tvangssamanslåtte kommunen får skiljast

 Trond Skjelten heiser flagget i Brattvåg

Fryktar kostnaden med kommunedeling

Etter at vedtaket om kommunedeling blei gjort har politikarane i Ålesund vore uroa for at dei blir sittande med svarteper dersom ikkje alle kostnadane ved å skilje ut Haram blir dekt av staten. Kommunen har økonomiske problem, og står i fare for å hamne på Robeklista.

Ålesund kommune meiner det vil koste så mykje som 237 millionar kroner å dekke kostnadane ved å skilje ut Haram.

Det er meir enn heile beløpet som er sett av på statsbudsjettet til fylkes- og kommunedelingar.

Les også Manglar over 600 millionar kroner til skilsmisseoppgjeret: – Krise

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik under framleggelsen av regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet for Stortinget.

Må lage to nye kommunar

Når, eller om, Ålesund blir delt opp må det opprettast to heilt nye kommunar: nye Ålesund kommune og nye Haram kommune.

For å gjere rekninga mindre, foreslo Ålesund at ein kunne behalde den noverande kommunen som ein juridisk eining. VG skriv at det ville gjort at ein «berre» trengde å skilje ut forhold som skulle til Haram, mens alt anna kunne blitt med vidare i den nye og mindre Ålesund kommune.

Men Regjeringa meinte at lovverket ikkje opnar for ei slik løysing.

Meiner Regjeringa sviktar

Høgres ordførarkandidat er frustrert over at dei ikkje får vite kor mykje staten vil dekke.

Det er ingenting som tyder på at dei har tenkt å ta oss på alvor, seier Monica Molvær (H) og viser til det ikkje blei sett av meir pengar i statsbudsjettet sjølv om kommunen og fylka hadde meldt ifrå kva behovet var i forkant av forhandlingane med SV.

Kor mykje meir må vi kutte? Budsjettet vi har laga er ikkje verdt papiret det er skrevet på ein gong. Det er vi og innbyggarane som må betale for politikken som Regjeringa sviktar oss på no, seier Molvær.

– Regjeringa har heile tida vore tydeleg på at vi vil dekkje nødvendige, direkte delingskostnader etter søknad. Dette står framleis ved lag. Departementet har fått søknadene og er i gang med å behandle desse så raskt det lèt seg gjere, skriv kommunal- og distriktsministeren i e-posten til NRK.

Varaordfører i Ålesund, Vebjørn Krogsæter (Sp) og Monica Molvær (H).

Varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) saman med Monica Molvær (H).

Foto: Trond Vestre / NRK

Unødvendig drama

Senterpartiet stemte mot forslaget om å stoppe kommunedelinga. Gruppeleiaren i Senterpartiet i Ålesund meiner at ein må stole på løfta dei har fått.

– Departementet har sagt at dei vil behandle søknaden til Ålesund så fort som råd, og at dei skal dekke kostnadene. Ingenting har endra seg, og dette er unødvendig drama, seier Lisa Alvestad,.

Ho viser til at Ålesund kommune har vedtatt eit budsjett der det ikkje er sett av mykje ekstra til kommunedeling.

– Det ser eg ingen problem med. Det blir kommunedeling, og innbyggarane i Haram treng ikkje å bekymre seg, seier Alvestad.

Les også:

Les også Fryktar økonomisk ruin om ikkje regjeringa betalar for skilsmissa

haram