Hopp til innhold

Barnebøker er rive ut av hyllene før sommaren

Lesetrend blant dei yngre tek av i Rogaland. No håpar regjeringa at fleire born og unge får kjensla av leseglede.

Det er få barnebøker igjen i hyllene ved folkebiblioteket i Haugesund.

Det er få barnebøker igjen i hyllene ved folkebiblioteket i Haugesund.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Det var nærmast tomt for barnebøker i hyllene ved Haugesund folkebibliotek i Rogaland etter at den nasjonale lesekampanjen Sommerles starta 1. juni.

Ei av dei som var å sjå ved Haugesund folkebibliotek, var Emilie Vrålstad Hågenvik.

Ho meiner at lesing bidrar til mykje læring.

Emilie Vrålstad Hågenvik og venninnen er glade i å lese.

Emilie Vrålstad Hågenvik (til venstre) og venninna er glade i å lese.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eg les no bøkene «Musse og Helium» og «Harry Potter». Tidlegare las eg «Charlie og sjokoladefabrikken», men eg er ferdig med den no, seier ho.

For å fylle opp hyllene igjen, kjøpte folkebiblioteket inn om lag 300 bøker for dei yngste lesarane.

Men det tok ikkje lang tid før også dei nye bøkene var ute av hyllene.

Biblioteksjef ved Haugesund folkebibliotek, Siri Vikse, meiner det er eit resultat av ei satsing dei har på formidling retta mot barn og unge.

Stor utvikling i både besøk og utlån

– Sommerles har eksistert i mange år, men det er først no vi har sett ei enorm positiv utvikling i både besøk og utlån, seier biblioteksjefen.

Biblioteksjef Siri Vikse

Biblioteksjef Siri Vikse er optimistisk for årets Sommerles.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

I fjor toppa Rogaland fylkesstatistikken med ei oppslutning på 44,6 prosent registrerte i lesekampanjen. Vikse meiner tala vil auke i år.

– Dette viser at om du gir born moglegheita til å lese, så vil dei ta den. Så det er opp til oss vaksne, seier ho.

Meir lystprega

Trude Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.

Trude Hoel

Trude Hoel er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Odin Omland / NRK

Ho meiner Sommerles er med på å styrke leseinteressa og leseferdigheitene blant born.

– Fritidslesing er annleis enn lesinga som føregår i klasserommet. Det er ikkje dei faste rammene, og fritidslesinga er meir lystprega for mange, seier Hoel.

Ny nasjonal leselyststrategi

Norske elevar les mindre og har lågast leseglede av alle 65 land i den nasjonale leseundersøkinga PIRLS. Regjeringa lanserte nyleg ein nasjonal leselyststrategi «Sammen for lesing» som skal snu den negative trenden.

– Lesing er viktig for oss i kvardagen, og for deltakinga i samfunnet og for demokratiet vårt. Vi må gje fleire kjensla av leseglede, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) i ei pressemelding.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery da de lanserte leselyststrategien på Lillehammer 29. mai 2024.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) oppfordrar barn og unge til å bruke ferien til lesing.

Foto: Kunnskapsdepartementet

– Eg håpar at born og unge kan logge av og bruke litt tid i sommar på å setje seg ned med ei god bok. Det gjeld òg foreldre. Skal born og unge bli glade i å lese må vi vere gode førebilete og inspirere borna til å lese, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Sommerles er ein årleg kampanje for born i 1.- 7. trinn med mål om å motivere til å lese mest mogleg i løpet av sommarferien. Kampanjen er ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av biblioteka i Noreg og varer til 31. august.