Hopp til innhold

Vann P2-lyttaranes romanpris: – Frykta boka skulle få juling

«Kvar dag skal vi vere så modige» av Brynjulf Jung Tjønn er kåra til den beste romanen gitt ut i fjor.

Brynjulf Jung Tjønn er vinnaren av årets romanpris. Her under prisutdelinga, der forfattaren fekk prisen overrekka av kulturminister Anette Trettebergstuen.

Brynjulf Jung Tjønn er vinnaren av årets romanpris. Her under prisutdelinga, der forfattaren fekk prisen overrakt av Anette Trettebergstuen. – Dette er Noregs viktigaste litteraturpris, sa kulturministeren.

Foto: Nima Taheri / NRK

Den såre historia om ein gut som må klare seg mykje åleine når mora slit med psykisk sjukdom, trefte jurymedlemmene rett i hjartet.

Ein fagjury nominerte først seks norske romanar gitt ut i 2021. Deretter blei finalistane dømt av ein jury beståande av leseglade P2-lyttarar som har diskutert for open mikrofon.

Bokomslag "Kvar dag skal vi vere så modige" av Brynjulf Jung Tjønn

Boka «Kvar dag skal vi vere så modige» imponerte juryen med sitt nære portrett av guten Isak, som bur ålene med si sjuke mor som er avhengig av han.

Det var tett løp i lyttarjuryen heilt fram til finaleavstemminga. Til slutt fall valet på den 176-sider lange romanen til Jung Tjønn.

Eit stort privilegium

– Eg har i mange år vore misunneleg på andre forfattarar som har blitt nominert til P2-lyttaranes romanpris. Det å få diskutert bøkene sine på radio av ein lyttarjury er eit stort privilegium.

Forfattaren fortel at det nesten ikkje var til å tru at han hadde blitt nominert.

– Eg har sett veldig fram til dette, samtidig som eg også frykta for å få litt juling. For meg som forfattar er dette ein av dei aller viktigaste prisane, seier han.

41-åringen vaks opp i bygda Feios i Sogn og Fjordane, er adoptert frå Sør-Korea og kom til Noreg som 3-åring. Han fortel at han alltid har denne erfaringa med seg når han skriv om barn som veks opp litt annleis enn andre.

I denne boka ville han forsøkje å skildre korleis det kan vere for eit barn å måtte klare seg sjølv.

Ein roman som ladar opp spenning

Om vinnarboka seier juryen at den vonde historia om Isak treffer fordi den er fortald på ein truverdig måte som samtidig gjev ei kjensle av håp.

Forfattaren si evne til å halde tilbake informasjon og å skape spenning i ei enkel forteljing med få personar, er noko juryen har lagt spesielt mykje vekt på i diskusjonane.

Hovudpersonen i romanen må halde seg heime frå skulen når mora ber han om det, og er flink til å kamuflere utfordringane på heimebane.

Det er eigentleg ingen i bygdesamfunnet dei bur i som veit kor dårleg det står til heime hos han.

Årets jury for P2-lyttarens romanpris. Frå venstre: Martin Blindheim, Robert Bykvist, Anett Mykleby, Linda Nilsen og Magnus Selsås Fjogstad.

Årets jury for P2-lyttaranes romanpris. Frå venstre: Martin Blindheim, Robert Bykvist, Anett Mykleby, Linda Nilsen og Magnus Selsås Fjogstad.

Foto: Xin Li / NRK

Då eit nytt par flytter inn på nabogarden får han ei oppmerksemd han ikkje er van med – men som romanprisjuryen peiker på, er me som lesarar ikkje heilt sikre på om naboane har gode hensikter når dei inviterer guten inn til seg.

– Når eg skriv veit eg ikkje alltid korleis det ender, og eg blei uroleg sjølv for korleis det skulle gå med Isak. Men eg vil heller ikkje at det skal bli alt for mørkt, og ville også vise at det er utruleg kor godt barn kan klare seg, seier Jung Tjønn.

Boka «Kvar dag skal vi vere så modige» råka juryen sterkt, fordi den handlar om det utsette barnet som ikkje får den omsorga det treng.

Spenninga som Tjønn lader opp til, i ein elles enkel og kort roman, var eit av dei viktigaste punkta for kvifor akkurat denne romanen enda opp med å nå heilt til topps hos juryen.

Første «vaksenbok»-pris

Brynjulf Jung Tjønn har tidlegare vunne Brageprisen for ungdomsromanen «Så vakker du er» (2013) og har vore nominert til fleire prisar for sine barne- og ungdomsbøker.

Han fortel at det er første gong ei av vaksenbøkene hans er nominert til ein pris.

– Det at eg i tillegg vinn, betyr svært mykje. «Kvar dag skal vi vere så modige» fekk berre tre bokmeldingar. Så det å vinne denne prisen betyr jo alt for denne boka, som elles kanskje ville blitt heilt gløymd. Det gjev meg inspirasjon og tru på at det eg skriv faktisk kan nå ut og bety noko for lesarane, seier Tjønn.

Svolten på meir kulturstoff? Les fleire saker frå NRK Kultur her:

Kulturstrøm

  • Tidligere Kiss-gitarist i respirator

    Ace Frehley ligger i respirator etter hjerneblødning, melder nettstedet TMZ.

    Ifølge kildene har 74 år gamle Frehley fått en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden, skriver nettstedet. Fallet førte også til at han innstilte en planlagt turné.

    Kiss ble dannet i 1973, og er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer. Bandet fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    en mann som holder en pistol
    Foto: CARLO ALLEGRI / Reuters / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska

  • Hederspris til P4-profil

    Bjørn Faarlund (61) er tildelt Prix Norges hederspris for 2025. Det er den høyeste utmerkelsen i norsk radio- og podkastbransje.

    Faarlund har vært programleder for P4s Radiofrokost i 25 år, og var før det en profilert nærradiostjerne i Radio 1 Oslo.

    – Årets hederspris går til en programleder som har vært en fast følgesvenn for det norske folk gjennom flere tiår - en ekte venn i øret, skriver juryen i sin begrunnelse.

    Prisen ble delt ut under åpningen av bransjekonferansen Lyddager.