Hopp til innhold

Time heidrar drepne og fengsla journalistar

Fire journalistar og ei avis er kåra til «Årets person» av Time. Magasinet seier dei representerer ein kamp som blir kjempa av mange rundt om i verda.

Jamal Khashoggi

Drapet på Jamal Khashoggi har fått mykje merksemd denne hausten. No er han ein av fire som får tittelen «Årets person» av Time

Foto: Hasan Jamali / AP

Journalistane som er kåra til «Årets person 2018» av Time er enten fengsla, eller har måtte bøte med livet på grunn av arbeidet dei har gjort. Dei som blir heidra er Jamal Khashoggi, Maria Ressa, Wa Lone og Kyaw Soe Oo og redaksjonen til Captial Gazette i Annapolis i den amerikanske delstaten Maryland.

Sjefredaktør Edward Felsenthal i Time skriv i ein kronikk at dei utvalde representerer noko større enn dei sjølve.

– Dei representerer ein større kamp som blir kjempa av tallause over heile verda. Dette er personar som risikerer alt for å fortelje vår tids historie. Hittil i 2018 er minst 52 journalistar drepne.

Tok livet av regimekritikar

Time årets person 2018

Time har laga fire ulike framsider av magasinet i samband med kåringa i år.

Foto: MOISES SAMAN / AFP

Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi er kanskje han som har fått mest merksemd av dei som blir heidra. I oktober blei han drepen i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul. Han var kjent for å vere kritisk til den saudiarabiske kronprinsen og krigføringa i Jemen. I frykt for å bli arrestert i heimlandet, flytta Khashoggi til USA i 2017, der han blant anna skreiv for Washington Post.

Saudi-Arabia nekta først for å ha noko med drapet å gjere, men vedgjekk seinare at journalisten var drepen i konsulatet, men sa det skjedde etter eit slagsmål. Men både CIA, Tyrkia og påtalemakta i Saudi-Arabia meiner det dreidde seg om eit planlagt drap.

Fengsla journalistar

I desember i fjor blei Reuters-journalistane Wa Lone og Kyaw Soe Oo fengsla i Myanmar. I september i år blei dei dømt til sju år i fengsel for å ha lekka hemmelege dokument. Journalistane var i landet for å skrive ei sak om forfølginga av den muslimske rohingya-minoriteten.

Halvanna veke etter dommen, vedgjekk Myanmars leiar Aung San Suu Kyi at dei kunne ha handtert rohingya-krisen betre.

Kyaw Soe Oo (t.v.) og Wa Lone

Reuters-journalistane Kyaw Soe Oo (t.v.) og Wa Lone er dømde til sju år i fengsel etter ein reportasjetur til Myanmar. Dei var i landet for å lage ei sak om forfølginga av den muslimske rohingya-minoriteten.

Foto: Thein Zaw / AP

På Filippinane risikerer også Maria Ressa fengselsstraff på grunn av kritisk journalistikk. Ho er redaktør for nettavisa Rappler som har skrive fleire kritiske artiklar om den kontroversielle presidenten i landet, Rodrigo Duterte. Ifølgje tal frå Human Rights Watch er tusenvis av menneske avretta på Filippinane på grunn av politikken han fører.

I november blei nettavisa skulda for skattesvik. Desse skuldingane kan kome til å sende Ressa i fengsel i opp mot ti år, skriv Time.

Maria Ressa

Maria Ressa er redaktør for den filippinske nettavisa Rappler, som har skrive fleire kritiske artiklar om presidenten Rodrigo Duterte. No risikerer ho fleire år i fengsel og avisa kan bli stengt.

Foto: NOEL CELIS / AFP

Angrep på avis

I juni blei fem personar drepne då ein mann gjekk inn i redaksjonslokala til avisa The Capital Gazette i Annapolis i den amerikanske delstaten Maryland. Dette var det dødelegaste angrepet på journalistar i USA på fleire år. Politiet sa at angrepet var målretta.

Avisa heidra dei fem drepne med å kome med utgåve som vanleg dagen etter drapa. Men på debattsidene stod berre namna på dei drepne kollegaene saman med teksten:

«I morgon er denne sida tilbake som vanleg for å gi lesarane våre velinformerte meiningar om verda rundt dei, slik at dei kan bli betre borgarar».

Massakren gjorde USA til det fjerde farlegaste landet i verda for journalistar i 2018, skriv Time.

Capital Gazette

Ein mann skaut og drap fem tilsette i den amerikanske avisa Capital Gazette i sommar. Dette er det dødelegaste angrepet på journalistar i USA på fleire år.

Foto: Zach Gibson / AFP

Årviss tradisjon

Time har kåra «Årets person» kvart år sidan 1927. Det å få tittelen er ikkje alltid meint som heider eller ei ære, men skal vise kva person eller ide som, på godt eller vondt, har hatt størst innverknad på nyheitene i året som har gått.

I 2017 var det kvinnene som stod bak #metoo-bevegelsen som fekk tittelen, medan det året før var Donald Trump.

Franklin D. Roosevelt

Franklin D. Roosevelt blei kåra til årets person av Time heile tre gongar. Ingen andre har fått tittelen så mange gongar, men fleire har fått han to.

Foto: AP/NTB Scanpix

Blant dei andre som er kåra til årets person av Time finn vi namn som Adolf Hitler, dronning Elizabeth og planeten Jorda.

Franklin D. Roosevelt har fått tittelen tre gongar, medan Josef Stalin, Richard Nixon, Bill Clinton og Barack Obama er blant dei som har blitt kåra til årets person to gongar av Time.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters