Hopp til innhold

Forskar slår alarm: – Eit virvar av kommunar som berre shoppar samarbeid

Mange kommunar bryt lova ved at dei ikkje gir innbyggjarane det tilbodet dei har krav på. Ekspert meiner det er heilt avgjerande at kommunane lukkast med å samarbeide.

Normal vannstand i elva Surna ved Litløya i Surnadal kommuen.

Surnadal kommune er involvert i 49 interkommunale samarbeid. Det er flest i Møre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er ei stor utfordring å få tak i utdanna fagpersonar på små plassar. Difor er vi avhengig av interkommunalt samarbeid. Det gjer at vi kan ha fleire heile stillingar og gir oss eit betre fagmiljø. Og den økonomiske vinsten er stor.

Torbjørn Larsen er rektor på kulturskulen i Surnadal og Rindal. Kring 300 elevar frå dei to kommunane har glede av dette tilbodet. Administrasjonen sit i Surnadal. Men undervisninga er delt mellom Surnadal og Rindal.

Dette er langt frå det einaste samarbeidet Surnadal deltar i. Surnadal er involvert i 49 interkommunale samarbeid. Det er flest i Møre og Romsdal.

PP-tenesta som skal hjelpe elevar og born med særlege behov, brann. legevakt og barnevern er andre døme på samarbeid der Surnadal er med.

Surnadal kulturhus med kino, bibliotek og kulturskole.

Kulturskulen for både Surnadal og Rindal kommune held til i Surnadal kulturhus.

Foto: Torbjørn Larsen

Kommunar under press

Samarbeid med andre kommunar er naudsynt for å kunne gi folk eit godt tilbod. Også kommuneanalytikaren Geir Vinsand meiner kommunane i landet er avhengig av dette. Han følgjer dei på nært hald. Og han likar ikkje det han ser.

– Her er det er jo eit virvar av kommunar som berre shoppar samarbeid på kryss og tvers, seier Vinsand.

Kommunane i landet er under press. Mange slit med å få endene til å møtast. Og dei får ikkje tak i dei fagfolka dei treng for å kunne gi deg og meg dei tenestene vi har krav på.

Ei løysing kan vere meir samarbeid med naboane.

Men det er det ikkje alle som vil.

Geir Vinsand, samfunnsforsker, NIVI analyse

Dagleg leiar i NIVI Analyse, Geir Vinsand, utfordrar kommunane på samarbeid.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Uforsvarleg

I nokre av kommunane i landet med dei største utfordringane lyser varsellampene for fullt. Konsekvensane er store og resultatet blir at kommunane bryt lova ved å ikkje gje innbyggarane tenestene dei har krav på.

Som i Hareid og nær 70 andre kommunar, der dei ikkje har det lovpålagde tilbodet om kommunepsykolog.

– Dette er uforsvarleg og går ut over dei som bur der. Det handlar om folk si velferd. I nokre kommunar blir lova berre følgt i kring 50 prosent av tilfella, seier Vinsand.

Meir og betre samarbeid med faste partnarar er løysinga, meiner Geir Vinsand. Han veit kva han snakkar om. Gjennom mange år har han hatt ansvaret for ei lang rekke med utgreiingar i Kommune-Noreg.

Vinsand var og sekretær for det regjeringsoppnemnde Christiansen-utvalet som greidde ut kommune- og fylkesinndelinga i Noreg på 1990-talet. I 2007 var han med å starte rådgivingsselskapet NIVI Analyse.

No har han saumfare det interkommunale samarbeidet i fleire av fylka i landet. Mellom anna har han skrive rapportar om kommunane i Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Han meiner dette handlar om generalistkommunen si framtid.

– Vi står ved eit vegskilje. Samarbeidet må bli mykje meir einskapleg organisert. Kommunane må ha faste partnarar. Dei må samarbeide om kjerneoppgåver som til helse, sosial tenester og planarbeid. Og i staden for at vertskommunar skal styre samarbeidet må dette bli meir likeverdig.

Fra fotoskjul i Båtsfjord

Krise i småkommuner i Finnmark – innrømmer systematiske lovbrudd

Manglar oversikt

På Sunnmøre har Haram blitt eigen kommune igjen etter å ha blitt skilt frå Ålesund. Den nye kommunen vil inngå samarbeid med andre på fleire område, men vil ha eige barnevernsteneste, PP-teneste og NAV-kontor.

Men ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) seier han har sans for åtvaringane. Han peikar på geografi som ei utfordring.

– Men dette er noko vi heilt sikkert kan bli betre på. Skal vi greie å samarbeide så må vi vere likeverdige partnarar. Og så må vi få betre oversikt. Det har kome inn mange nye politikarar som ikkje har aning om kva avtalar som finst.

Vebjørn Krogsæter er Senterpartiets ordførerkandidat i Haram kommune i 2023.

Ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) meiner Haram kan utføre fleire oppgåver på eige hand, men er samd i at samarbeidet måfå ei fastare form.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har ein lang veg å gå

Mange av dei rapportane som Geir Vinsand har laga, har skjedd på oppdrag frå statsforvaltarane. Dei er Staten si forlenga arm i fylka. Dei fører mellom anna kontroll med kommunane. Og dei følgjer nøye med på kva som skjer.

Else May Norderhus i Møre og Romsdal seier ho er uroa. Kommunane har hamna i ein spagat som berre blir større og større. Folk krev gode tenester, og det har blitt stadig meir utfordrande å møte desse krava.

Ho peikar på samarbeid som ei viktig del av løysinga.

– Vi har ein lang veg å gå. Men vi er klar til å den vegen. Eg trur vi er nøydde til sjå på korleis samarbeidet mellom kommunane skal vere i framtida. Det blir kjempeviktig.

Else May Norderhus er statsforvalter i Møre og Romsdal.

Kommunane er innstilt på meir og betre samarbeid, seier statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Else May Norderhus.

Foto: Trond Vestre / NRK

Geir Vinsand meiner det hastar med å finne betre og meir einskaplege, faste måtar å samarbeide på. No oppmodar han kommunane om å sjå moglegheitene. Dei må i mykje større grad styre utviklinga, seier han.

– I dag er det eigentleg ikkje noko samarbeid. Kommunane må ta det dei får. Du får levert den tenesta som vertskommunen ønskjer å levere, og så betaler du rekninga.

Gabionmur

Statsforvalter bekymret for at kommuner dropper skredsamarbeid

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL