Hopp til innhold
Anmeldelse

Sterk roman om frontkjemparen som ikkje ville sjå

Det er alt det forfattaren ikkje får til å henge saman som gjer sterkast inntrykk i romanen «Om stein og jord».

Bildekombinasjon av forfatter Peter Franziskus Strassegger og omslaget til hans bok Om stein og jord.

STERKE SAKER: Historia om morfaren som var frontkjempar er sterk i seg sjølv. At romanen vaklar under forsøket på å forstå, gjev romanen ein ekstra dimensjon.

Foto: Maja Hattvang/Cappelen Damm
Bok

«Om stein og jord»

Peter F. Strassegger

Skjønnlitteratur

2022

Cappelen Damm

Morfaren til Peter F. Strassegger verva seg til SS-soldat i 1942, og var med då tyske soldatar kringsette Leningrad. Etter å ha kome over eit 50 sider langt, maskinskrive «skriftemål» morfaren skreiv i alderdommen, set forfattaren seg føre å skrive om dette i romanen «Om stein og jord».

Kvifor? Av fleire grunnar. Han vil prøve å forstå kva som fekk den gamle til å gjere eit slikt val, og han vil gje nyansar til historia om frontkjemparane. Var bestefar, som i romanen får namnet Stein, ein mann av vond vilje? Eller var han kanskje heller ein idealist som like gjerne kunne blitt motstandsmann som broren Georg?

Etter kvart, og særleg etter å ha gått opp spora til den gamle i Russland, blir det meir presserande å ta inn over seg historia til offera. Og det blir viktig å finne ut kva for ansvar som ligg på han sjølv, som etterkommar.

Spenninga mellom å leve seg inn i mennesket Stein og samstundes forakte SS-soldaten Stein, aukar stadig. Prosjektet strandar i Russland, der han kryssar den gamle frontlinja og kjem inn i områda SS-soldatane aldri nådde fram til. Og det strandar i møte med samtidige skildringar frå folk som måtte uthalde umenneskelege forhold inne i byen.

Det ligg eit emosjonelt trykk i dette mislykka prosjektet som gjer romanen til eit viktig stykke litteratur.

Les også Ni bøker vi gleder oss til å lese denne våren

Bokomslag på diverse bøker

Forsvarsskrift med skumle hol

«Om stein og jord» er dels ein roman der Strassegger lever seg inn i livet til Stein frå barndommen på Bryne og til bitre alders år på same stad. Parallelt går eit reflekterande spor der barnebarnet Peter, som eg går ut frå har mykje felles med forfattaren Peter Strassegger, reflekterer over sitt eige prosjekt og ikkje minst over «skriftemålet» til morfaren.

Eg skriv skriftemål i hermeteikn, ettersom det tidleg kjem fram at vi ikkje har å gjere med ein mann som vil sanne syndene, gjere bot og be om tilgjeving frå Gud eller menneske; her møter vi tvert om ein mann som prøver å forsvare seg.

Barnebarnet på si side finn stadig hol i teksten. Offera er ikkje til stades i det heile. Om ein jødisk familie i nabolaget skriv han at dei «budde på Bryne ei tid». Barnebarnet finn med eit par tastetrykk ut at dei fleste av familiemedlemmene døydde i masseutryddinga av jødane, ei masseutrydding bestefar tillèt seg å tvile på.

Mange av sitata frå skrivet er tilforlatelege. Dei blir skremmande når ein tenkjer over kva som ikkje står der.

Kan barndommen frikjenne den vaksne mannen?

Men her finst andre valørar. Morfaren opnar historia om barndommen slik: «Mor mi døde då eg var 4 år gamal.» Like etter døydde den høgt elska søstera i ei meiningslaus ulykke. Historia om Stein og veslebroren Georg er gripande skildra av Strassegger. Her er han på kjent grunn, i romanane «Stasia» og «Slutten på flagget vårt» viser den psykologutdanna forfattaren at han har eit eige blikk for barn som ikkje blir tekne vare på.

I denne boka er det likevel annleis: Ettersom vi veit at dette barnet skal bli nazist, vil ein leite etter spor i tidlege år. Det er ikkje lett å finne. Tvert om verkar det nokså tilfeldig at Stein hamna i NSUF, ungdomsorganisasjonen til NS, som fjortenåring.

Denne medlemskapen førte til at faren kasta han ut heimanfrå. Og nett denne episoden viser seg å vere sentral, ettersom han dukkar opp att mot slutten av romanen som ei slags forklaring. I Leningrad, som no heiter St. Petersburg, tenkjer forfattaren «At et barn aldri skal utstøtes fra sin familie.»

Det er interessant.

Her blandar psykologen seg inn og meiner at barn ikkje skal støytast ut av familien sin, og at morfaren hadde stått seg på å snakke med andre om krigen i alderdommen.

Vidare uttrykkjer han eit håp om at morfaren ikkje visste kva han var med på, før han eit par sider seinare kjem til motsett konklusjon utan å ha brakt inn nye moment.

Styrken ligg i at forklaringane kjem til kort

På dei siste sidene spriker prosjektet til forfattaren ganske kraftig: Forfattaren kastar ei heil rekkje med ulike moment opp i bøtta og rører rundt utan å kome med avklaringar. Romanen som skulle løfte fram morfaren og hate nazisten, greier ikkje det.

Mannen som sutra over feltrasjonane mens folka inne i byen svalt i hel, mannen som prøvde å kjøpe seg sex med ei ung kvinne for eit par brødstykke, han var ikkje ein idealist som snubla inn i nazismen. Han var ein mann som var blind for dei andre, offera.

Ein kunne ha sett for seg ein forsonande slutt, der forfattaren forsvarer den morlause morfaren som blei kasta ut av faderhuset, og som seinare søkte andre tilknytingar og vart ein idealistisk frontkjempar som aldri forstod kva han var med på. Begge deler ligg i teksten.

Men ei slik forklaring famnar ikkje det heile. Morfar hadde sider som ikkje passar inn i ei slik historie. Det er forfattaren, barnebarnet, som ser offera. Så blir det hans oppgåve å bere det perspektivet vidare. Håpet ligg i at framtidige generasjonar ser det morfaren ikkje såg. Eg er usikker på om denne kollapsen på slutten er intendert eller ei, uansett er samanbrotet i forklaringa eit løft for romanen.

At prosjektet strandar, viser at dette er alvor. Estetiske krav om ein avklart slutt må vike for det uhyrlege, det som ikkje let seg bortforklare. Nett der ligg styrken i romanen «Om stein og jord».

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: