Hopp til innhold

Dette er dei seks nominerte til «Lytternes romanpris» 2022

Her er bøkene du kan følge fram til kåringa av lyttarane sin romanpris, den einaste prisen der juryen er handplukka ikkje-profesjonelle lesarar.

Leander Djønne, Lars Elling, Ida Hegazi Høyer, Trude Marstein, 
Zeshan Shakar, Peter Strassegger

NOMINERTE: Ida Hegazi Høyer, Trude Marstein, Lars Elling, Peter Strassegger, Leander Djønne, Zeshan Shakar

Foto: BAARD HENRIKSEN, SVEIN FINNEIDE, JULIE PIKE, ERIKA HEBBERT, ROLF M. AAGAARD, Maja Hattvang

Kvart år arrangerer NRK sin eigen litteraturpris, og no er dei seks nominerte romanane klare frå fagjuryen si side.

Prisen har i år fått nytt namn. Det som tidlegare heitte «P2-lytternes romanpris» heiter no «Lytternes romanpris».

Ein handplukka jury på seks vanlege lesarar skal no lese alle bøkene. Når dei har lese ferdig, skal lyttarjuryen i studio på NRK for å diskutere for open mikrofon og kjempe for sine favorittar.

Berre éin roman kan vinne prisen.

Frå 13. mars er det sending kvar dag frå kl. 13:00 på P2 og i NRK Radio-appen. Finaleavstemminga vert sendt direkte frå Store studio laurdag 18. mars kl. 13–14.

Dei nominerte romanane er plukka ut av fagjuryen i NRKs litteraturredaksjon, her presentert i alfabetisk rekkefølge.

«Oskespiralen» av Leander Djønne

Omslag på bok 'Oskespiralen' og forfatter Leander Djønne
Foto: Baard Henriksen og Oktober forlag

I «Oskespiralen» er det hemn det handlar om, sjølv om også tilgiving er oppe til diskusjon.

To brør er på veg heim til garden der dei vaks opp. Faren er der framleis, men kva var det eigentleg som hende med mora?

Les heile meldinga: «Beksvart Hardanger-brygg hugget i stein»

«Fyrstene av Finntjern» av Lars Elling

Lars Elling og bokomslaget til Fyrstene av Finntjern
Foto: Forlaget Oktober og Baard Henriksen

Ved inngangen til den første verdskrigen følgjer vi to brør på stadige ferder ut i Oslo-marka, der noko skjer som gjer at det blir livsvarig ufred mellom dei.

Lars Elling teiknar eit bilete av fleire generasjonar og spenner opp eit stort, historisk lerret med handling som strekk seg fram til vår tid.

Les heile meldinga: «Et kunstferdig portrett av et Oslo av i går»

«Kirurgen» av Ida Hegazi Høyer

Bokomslaget til Kirurgen og portrettbilde av Ida Hegazi Høyer
Foto: Tiden forlag og Svein Finneide

Henrik Wold er ein kirurg som ikkje berre turnerer skarpe knivar, han har også spisse olbogar og er på veg oppover i hierarkiet på universitetssjukehuset der han arbeider. Den suverene alfahannen har full kontroll både på jobb og i privatlivet.

Det kan ikkje vare. Spørsmålet blir kva det er som feller han, og kor djupt fallet blir.

«Under press rivnar moralen som ein dårleg sydd sutur», skriv Marta Norheim i meldinga si.

Les heile meldinga: «Stygt fall i vakker prosa»

«Egne barn» av Trude Marstein

Kombinasjon Trude Marstein 'Egne barn' og forfatterportrett
Foto: Julie Pike / Gyldendal

Romanen er lagt til ei dugnadshelg på eit torp i Sverige. Paret som kjøpte sommaridyllen er skilt, men møter opp med nye kjærastar og diverse heil- og halvsøsken.

Marta Norheim skriv i meldinga si at vi her skal heilt inn til den staden der biologien gnurar mot dei sosiale normene. Dugnadshelga blir ein trykkokar der kjensler og replikkar må setjast lok på.

Les heile meldinga: «Nådelaust og suverent familiedrama»

«De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar

Bokomslaget til De kaller meg ulven og portrettbilde av Zeshan Shakar
Foto: Erika Hebbert/Gyldendal

Korleis gjekk det med dei unge mennene som kom frå Pakistan for å jobbe i Noreg tidleg på syttitalet?

I «De kaller meg ulven» fortel Zeshan Shakar om korleis det gjekk med ein av dei. Han gifta seg med ei norsk dame med røter frå Nord-Norge. Mot slutten av livet vil han heim att til Lahore, og sonen kjem på vitjing for å hjelpe han med pakkinga.

Les heile meldinga: «En litterær bypassoperasjon»

«Om stein og jord» av Peter Strassegger

Bildekombinasjon av forfatter Peter Franziskus Strassegger og omslaget til hans bok Om stein og jord.
Foto: Maja Hattvang/Cappelen Damm

Forfattaren vaks opp med ein morfar som verva seg til SS-soldat i 1942 og var med då tyske troppar kringsette Leningrad. Eit 50 sider langt «skriftemål» morfaren skreiv i alderdommen, inspirerer forfattaren til dyst.

Det står i alle fall å lese i romanen der roman-Peter går den gamle etter i saumane.

Marta Norheim skriv i meldinga si at «Mange av sitata i skrivet er tilforlatelege. Dei blir skremmande når ein tenkjer over kva som ikkje står der.»

Les heile meldinga: «Sterk roman om frontkjemparen som ikkje ville sjå»

Les om fjorårsvinnaren: – Frykta boka skulle få juling

Brynjulf Jung Tjønn er vinnaren av årets romanpris. Her under prisutdelinga, der forfattaren fekk prisen overrekka av kulturminister Anette Trettebergstuen.

Kriteria for å kunne bli nominert er at romanen må ha komme ut inneverande år, og at det har gått fem år sidan forfattaren sist var nominert. Prisen er eit grafisk trykk, intervju og feiring sendt på P2.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.