Hopp til innhold

Overraska over at ikkje heile Haram blir skilt ut av Ålesund

Politikarane i Ålesund avgjorde i kveld at Haram skal få skilje seg ut frå storkommunen. Men to krinsar kan bli igjen i Ålesund. Det skapar reaksjonar.

Bystyremøte, Haram ut av Ålesund

Kommunestyret i storkommunen Ålesund stemte i dag for at gamle Haram skal få bli ei eiga kommune igjen.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Kveldens avstemming på Sunnmøre kan vise seg å bli historisk. Haram kan bli den første i Noreg sidan 1977 som blir skilt ut som eigen kommune.

Det skjer etter at 44 politikarar torsdag kveld stemte for at Haram skal få gå ut av Ålesund. 33 stemte i mot. Dette er dermed i tråd med folkeavstemminga, der over 70 prosent av innbyggarane i tidlegare Haram stemte for skilsmisse.

Men det kan ende opp med at ikkje heile Haram får gå ut av kommunen. Det blei nemleg også stemt over forslaget om dei to krinsane Søvika/Grytestranda og Vatne/Tennfjord skulle bli med Haram ut av Ålesund.

Her stemte 42 for at dei to krinsane skulle bli i storkommunen, medan 35 stemte i mot.

No blir det sendt ein søknad til departementet om frådeling for delar av gamle Haram kommune. Så er det opp til regjeringa å ta den endeleg avgjerda.

Folk fra Haram demonstrerte utenfor rådhuset i Ålesund før kommunestyret skulle behandle spørsmålet om Haram skal få bli egen kommune

Folk frå Haram demonstrerte framfor rådhuset i Ålesund da kommunestyret skulle behandle spørsmålet om Haram skulle få bli egen kommune.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

– Overraska og skuffa

Det var fullt hus i kommunestyresalen då politikarane skulle ta stilling til om Haram og Ålesund skulle skilje lag. Mange hadde kome frå Haram for å følgje debatten på nært hald.

Lillian Ulvestad og Ragnhild Marken Seth er blant dei som har kjempa for at Haram skal få bli ein eigen kommune igjen. Dei er overraska over at berre delar av kommunen kan bli skilt ut.

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund. Ragnhild Marken Seth

SKUFFA: Ragnhild Marken Seth seier ho er skuffa over torsdagens vedtak.

Foto: per-Ivar Kvalsvik

– Eg synest det er overraskande at ein skal søke om kommunereversering for berre delar av ei kommune som blei tvangssamanslått, seier Ulvestad.

– Eg er veldig skuffa. Eg veit ikkje om politikarane har tenkt over alle konsekvensane dette kan føre til. Eg fryktar for eksempel at klasser på ungdomsskulen blir delt i to, seier Marken Seth.

Harald Nordang, leiar for aksjonsgruppa «Haram ut av Ålesund», seier han er spent på kva departementet no gjer.

– Når det går ein søknad om kommunedeling med grensejustering, så meiner eg at departementet får eit spinkelt grunnlag å gjere ei grensejustering på.

Harald Nordang i aksjonsgruppa Haram ut av Ålesund

OVERRASKA: Harald Nordang, leiar for aksjonsgruppa «Haram ut av Ålesund», seier han er overraska over at ikkje heile gamle Haram får gå ut av kommunen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vil ha deling etter dei gamle grensene

Haram blei tvangssamanslått med Ålesund. Det vedtok Stortinget med eit knapt fleirtal. Protestane var mange og høglydte, men dei blei ikkje høyrt.

Økonomiske problem, nedbemanning og kutt i storkommunen Ålesund har skapt misnøye. Det er noko av bakgrunnen for at det blei fremja eit krav om ei folkeavrøysting for lausriving frå Ålesund.

Torsdagens møte varte i over fem timar og det blei ein debatt med svært ulike meiningar. Politikarane som argumenterte mot ei frådeling meinte storkommunen Ålesund ikkje hadde fått nok tid. Dei peika også på den økonomiske risikoen ei slik skilsmisse kan føre til.

Vebjørn Krogsæter (Sp), varaordførar i Ålesund

Vebjørn Krogsæter (Sp), varaordførar i Ålesund, seier dei vil jobbe inn mot kommunalministeren.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Vebjørn Krogsæter (Sp), varaordførar i Ålesund, seier han er usikker på om departementet vil godta søknaden om frådeling av berre delar av gamle Haram. Han seier at Senterpartiet no vil legge press på kommunalministeren.

– Eg synest dette var eit dårleg resultat. Vi meiner at ei deling skal vere etter dei gamle kommunegrensene.

Mellom anna peiker Senterpartiet på at konsekvensane av ei grensejustering, der to krinsar får bli igjen i Ålesund, ikkje er greidd ut.

Forsvarar justeringa

Hans Kjetil Knutsen frå Ålesundlista forsvarar derimot grensejusteringa.

Hans Kjetil Knutsen, Ålesundlista, Ålesund Kommunestyre

Hans Kjetil Knutsen frå Ålesundlista meiner dette var rett måte å dele Haram på.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Eg meiner at dette er den rette måten å dele Ålesund på. Vi har hatt dårleg tid, og dette skaper meir arbeid. Likevel meiner eg det er rett at delane av Ålesund kommune som her får høve til å gå ut, er der folkekravet har vore størst, seier han.

Gruppeleiar i Høgre, Monica Molvær (H), synest vedtaket er trist for heile kommunen.

– Vi hadde håpt at Ålesund skulle bli ein slagkraftig kommune på Nordvestlandet. Dette var den største kommunesamanslåinga i Noreg. No blir det dessverre smuldra opp.

Både ho og Sindre Nakken (Ap) meinte det hadde vore best for regionen at Haram heldt fram som ein del av Ålesund. Begge var svært kritisk til debatten som dei meiner har vore polariserande med stygge personangrep.

– Eg håpar at såra vil gro, og at vi kan leve side om side i framtida, sa Molvær før møtet.

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund

UT AV HARAM: Mange hadde møtt opp utanfor rådhuset i Ålesund før kommunestyremøtet.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK