Hopp til innhold

Artistane er rasande etter stemmekaos i MGP

Fleire av artistane er rasande etter at det blei brukt ein reservejury for å avgjere kven som skulle gå vidare i MGP. Storfavoritten Rein Alexander seier han meiner han blei teken frå ei moglegheit då stemmesystemet braut saman.

Laurdag gjekk Ulrikke Brandstorp til topps i Melodi Grand Prix, i finalen som var tenkt å skulle bli tidenes MGP-finale for å markere at det er 60 år sidan den første norske finalen. Men det skjedde ikkje utan dramatikk.

Då stemmesystemet braut saman under direktesendinga, måtte NRK bruke ei naudløysing med ein folkejury som hadde stemt utan å ha sett live-showet.

Nokre av dei som var favorittar på førehand, rauk med det tidleg ut av konkurransen. Ein av dei var Rein Alexander, som synest situasjonen var surrealistisk

– Eg kjenner at eg blei frårøva ei moglegheit til å vinne. Eg tenkte at dei burde ha køyrt slik dei gjorde i gamle dagar at det var teknisk feil til dei hadde fått dette systemet til å fungere igjen.

Leitt at showet ikkje telte

Han har arbeidd eit halvt år med sceneshowet han viste fram under livesendinga. Han synest difor det er frykteleg leitt at det ikkje har hatt noko å seie når han måtte gå ut.

– Når eg har hatt denne «acten» med flammar, vikingar og dansarar, så gjer det veldig vondt fordi eg meiner sjølv at eg kunne ha velta logikken i at Ulrikke skulle ha sigla fram som den naturlege vinnaren.

Rein Alexander

Rein Alexander synest det er ille at alt arbeidet han hadde lagt ned i live-showet sitt under MGP-finalen, ikkje skulle få noko å seie.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Dagen etter konkurransen er det mange som har teke kontakt for å støtte den rutinerte artisten.

– Akkurat no kjenner eg at eg berre må vere takksam for det enorme engasjementet som har kome frå både inn- og utland. Det er så mange som tek kontakt for å seie at dei heia på meg. Eg kjenner eg blir rørt.

No meiner han det er viktig at folket no støtter opp om vinnaren.

– Ulrikke var ein verdig vinnar, og det er viktig at folk no støttar opp om henne. Ho song fantastisk med ei fantastisk låt. Ho må ikkje få øydelagt denne utrulege opplevinga.

Informerte artistane

Prosjektleiar for Melodi Grand Prix i NRK, Stig Karlsen, seier dei heile vegen har vore opne overfor artistane om at dette var måten ting kunne bli avgjort på.

– 10. januar informerte vi alle artistane om at det ville vere ein backup-jury. Der står det kva kriterium som låg til grunn for den juryen, og at den juryen vill bli brukt om det var ein ekstraordinær situasjon. Det fekk vi då vi fekk problem med stemmegjevinga frå ti til fire artistar. Frå fire artistar til to og i gullfinalen, var det folket som fekk stemme, seier han.

MGP-sjef Stig Karlsen møter pressa dagen etter stemmerot under MGP-finalen.

Prosjektleiar for MGP, Stig Karlsen, seier artistane blei informert i januar om folkejuryen og kva kriterium dei skulle stemme etter.

Foto: Tore Meek / NTB Scanpix

Karlsen seier også at artistane visste at det var studioinnspelingane som ville telje dersom det var folkejuryen som blei brukt.

– Dette er Eurovision Song Contest, det er låtane som skal avgjere. Difor er reserveløysinga basert på studioinnspelingane, og alle låtane er vurdert likt på grunnlag av dette.

Han seier han forstår at mange av artistane er skuffa over at det ikkje var folket som stemte fram vinnaren heile vegen.

– Eg har vore i kontakt med fleire av artistane i dag, og har bede om at vi tek oss ein prat, seier Karlsen.

Rasande Tone

Tone Damli deltok sist for elleve år sidan, då ho blei nummer to etter Alexander Rybak. Ho skriv på Instagram søndag at ho er sint over måten avgjerdene blei tekne laurdag kveld.

– Eg er berre så steikandes forbanna på måten dette blei gjort på. Slik eg har forstått det er 30 personar som har bestemt utfallet av konkurransen, og dette før vi sto på scena i finalen. Det vil altså sei at det vi artistane presterte i finalen ikkje hadde ein skit å sei.

Ho etterlyser også NRK burde hatt ein betre og tydlegare plan b for eit så stort arrangement.

Manageren til Tone Damli, David Eriksen, seier det er frykteleg trist at dei ikkje fekk betalt for den innsatsen som blei lagt ned før finalen.

– Vi veit at alle ikkje kan vinne, at resultatet kan gå den eine eller andre vegen. Men når all jobb, alt som blir lagt inn i dette, har null å seie, er det utruleg trist.

Han meiner også at NRK burde hatt ei betre reserveløysing enn det som blei brukt.

– Juryen som har avgjort dette har høyrt på Spotify, og folk veit at Melodi Grand Prix ikkje er Spotify, det er show. Og det å ha det som ein plan b, var ei stor tabbe.

Har det vondt

Artisten Akuvi var den einaste som hadde bidrag med norsk tekst laurdag. Ho liker dårleg framgangsmåten som blei brukt for å avgjere kven som skulle gå vidare.

– Eg er djupt såra. Eg har jobba så hardt. Eg veit ikkje om folk skjønar kor mykje som skal til for å levere eit så sterkt fysisk nummer, og synge samtidig. Kvart einaste blikk, kvart einaste «move», kvar einaste strofe er planlagd nøye og jobba drithard med for at det skulle vere det som det var i går. Å vite at dette var forgjeves, gjer meg vondt.

Sondrey er ikkje overraska over at systemet braut saman under direktesendinga laurdag. Han deltok i den første delfinalen, og allereie då såg han at det var problem.

– Eg kjenner at eg er veldig skuffa. Eg trur vi kunne fått eit litt anna resultat i første runde.

Også han kjenner seg skuffa og sint med tanke på den første avstemminga baserte seg på det som blei gjort i studio.

– Det er heilt bak mål. Då kunne eg like gjerne ha vore heime og kost meg med japansk animerte filmar i staden for å stå her, etter å ha lagt ned mitt hardaste arbeid til no i karrieren.

Vil ha orsaking

Magnus Bokn hadde fått hjelp frå MGP-ringrevane Alexander Rybak og Joakim With Steen til å skrive bidraget han deltok med. Han seier stemninga blant artistane snudde raskt då det blei kjent at det var problem med stemmegivinga.

– Vi får brått melding om at stemmesystemet er nede, og at vi må på scena fordi no har ein jury bestemt. Vi blei heilt lamslåtte heile gjengen. Det er utruleg synd at dette skjer. Eg veit at NRK absolutt ikkje ville dette.

Han håper artistane får vite litt meir om kva som har skjedd.

– Eg håper vi får ei orsaking og litt meir innsikt i kva som har skjedd. Vi lurer litt på kva som eigentleg har skjedd og kva avgjerder som har teke.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.