Det vakte sterke reaksjonar då forskar Gunhild Alvik Nyborg stilte i «Debatten» 17. mars, ei knapp veke etter at styresmaktene hadde sett inn dei mest inngripande tiltaka i Noreg i fredstid.
Nyborg sa at styresmaktene ikkje hadde kontroll på situasjonen, og tok til orde for full isolasjon. Mange reagerte på at ho snakka om pest, krig og samfunnskollaps, og meinte ho spreidde frykt. Det førte også til mange klager til Kringkastingsrådet, som behandla saka i dag.
Rådsmedlem og ansvarleg redaktør i den kristne avisa Dagen, Vebjørn Selbekk, meinte Nyborg var feil kjelde, og fekk snakke for lenge uimotsagt.
– Eg er framleis opprørt etter å ha sett programmet. Dette var dommedagsprofetiar, og eg veit litt av kvart om dommedag. Dette innslaget kunne ført til panikk og hamstring blant folk. Heldigvis ser vi ettertid at ho tok feil, sa han.
Vebjørn Selbekk meiner «Debatten» bidrog til frykt og spreiing av dommedagsprofetiar då Gunhild Alvik Nyborg fekk sleppe til med sin kritikk av styresmaktenes handtering av koronakrisa. Her er Selbekk på eit møte i Kringkastingsrådet i fjor.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpixSelbekk får støtte frå Trude Drevland, som beklaga at ho sat framfor skjermen då programmet blei sendt.
– Vi er i ein heilt spesiell situasjon der eg meiner det er NRK si plikt å gi oss balansert informasjon. Dette var langt frå balansert, sa ho på det digitale rådsmøtet.
Ei stemme i ytterpunktet
Direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet og overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet var også med i programmet, men på linje. Dei fekk også først ordet mot slutten av sendinga.
Rådsmedlem Bushra Ishaq, som sjølv er lege, meinte programmet kunne ha vore til skade for enkelte sjåarar.
– Det var ein ubalanse i taletid som gjorde at sendinga kan ha vore til skade for enkeltindivid. Det kan ha skapt frykt.
Samtidig meiner ho det var rett å bruke Nyborg, som ho meiner representerte eit syn som finst både blant folk og i enkelte legekrinsar.
– Ho representerer eit ytterpunkt, men ho seier ting som også mange andre legar også meiner, og som dei ytrar på lukka grupper på sosiale medium. Det er viktig med meiningsmangfald, men det må vere balanse.
- Les:
Akhtar Chaudhry åtvara mot å utelate stemmer som representerer ytterpunkta i debatten. Han meiner det var rett av NRK å la Nyborg få sleppe til.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixOg det at ho representerer eit ytterpunkt i debatten, gjorde det ekstra viktig at ho fekk sleppe til, sa Akhtar Chaudhry.
– I eit demokrati er det viktig å også sleppe til dei avvikande stemmene. Makta var godt representert i programmet, og hadde moglegheita til å komme til orde. Eg meiner det var heilt rett av NRK å sleppe henne til.
NRKs rolle
Programredaktør i NRK, Knut Magnus Berge, forsvarte både etter programmet i mars og i Kringkastingsrådet onsdag valet av Nyborg som kjelde. Men han sa at fordelinga av taletid kunne ha vore betre.
– Vi må kunne sleppe til alternative stemmer for å få fram dei ulike syna som finst der ute. Men eg ser at Nyborg burde ha fått motstand tidlegare. Ho snakka for lenge før dei andre fekk komme til orde.
- Les:
- Les:
Nestleiar i Kringkastingsrådet, Torgeir Udberg Nærland, meiner programmet viser motsetningane i allmennkringkastaroppdraget til NRK.
– NRK skal på den eine sida bidra til at informasjon frå styresmaktene kjem ut til folket, samtidig som dei skal drive kritisk journalistikk mot dei same styresmaktene. NRK har i denne saka vist at dei ikkje er noko mikrofonstativ for styresmaktene, og det er bra, sa Nærland.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen sa også at det var viktig å sleppe til dei alternative kjeldene. Samtidig meiner han det ikkje er noko motsetning mellom det å vere kanal for styresmaktene, samtidig som ein skal drive med kritisk journalistikk.
– Eg trur at det at folk ser at vi klarer å balansere dei ulike oppgåvene, er med på å auke tilliten blant folk.
Lovar MGP-betring
Etter stemmekaoset under finalen i MGP tidlegare i år, kom det inn nesten 1000 klager til Kringkastingsrådet. Mange kjente seg snytte etter at stemmesystemet braut saman under finalen, og ein måtte bruke ei naudløysing med ein samansett jury med 30 personar som valde ut kva fire bidrag som skulle gå vidare til neste runde.
NRK har tidlegare forklart at systemet har vore prøvd ut saman med SMS-stemmer tidlegare, men at belastninga blei for stor under finalen.
Ulrikke Brandstorp gjekk til topps i årets Melodi Grand Prix, men i ettertid vil mange hugse finalen for stemmekaoset i finalen. Brandstorp får heller ikkje reist til Nederland for å representere Noreg, etter at Eurovision Song Contest blei avlyst på grunn av koronapandemien.
Foto: Julie Maria Nagelstad / NRKMen rådsmedlem Trude Drevland meiner hendinga har gått på truverdet laus for NRK.
– Dette er eit program som engasjerer breitt på tvers av generasjonar. Då er det veldig leitt når noko slikt skjer. Og eg meiner at måten det skjedde på, og måten NRK møtte kritikken i dagane etter finalen, er med på å svekke truverdet til kringkastaren.
- Les:
- Les:
Redaksjonssjef Eirik Sandberg Ingstad i NRK Underholdning, understreka at juryen som blei brukt under finalen var ei kriseløysing, og at NRK er sikre på at Ulrikke Brandstorp hadde stått igjen som vinnar uansett om folkejuryen hadde blitt brukt eller ikkje.
Samtidig sa han at det no blir arbeidd med nye løysingar før neste års arrangement.
– Vi ser blant anna på størrelsen av folkejuryen, korleis dei blir valde ut og om det er mogleg å hente inn stemmer basert på live-framføringar. Men vi lovar at ting skal bli betre i 2021, sa han.